92817_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/pii/maaned
92817
Moderat oppgang i industrien
statistikk
2013-05-08T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningmars 2013

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Moderat oppgang i industrien

Sesongjusterte tal for 1. kvartal 2013 viser ein oppgang på 0,9 prosent i norsk industriproduksjon, samanlikna med 4. kvartal 2012. Samla gjekk produksjonsindeksen (PII) ned på grunn av lågare utvinning av naturgass i denne perioden.

Produksjonsindeks. Prosentvis endring og vekter
SesongjustertKalenderjustert1Vekter2
Månadsendring3-månadsendring12-månadsendring
Mars 2013 / Februar 2013Januar 2013 - Mars 2013 / Oktober 2012 - Desember 2012Mars 2013 / Mars 2012
1Korrigert for at vekedagar har ulik arbeidsintensitet og for offentlege fri- og heilagdagar i Noreg.
2Vektene blir oppdaterte årleg og gjeld for heile året.
Utvinning, bergverk, industri og kraft1,0-6,0-8,6100,0
Utvinning og utvinningstjenester1,2-5,1-10,373,5
Bergverksdrift-4,7-10,7-9,10,6
 
Industri-0,70,93,220,1
Nærings-, drikkevare og tob.ind.0,0-1,9-6,63,8
Oljeraff., kjemisk, farmas. industri1,0-0,811,22,0
Metallindustri1,00,0-11,41,1
Maskinindustri-1,92,410,32,8
Bygging av skip og oljeplattformer2,95,120,72,1
 
Kraftforsyning6,93,0-3,25,9

Produksjonen av naturgass gjekk ned 10,8 prosent, medan oljeutvinninga var uendra i 1. kvartal 2013 samanlikna med 4. kvartal 2012. Nedgangen i produksjon av naturgass hang saman med tekniske problem på fleire felt på norsk kontinentalsokkel. Sjå Oljedirektoratet for meir informasjon.

Rekordhøg produksjon i bygging av skip og plattformer i 1. kvartal 2013

Sesongjusterte tal for 1. kvartal 2013 viser at det var ein ytterlegare vekst i næringar som maskinindustri, bygging av skip og oljeplattformer og maskinreparasjon og installasjon. Ein vidare auke i oppdragsmengda har gjeve grunnlag for ein rekordhøg produksjon i bygging av skip og plattformer i 1. kvartal 2013. Sidan 2005 har det vore ein vekst i produksjonen i maskinindustri og bygging av skip og plattformer på høvesvis 90 og 97 prosent.

I andre delar av norsk industri, som til dømes produksjon av ikkje-jarnhaldige metall, var det ein vidare nedgang i produksjonen i 1. kvartal 2013. Dersom ein samanliknar med 2005 har det vore ein nedgang i produksjonen i metallindustrien på over 21 prosent. Skilnadane mellom industrien som er knytt til norsk og internasjonal olje- og gassverksemd og tradisjonell norsk eksportindustri har difor auka ytterlegare i 1. kvartal 2013. Det har også vore ein nedgang i produksjonen i norsk næringsmiddelindustri i 1. kvartal 2013 samanlikna med 4. kvartal 2012. Dette var mellom anna knytt til lågare produksjon av fisk og fiskevarer, og lågare fôrproduksjon.

Vekst i industrien frå mars 2012 til mars 2013

Det var ein vekst på 3,2 prosent i norsk industriproduksjon frå mars 2012 til mars 2013, viser kalenderjusterte tal. Bygging av skip og oljeplattformer og maskinreperasjon og -installasjon har hatt ein sterk auke, medan det var ein nedgang i næringsmiddelindustri, trelast- og trevareindustri og i metallindustrien.

Moderat nedgang i industrien frå februar til mars 2013

Produksjonen i industrien gjekk ned med 0,7 prosent frå februar 2013 til mars 2013, viser sesongjusterte tal. Det var ein vekst i produksjonen i bygging av skip og oljeplattformer, og maskinreparasjon og -installasjon. Trelast- og trevareindustri og ikkje-jernhaldige metall hadde ein nedgang i produksjonen i den same perioden.

Norsk industri samanlikna med eurosona

Norsk industriproduksjon auka med 4,1 prosent frå februar 2012 til februar 2013, viser kalenderjusterte tal. Statistikk frå Eurostat viser at industriproduksjonen i land i eurosona gjekk ned 2,4 prosent i den same perioden.

Lågare kraftproduksjon frå mars 2012 til mars 2013

Produksjonen i norsk kraftforsyning gjekk ned 3,2 prosent frå mars 2012 til mars 2013, viser ujusterte tal.

Tolking av sesongjusterte talÅpne og lesLukk

For å lette tolkinga av den kortsiktige utviklinga publiserer produksjonsindeksen tremånaders glidande gjennomsnitt av sesongjusterte tal. Vanlegvis samanliknar ein dei siste ikkje-overlappande tremånadersperiodane, for eksempel januar til og med mars 2013, mot oktober til og med desember 2012. Sesongjusterte endringar frå månad til månad må tolkast med varsemd.