Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Moderat oppgang i industrien
Sesongjusterte tal viser ein oppgang på 0,7 prosent i norsk industriproduksjon frå desember 2012 til og med februar 2013, samanlikna med tremånadersperioden før. Samla gjekk produksjonsindeksen (PII) ned på grunn av lågare utvinning av naturgass i denne perioden.
Sesongjustert | Kalenderjustert1 | Vekter2 | ||
---|---|---|---|---|
Månadsendring | 3-månadsendring | 12-månadsendring | ||
Februar 2013 / Januar 2013 | Desember 2012 - Februar 2013 / September 2012 - November 2012 | Februar 2013 / Februar 2012 | ||
1Korrigert for at vekedagar har ulik arbeidsintensitet og for offentlege fri- og heilagdagar i Noreg. | ||||
2Vektene oppdaterast årleg og gjeld for heile året. | ||||
Utvinning, bergverk, industri og kraft | -1,9 | -3,4 | -10,7 | 100,0 |
Utvinning og utvinningstjenester | -3,4 | -2,4 | -12,1 | 73,5 |
Bergverksdrift | 8,3 | 0,7 | -6,7 | 0,6 |
Industri | 0,9 | 0,7 | 4,2 | 20,1 |
Nærings-, drikkevare og tob.ind. | -0,3 | 0,9 | 3,1 | 3,8 |
Oljeraff., kjemisk, farmas. industri | 0,3 | -2,5 | -2,3 | 2,0 |
Metallindustri | -2,1 | -1,5 | -8,1 | 1,1 |
Maskinindustri | 1,5 | 3,9 | 16,0 | 2,8 |
Bygging av skip og oljeplattformer | 4,0 | 4,3 | 19,0 | 2,1 |
Kraftforsyning | -1,5 | 0,0 | -11,9 | 5,9 |
Produksjonen av naturgass gjekk ned 4,5 prosent, medan oljeutvinninga auka med 1,2 prosent frå desember 2012 til og med februar 2013 samanlikna med tremånadersperioden før. Nedgangen i produksjon av naturgass hang saman med tekniske problem på ein rekkje felt på norsk kontinentalsokkel. Sjå lenke til Oljedirektoratet i høgre spalte.
Sesongjusterte tal frå desember 2012 til og med februar 2013 viser at det var ein ytterlegare auke i produksjonen i næringar som maskinindustri og bygging av skip og plattformer. I tillegg var det også vekst i maskinreparasjon og -installasjon grunna auka oppdragsmengde. I andre delar av norsk industri, som til dømes metallindustri, var det derimot ein nedgang i produksjonen. Dette er mellom anna knytt til låg etterspurnad og store lager av ikkje-jarnhaldige metall internasjonalt. Skilnadane mellom industri som er knytt til norsk og internasjonal olje- og gassverksemd, og tradisjonell norsk eksportindustri, held difor fram med å auke. Sesongjusterte tal viser at det også har vore ein oppgang i produksjonen i næringsmiddelindustrien frå desember 2012 til og med februar 2013, samanlikna med månadene før.
Klår vekst i industrien frå februar 2012 til februar 2013
Det var ein vekst på 4,2 prosent i norsk industriproduksjon frå februar 2012 til februar 2013, viser kalenderjusterte tal. Maskinindustri og bygging av skip og oljeplattformer har hatt ein sterk auke, medan det var ein klår nedgang i trelast- og trevareindustri og i metallindustrien.
Vekst i industrien frå januar til februar 2013
Produksjonen i industrien gjekk opp med 0,9 prosent frå januar 2013 til februar 2013, viser sesongjusterte tal. Det var ein klår vekst i produksjonen i bygging av skip og oljeplattformer, og maskinreparasjon og -installasjon. Papir- og papirvareindustri og metallindustrien hadde derimot ein nedgang i den same tidsperioden.
Norsk industri samanlikna med eurosona
Norsk industriproduksjon auka med 2,5 prosent frå januar 2012 til januar 2013, viser kalenderjusterte tal. Statistikk frå Eurostat viser at industriproduksjonen i land i eurosona gjekk ned 2,9 prosent i den same perioden.
Lågare kraftproduksjon frå februar 2012 til februar 2013
Produksjonen i norsk kraftforsyning gjekk ned 13,3 prosent frå februar 2012 til februar 2013, viser ujusterte tal.
Tolking av sesongjusterte talÅpne og lesLukk
For å lette tolkinga av den kortsiktige utviklinga publiserer produksjonsindeksen tremånaders glidande gjennomsnitt av sesongjusterte tal. Vanlegvis samanliknar ein dei siste ikkje-overlappande tremånadersperiodane, for eksempel desember 2012 til og med februar 2013, mot september til og med november 2012. Sesongjusterte endringar frå månad til månad må tolkast med varsemd.
Ny berekning av produksjonsindeksen for januar 2013Åpne og lesLukk
Vekter for 2013 som vart nytta ved publiseringa av produksjonsindeksen for januar 2013 er noko endra i undersøkinga for februar. Årsaka er at endelige tal for tilverkingsverdi til faktorpris for olje og gassverksemd for 2011 vart høgare enn dei foreløpige tala produksjonsindeksen hadde lagt til grunn. Korreksjonane bidreg til at aggregatet utvinning og utvinningstenester får ei noko høgare vekt sett i høve til industri, bergverksdrift og kraftforsyning. Det er elles gjort nokre mindre endringar i vektgrunnlaget for industri og bergverksdrift. For å halde vektene konstante gjennom årgangen er produksjonsindeksen for januar 2013 no berekna på nytt. Tal for industrien samla er uendra, medan det er forskjellar i nokre næringar innan industrien. Informasjon frå seint mottekne skjema er tekne med i ny berekning av januar 2013.
Finn fleire tal
Finn detaljerte tal frå Produksjonsindeksen for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning
Kontakt
-
Produksjon og omsetning
E-post: prodoms@ssb.no