92821_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/pii/maaned
92821
Vekst i industriproduksjonen
statistikk
2013-07-05T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningmai 2013

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Vekst i industriproduksjonen

Det var ein oppgang på 1,4 prosent i norsk industriproduksjon frå mars til og med mai 2013, samanlikna med tremånadersperioden før, viser sesongjusterte tal. Produksjonsindeksen (PII) samla gjekk elles opp grunna auke i utvinninga av råolje og naturgass i denne perioden.

Produksjonsindeks. Prosentvis endring og vekter
SesongjustertKalenderjustert1Vekter2
Månadsendring3-månadsendring12-månadsendring
Mai 2013 / April 2013Mars 2013 - Mai 2013 / Desember 2012 - Februar 2013Mai 2013 / Mai 2012
1Korrigert for at vekedagar har ulik arbeidsintensitet og for offentlege fri- og heilagdagar i Noreg.
2Vektene blir oppdaterte årleg og gjeld for heile året.
Utvinning, bergverk, industri og kraft1,21,8-4,7100,0
Utvinning og utvinningstjenester2,14,0-2,873,5
Bergverksdrift5,00,519,80,6
 
Industri-2,11,42,820,1
Nærings-, drikkevare og tob.ind.0,5-2,2-2,73,8
Oljeraff., kjemisk, farmas. industri-4,41,9-4,52,0
Metallindustri1,3-1,7-7,41,1
Maskinindustri-0,62,112,82,8
Bygging av skip og oljeplattformer0,86,220,42,1
 
Kraftforsyning6,31,7-12,35,9

Produksjonen av råolje gjekk opp med 3,5 prosent, medan utvinning av naturgass auka med 5,2 prosent frå mars til og med mai 2013, samanlikna med månadene før. Dette heng mellom anna saman med at fleire nye felt er komne i produksjon på norsk kontinentalsokkel i 2013. Sjå lenke til Oljedirektoratet i høgre spalte.

Sesongjusterte tal for mars til og med mai 2013 viser at det har vore ein ytterlegare klår vekst i næringar som bygging av skip og oljeplattformer samt maskinreparasjon og -installasjon samanlikna med månadene før. Sidan 2005 har det vore ein oppgang i produksjonen på høvesvis 106 og 91 prosent i desse næringane. Store ordrereservar har gjeve grunnlag for den rekordhøge produksjonen i bygging av skip og oljeplattformer i 2013. Det har også vore ein auke i produksjonen i metallvare- og maskinindustrien i tidsrommet mars til og med mai 2013, samanlikna med perioden før. Sesongjusterte tal for mars til og med mai 2013 viser elles at produksjonen i norsk industri er tilbake rundt toppnivået frå før finanskrisa (juni 2008). Næringsmiddelindustri, trelast- og trevareindustri, kjemiske råvarer samt metallindustrien hadde derimot ein nedgang i produksjonen i mars til med mai i år, samanlikna med månadene før. Papir- og papirvareindustri viste også nedgang, men næringa har liten innverknad på samla industriproduksjon i Noreg (sjå tabell 6 vekter).

Auke i industriproduksjonen frå mai 2012 til mai 2013

Det var ein vekst på 2,8 prosent i norsk industriproduksjon frå mai 2012 til same månaden i 2013, viser kalenderjusterte tal. Næringar som maskinindustri, bygging av skip og oljeplattformer samt maskinreparasjon og -installasjon har hatt ein særskild auke i produksjonen sidan mai 2012. Næringsmiddelindustri, trelast- og trevareindustri samt metallindustrien har hatt ein nedgang i produksjonen frå mai 2012 til mai 2013.

Nedgang i industriproduksjonen frå april til mai 2013

Produksjonen i norsk industri gjekk ned med 2,1 prosent frå april til mai 2013. Dette heng saman med den klåre auken frå mars til april 2013. Til dømes hadde metallvareindustri, maskinindustri samt maskinreparasjon og -installasjon ein nedgang i produksjonen frå april til mai 2013. Næringsmiddelindustrien og bygging av skip og oljeplattformer hadde ein liten auke i same tidsrommet.

Norsk industri samanlikna med eurosona

Norsk industriproduksjon auka med 6,1 prosent frå april 2012 til april 2013, viser kalenderjusterte tal. Statistikk frå Eurostat viser at industriproduksjonen i land i eurosona gjekk ned 0,3 prosent i den same perioden.

Lågare kraftproduksjon frå mai 2012 til mai 2013

Produksjonen i norsk kraftforsyning gjekk ned 12,3 prosent frå mai 2012 til mai 2013, viser ujusterte tal.

Tolking av sesongjusterte talÅpne og lesLukk

For å lette tolkinga av den kortsiktige utviklinga publiserer produksjonsindeksen tremånaders glidande gjennomsnitt av sesongjusterte tal. Vanlegvis samanliknar ein dei siste ikkje-overlappande tremånadersperiodane, for eksempel mars til og med mai 2013, mot desember 2012 til og med februar 2013. Sesongjusterte endringar frå månad til månad må tolkast med varsemd.