91770_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/pii/maaned
91770
Aukande skilnadar i industrien
statistikk
2013-01-08T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningnovember 2012

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Aukande skilnadar i industrien

Norsk industriproduksjon gjekk ned med 0,5 prosent frå september til og med november 2012 samanlikna med tremånadersperioden før, viser sesongjusterte tal. Skilnadane mellom dei ulike næringane i industrien har auka.

Industri. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 2001-2012

Utvalde næringar. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt 2005-2012

Den rekordhøge aktiviteten i maskinindustri og bygging av skip og oljeplattformer har halde fram i denne perioden. Dette hang saman med den sterke veksten i olje- og gassinvesteringane over lang tid (sjå investeringsstatistikk olje og gass ). Produksjonen i papir- og papirvareindustri, kjemiske råvarer og i metallindustrien gjekk derimot klårt ned i den siste perioden. Ein svært svak internasjonal marknad og store lagre av ferdige produkt virka særskild inn på produksjonen i ikkje-jarnhaldige metall. Skilnadane mellom industri som er knytt til norsk og internasjonal olje- og gassverksemd og tradisjonell norsk eksportindustri har difor auka ytterlegare (sjå elles Konjunkturtendensane for Noreg og utlandet ). Det har elles vore ein nedgang i produksjonen i næringsmiddelindustrien og i trelast- og trevareindustrien frå september til og med november 2012 samanlikna med månadene før, viser sesongjusterte tal.

Frå november 2011 til november 2012

Produksjonen i norsk industri gjekk opp 2,4 prosent frå november 2011 til november 2012, viser virkedagskorrigerte tal. Det var ein markert vekst i maskinindustri og i bygging av skip og oljeplattformer, medan produksjonen gjekk ned i næringar som kjemiske råvarer og i metallindustrien.

Produksjonsindeksen for eurosona og Noreg. Sesongjusterte tal 2005-2012. 2005=100

Frå oktober til november 2012

Det var ein nedgang på 0,1 prosent i norsk industriproduksjon frå oktober til november 2012, viser sesongjusterte tal. Veksten innanfor maskinindustri og bygging av skip og oljeplattformer har halde fram, medan det var ein klår nedgang i produksjonen i kjemiske råvarer og i metallindustrien.

Norsk industri samanlikna med eurosona

Norsk industriproduksjon auka med 2,7 prosent frå oktober 2011 til oktober 2012, viser virkedagskorrigerte tal. Statistikk frå Eurostat viser at industriproduksjonen i land i eurosona gjekk ned 3,8 prosent i same tidsrom.

Produksjonsindeksen for industrien. November 2012. Prosentvis endring
 
 Virkedagskorrigert 1Sesongjustert
 November 2011-
november 2012
Januar 2011-november 2011-
januar 2012-november 2012
Oktober 2012-
november 2012
Juni 2012-august 2012-
september 2012-november 2012
 
Totalindeksen-3,53,1-3,6-4,9
     
Olje- og gassutvinning-7,8--5,9-7,1
Industri2,42,6-0,1-0,5
Kraftforsyning-5,516,1-2,8-7,2
     
Etter varetype    
Innsatsvarer-0,82,0-2,70,6
Investeringsvarer9,19,60,41,6
Konsumvarer5,01,61,5-2,4
Energivarer-9,10,6-4,6-8,2
 
1  Korrigert for at vekedager har ulik arbeidsintensitet og for offentlege fri- og heilagdagar i Noreg.

Tolking av sesongjusterte tal

For å lette tolkinga av den kortsiktige utviklinga publiserer produksjonsindeksen tremånaders glidande gjennomsnitt av sesongjusterte tal. Vanlegvis samanliknar ein dei siste ikkje-overlappande tremånadersperiodane, for eksempel september til og med november 2012, mot juni til og med august 2012. Sesongjusterte endringar frå månad til månad må tolkast med varsemd.

Timeverk frå innleidde arbeidarar

Frå og med januar 2012 er også timeverk utført av innleidde arbeidarar tekne med i berekninga av produksjonsindeksen for industrien. Slike tal er samla inn frå og med januar 2011. Når ein tek med desse timeverka vil det kunne føre til noko større kortsiktige svingingar for næringar som bruker stor grad av innleidde arbeidarar. Samtidig vil det gi eit meir korrekt bilde av den faktiske aktiviteten i næringar der produksjonsindeksen bruker timeverk som indikator. Innleidd arbeidskraft vil typisk kunne hentast inn på kort sikt for å ta unna oppdrag i periodar med høgkonjunktur, samtidig som denne type arbeidskraft raskt kan tas ut av verksemda i periodar med lågkonjunktur. Næringar som bygging av skip og oljeplattformer samt maskinreparasjon og installasjon bruker i stor grad innleidd arbeidskraft i periodar med høg aktivitet.

Nye prosjekt

Nye prosjekt i næringar med timeverk som indikator blir fanga opp kontinuerleg, dersom prosjektet blir gjennomførd av verksemder som er dekka av utvalet. Det er det totale talet timar som er utførd i teljingsmånaden som skal rapporterast, uavhengig av kva for prosjekt timane er knytte til.

 

Tabeller

Tabeller til publiseringen