66127_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/pii/maaned
66127
Liten auke i industriproduksjonen
statistikk
2012-03-07T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningjanuar 2012

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Liten auke i industriproduksjonen

Norsk industriproduksjon gjekk opp med 0,3 prosent frå november 2011 til og med januar 2012 samanlikna med tremånadersperioden før, viser sesongjusterte tal.

Trelast- og trevareindustrien hadde ein vekst på 5,2 prosent, medan produksjonen i metallvareindustrien auka med 1,7 prosent i perioden. I maskinindustri og bygging av skip og oljeplattformer var det ein auke med høvesvis 2,6 og 6,3 prosent.

Industri. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt 2001-2012

Sesongjusterte tal viser elles at produksjonen i næringsmiddelindustrien gjekk ned med 0,5 prosent frå november 2011 til og med januar 2012 samanlikna med den førre tremånadersperioden. Produksjonen i kjemiske råvarer hadde ein nedgang på 6,1 prosent, medan data- og elektrisk utstyrsindustri gjekk ned med 1,6 prosent.

Auke i produksjonen frå januar 2011 til januar 2012

Produksjonen i norsk industri gjekk opp med 1,7 prosent frå januar 2011 til januar i 2012, viser virkedagskorrigerte tal. Trelast- og trevareindustrien hadde ein auke på 11,3 prosent. Maskinindustri og bygging av skip og oljeplattformer hadde ein auke på høvesvis 11,8 og 12,4 prosent. Papir og papirvareindustri gjekk ned med 24,5 prosent, medan produksjonen i kjemiske råvarer og metallindustrien gjekk ned med 11,4 og 12,3 prosent i den same perioden.

Også auke frå desember 2011 til januar 2012

Norsk industriproduksjon gjekk opp med 1,1 prosent frå desember 2011 til januar 2012, viser sesongjusterte tal. Næringsmiddelindustri, trelast- og trevareindustri, kjemiske råvarer og metallindustri hadde vekst i produksjonen. I papir og papirvareindustri, bygging av skip og oljeplattformer og maskinreparasjon og installasjon var det ein nedgang i produksjonen i den same perioden.

Norsk industri samanlikna med eurosona

Norsk industriproduksjon gjekk opp 0,7 prosent frå desember 2010 til desember 2011, viser virkeagskorrigerte tal. Statistikk frå Eurostat viser at industriproduksjonen i land i eurosona gjekk ned med 0,2 prosent i same tidsrom.

Produksjonsindeksen for industrien. Januar 2012. Prosentvis endring
 
 Virkedagskorrigert 1Sesongjustert
 Januar2011-januar 2012November 2010-januar 2011-
november 2011-januar 2012
Desember 2011-januar 2012August 2011-oktober 2011-
november 2011-januar 2012
 
Totalindeksen3,0-1,04,5-0,3
     
Olje- og gassutvinning-2,0-4,63,0-0,8
Industri1,71,01,10,3
Kraftforsyning35,68,918,0-2,5
     
Etter varetype    
Innsatsvarer8,85,83,32,0
Investeringsvarer9,48,30,51,7
Konsumvarer-4,9-6,10,3-0,5
Energivarer-0,8-3,92,2-0,5
 
1  Korrigert for at ukedager har ulik arbeidsintensitet og for bevegelige helligdager.

Tolking av sesongjusterte tal

For å lette tolkinga av den kortsiktige utviklinga publiserer produksjonsindeksen tremånaders glidande gjennomsnitt av sesongjusterte tal. Vanlegvis samanliknar ein dei siste ikkje-overlappande tremånadersperiodane, for eksempel november 2011 til og med januar 2012 mot august til og med oktober 2011. Sesongjusterte endringar frå månad til månad må tolkast med varsemd.

Timeverk frå innleidde arbeidarar

Frå og med januar 2012 er også timeverk utførd av innleidde arbeidarar tekne med i berekninga av produksjonsindeksen for industrien.

 

Tabeller

Tabeller til publiseringen