Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Klår oljedriven vekst i industrien
Det var ein oppgang på 2,0 prosent i norsk industriproduksjon frå februar til og med april 2013, samanlikna med tremånadersperioden før, viser sesongjusterte tal. Samla gjekk produksjonsindeksen (PII) ned på grunn av lågare utvinning av naturgass i denne perioden.
Sesongjustert | Kalenderjustert1 | Vekter2 | ||
---|---|---|---|---|
Månadsendring | 3-månadsendring | 12-månadsendring | ||
April 2013 / Mars 2013 | Februar 2013 - April 2013 / November 2012 - Januar 2013 | April 2013 / April 2012 | ||
1Korrigert for at vekedagar har ulik arbeidsintensitet og for offentlege fri- og heilagdagar i Noreg. | ||||
2Vektene blir oppdaterte årleg og gjeld for heile året. | ||||
Utvinning, bergverk, industri og kraft | 5,4 | -2,2 | -5,3 | 100,0 |
Utvinning og utvinningstjenester | 8,4 | -0,6 | -4,2 | 73,5 |
Bergverksdrift | 2,3 | -2,1 | -4,5 | 0,6 |
Industri | 2,6 | 2,0 | 6,1 | 20,1 |
Nærings-, drikkevare og tob.ind. | -1,1 | -2,7 | -3,4 | 3,8 |
Oljeraff., kjemisk, farmas. industri | 3,2 | 0,9 | 4,2 | 2,0 |
Metallindustri | -2,2 | -1,9 | -9,9 | 1,1 |
Maskinindustri | 5,2 | 2,7 | 21,8 | 2,8 |
Bygging av skip og oljeplattformer | 1,6 | 7,0 | 23,9 | 2,1 |
Kraftforsyning | -7,3 | 0,7 | -21,0 | 5,9 |
Produksjonen av naturgass gjekk ned med 3,6 prosent, medan oljeutvinning gjekk opp med 1,4 prosent frå februar til og med april 2013, samanlikna med månadene før. Nedgangen i produksjonen av naturgass hang saman med tekniske problem på fleire felt på norsk kontinentalsokkel. Sjå lenke til Oljedirektoratet i høgre spalte.
Sesongjusterte tal for februar til og med april 2013 viser at det var ein ytterlegare vekst i næringar som maskinindustri samt bygging av skip og oljeplattformer. Ein vidare auke i ordrereservane har gjeve grunnlag for ein rekordhøg produksjon i desse næringane. Sidan 2005 har det vore ein vekst i produksjonen i maskinindustri samt bygging av skip og oljeplattformer på høvesvis 93 og 103 prosent. Også for maskinreparasjon og –installasjon har det vore ein kraftig vekst i den siste tremånadersperioden, og produksjonen har auka med om lag 90 prosent sidan 2005. Sesongjusterte tal for februar til og med april 2013 viser elles at produksjonen i norsk industri er tilbake rundt toppnivået frå før finanskrisa (juni 2008).
Aukande skilnader i industrien
I andre delar av norsk industri, som til dømes produksjon av kjemiske råvarer og metallindustrien, har det vore ein vidare nedgang i produksjonen i februar til og med april 2013. Dersom ein samanliknar med 2005 har det vore ein nedgang i produksjonen i metallindustrien på over 22 prosent. Skilnadene mellom industrien som er knytt til norsk og internasjonal olje- og gassverksemd og tradisjonell norsk eksportindustri, har difor auka ytterlegare i 2013. Det har også vore ein nedgang i produksjonen i norsk næringsmiddelindustri frå februar til og med april 2013. Denne nedgangen var mellom anna knytt til lågare produksjon av fisk og fiskevarer og lågare fõrproduksjon enn i månadene før.
Klår oppgang i industrien frå april 2012 til april 2013
Det var ein vekst på 6,1 prosent i norsk industriproduksjon frå april 2012 til same månaden i 2013, viser kalenderjusterte tal. Næringar som maskinindustri samt bygging av skip og oljeplattformer har hatt ein særskild auke i produksjonen på over 20 prosent sidan april 2012. Det var elles ein nedgang i næringsmiddelindustri, produksjon av kjemiske råvarer og metallindustrien.
Vekst i industrien frå mars til april 2013
Produksjonen i norsk industri gjekk opp 2,6 prosent frå mars til april 2013, viser sesongjusterte tal. Det var ein klar auke i produksjonen i næringar som metallvareindustri, maskinindustri samt bygging av skip og oljeplattformer. Det var elles ein auke i produksjonen i ikkje-jarnhaldige metall i april 2013 etter ein klår nedgang månaden før. Næringsmiddelindustri og produksjon av kjemiske råvarer hadde ein nedgang i produksjonen frå mars til april 2013.
Norsk industri samanlikna med eurosona
Norsk industriproduksjon auka med 3,5 prosent frå mars 2012 til mars 2013, viser kalender¬justerte tal. Statistikk frå Eurostat viser at industriproduksjonen i land i eurosona gjekk ned 3,3 prosent i den same perioden.
Lågare kraftproduksjon frå april 2012 til april 2013
Produksjonen i norsk kraftforsyning gjekk ned 21,0 prosent frå april 2012 til april 2013, viser ujusterte tal.
Tolking av sesongjusterte talÅpne og lesLukk
For å lette tolkinga av den kortsiktige utviklinga publiserer produksjonsindeksen tremånaders glidande gjennomsnitt av sesongjusterte tal. Vanlegvis samanliknar ein dei siste ikkje-overlappande tremånaders¬periodane, for eksempel februar til og med april 2013, mot november 2012 til og med januar 2013. Sesongjusterte endringar frå månad til månad må tolkast med varsemd.
Påska kan påverke dei kalenderjusterte og sesongjusterte talaÅpne og lesLukk
Det er viktig å vere klar over at det er større uvisse enn normalt i dei kalenderjusterte og sesongjusterte indeksane for mars og april grunna ulik plassering av påska frå år til år. Dette verkar òg inn på dei sesongjusterte tala for 1. og 2. kvartal. Rutina for sesongjustering tek omsyn til påska si plassering, men det kan vere vanskeleg å korrigere for alle effektane av påska.
Finn fleire tal
Finn detaljerte tal frå Produksjonsindeksen for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning
Kontakt
-
Produksjon og omsetning
E-post: prodoms@ssb.no