Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Små endringar i industrien
Det var ein nedgang på 0,4 prosent i norsk industriproduksjon frå november 2012 til og med januar 2013, samanlikna med tremånadersperioden før, viser sesongjusterte tal. Samla gjekk produksjonsindeksen (PII) ned på grunn av lågare utvinning av råolje og naturgass i denne perioden.
Sesongjustert | Kalenderjustert1 | Vekter2 | ||
---|---|---|---|---|
Månadsendring | 3-månadsendring | 12-månadsendring | ||
Januar 2013 / Desember 2012 | November 2012 - Januar 2013 / August 2012 - Oktober 2012 | Januar 2013 / Januar 2012 | ||
1Korrigert for at vekedagar har ulik arbeidsintensitet og for offentlege fri- og heilagdagar i Noreg. | ||||
2Vektene oppdaterast årleg og gjeld for heile året. | ||||
Utvinning, bergverk, industri og kraft | -4,0 | -3,2 | -7,5 | 100,0 |
Utvinning og utvinningstjenester | -1,6 | -2,7 | -8,1 | 72,5 |
Bergverksdrift | -12,0 | 7,9 | -14,6 | 0,6 |
Industri | 0,3 | -0,4 | 2,4 | 20,8 |
Nærings-, drikkevare og tob.ind. | -3,5 | -0,3 | -0,1 | 3,9 |
Oljeraff., kjemisk, farmas. industri | -0,2 | -2,3 | -2,8 | 2,1 |
Metallindustri | 1,6 | -2,1 | -2,6 | 1,1 |
Maskinindustri | 1,0 | 3,1 | 14,7 | 2,9 |
Bygging av skip og oljeplattformer | -1,4 | 3,6 | 14,0 | 2,2 |
Kraftforsyning | -2,0 | -5,6 | -4,5 | 6,1 |
Oljeutvinninga gjekk ned 3,0 prosent, medan produksjonen av naturgass gjekk ned 2,1 prosent frå november 2012 til og med januar 2013 samanlikna med tremånadersperioden før, viser sesongjusterte tal. Dette hang saman med tekniske problem på ein rekkje felt på norsk kontinentalsokkel.
Skilnadane i industrien blir stadig tydelegare. Sesongjusterte tal frå november 2012 til og med januar 2013 viser at det var ein ytterlegare auke i produksjonen i næringar som maskinindustri og bygging av skip og plattformer. I andre delar av norsk industri, som til dømes metallindustri og produksjon av kjemiske råvarer, var det derimot ein nedgang i produksjonen. Skilnadane mellom industri som er knytt til norsk og internasjonal olje- og gassverksemd, og tradisjonell norsk eksportindustri har difor auka ytterlegare . Det har også vore ein nedgang i produksjonen i næringsmiddelindustrien og i trelast- og trevareindustrien frå november 2012 til og med januar 2013, samanlikna med månadene før, viser sesongjusterte tal.
Vekst i industrien frå januar 2012 til januar 2013
Det var ein vekst på 2,4 prosent i norsk industriproduksjon frå januar 2012 til januar 2013, viser kalenderjusterte tal. Maskinindustri og bygging av skip og oljeplattformer har hatt ein sterk auke, medan det var ein klår nedgang i produksjonen av kjemiske råvarer.
Små endringar i industrien frå desember 2012 til januar 2013
Produksjonen i industrien gjekk opp med 0,3 prosent frå desember 2012 til januar 2013, viser sesongjusterte tal. Det var ein vekst i produksjonen i ikkje-jarnhaldige metall og kjemiske råvarer, medan det var ein nedgang i næringsmiddelindustrien.
Norsk industri samanlikna med eurosona
Norsk industriproduksjon auka med 2,9 prosent frå desember 2011 til desember 2012, viser kalenderjusterte tal. Statistikk frå Eurostat viser at industriproduksjonen i land i eurosona gjekk ned 2,9 prosent i same tidsrom.
Lågare kraftproduksjon frå januar 2012 til januar 2013
Produksjonen i norsk kraftforsyning gjekk ned 4,5 prosent frå januar 2012 til januar 2013, viser ujusterte tal.
Tolking av sesongjusterte tallÅpne og lesLukk
For å lette tolkinga av den kortsiktige utviklinga publiserer produksjonsindeksen tremånaders glidande gjennomsnitt av sesongjusterte tal. Vanlegvis samanliknar ein dei siste ikkje-overlappande tremånadersperiodane, for eksempel november 2012 til og med januar 2013, mot august til og med oktober 2012. Sesongjusterte endringar frå månad til månad må tolkast med varsemd.
Oppdaterte vekter i PIIÅpne og lesLukk
PII bereknast som eit vege gjennomsnitt av volumendringar. For at indeksen på best mogleg måte skal spegle næringsstrukturen i Noreg til kvar tid, blir vektene oppdaterte ved overgangen til nytt år. Dei nye vektene får altså effekt frå og med indeksen for januar. Næringar som får auka vekt, får med dette større gjennomslag i utviklinga, medan endringar i volum for næringar med lågare vekt får mindre betyding i aggregeringa.
Vektene til industrinæringane papir- og papirvareindustri, kjemiske råvarer samt dataindustri, elektrisk utstyrsindustri var mellom dei som gjekk mest ned frå 2012 til 2013. Industrinæringane maskinindustri og bygging av skip og oljeplattformer var mellom dei som gjekk mest opp. Årsaka til veksten kjem frå auka leveransar til olje og gassverksemd. Vekta til utvinning og utvinningstenester gjekk opp frå 2012 til 2013 som følgje av auka vekter til både utvinning av råolje og naturgass og utvinningstenester.
Grunnlaget for PIIs vekter er tilverkingsverdi til faktorpris frå dei årlege strukturstatistikkane for olje- og gassutvinning, industri, elektrisitet og fjernvarme. Alle endringane i vektene har si årsak i ein kombinasjon, i ulik grad, av endra kostnadar, salsvolum og prisar. Tilverkingsverdiane blir framskrivne til situasjonen ved utgangen av 2012 med endringstal frå kvartalsvis nasjonalrekneskap.
Finn fleire tal
Finn detaljerte tal frå Produksjonsindeksen for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning
Kontakt
-
Produksjon og omsetning
E-post: prodoms@ssb.no