92823_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/pii/maaned
92823
Rekordhøg produksjon i industrien
statistikk
2013-08-07T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningjuni 2013

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Rekordhøg produksjon i industrien

Det var ein oppgang på 2,5 prosent i norsk industriproduksjon frå 1. til 2. kvartal 2013, viser sesongjusterte tal. Sesongjusterte tal for 2. kvartal 2013 viser elles at produksjonen i norsk industri no er høgare enn toppnivået frå før finanskrisa (juni 2008).

Produksjonsindeks. Prosentvis endring og vekter
SesongjustertKalenderjustert1Vekter2
Månadsendring3-månadsendring12-månadsendring
Juni 2013 / Mai 2013April 2013 - Juni 2013 / Januar 2013 - Mars 2013Juni 2013 / Juni 2012
1Korrigert for at vekedagar har ulik arbeidsintensitet og for offentlege fri- og heilagdagar i Noreg.
2Vektene blir oppdaterte årleg og gjeld for heile året.
Utvinning, bergverk, industri og kraft0,55,6-5,5100,0
Utvinning og utvinningstjenester-0,87,5-6,273,5
Bergverksdrift6,69,833,00,6
 
Industri3,12,56,120,1
Nærings-, drikkevare og tob.ind.1,2-0,50,43,8
Oljeraff., kjemisk, farmas. industri1,51,5-3,82,0
Metallindustri-1,2-2,2-9,21,1
Maskinindustri2,34,414,52,8
Bygging av skip og oljeplattformer4,77,726,62,1
 
Kraftforsyning1,20,9-4,75,9

Produksjonsindeksen (PII) samla gjekk elles opp med 5,6 prosent grunna auke i utvinninga av råolje og naturgass i denne perioden. Produksjonen av råolje gjekk opp med 2,9 prosent, medan utvinning av naturgass auka med 13,1 prosent frå 1. til 2. kvartal 2013. Dette heng mellom anna saman med at fleire nye felt er komne i produksjon på norsk kontinentalsokkel i 2013. Sjå lenke til Oljedirektoratet i høgre spalte.

Sesongjusterte tal for 2. kvartal 2013 viser at det har vore ein ytterlegare klår vekst i næringar som maskinindustri samt bygging av skip og oljeplattformer samanlikna med kvartalet før. Sidan 2005 har det vore ein oppgang i produksjonen på høvesvis 99 og 112 prosent i desse næringane. Store ordrereservar og høg oppdragsmengd har her gjeve grunnlag for den rekordhøge produksjonen. I tillegg har det vore ein tydeleg auke i produksjonen i metallvareindustri samt maskinreparasjon og
-installasjon i 2. kvartal 2013, samanlikna med kvartalet før.

Aukande skilnader i industrien

Trelast- og trevareindustri, kjemiske råvarer samt metallindustrien hadde derimot ein nedgang i produksjonen i 2. kvartal i år, samanlikna med 1. kvartal. Dersom ein samanliknar med 2005, har det vore ein nedgang i produksjonen i metallindustrien på over 23 prosent. Skilnadene mellom industrien som er knytt til norsk og internasjonal olje- og gassverksemd, og tradisjonell norsk eksportindustri har difor auka ytterlegare i 2013.

Klår auke i industriproduksjonen frå juni 2012 til juni 2013

Det var ein klår vekst på 6,1 prosent i norsk industriproduksjon frå juni 2012 til same månaden i 2013, viser kalenderjusterte tal. Næringar som maskinindustri, bygging av skip og oljeplattformer samt maskinreparasjon og -installasjon har hatt ein særskild auke i produksjonen sidan juni 2012. Trelast- og trevareindustri, papir- og papirvareindustri samt metallindustrien har derimot hatt ein nedgang i produksjonen frå juni 2012 til juni 2013.

Vekst i industriproduksjonen frå mai til juni 2013

Produksjonen i norsk industri gjekk opp med 3,1 prosent frå mai til juni 2013. Det var ein klår auke i produksjonen i næringar som metallvareindustri, maskinindustri samt bygging av skip og oljeplattformer. I tillegg har det òg vore ein tydeleg auke i produksjonen i næringsmiddelindustrien. Trelast og trevare, samt produksjon av kjemiske råvarer hadde derimot ein nedgang i produksjonen frå mai til juni 2013.

Norsk industri samanlikna med eurosona

Norsk industriproduksjon auka med 2,8 prosent frå mai 2012 til mai 2013, viser kalenderjusterte tal. Statistikk frå Eurostat viser at industriproduksjonen i land i eurosona gjekk ned 1,5 prosent i den same perioden.

Lågare kraftproduksjon frå juni 2012 til juni 2013

Produksjonen i norsk kraftforsyning gjekk ned 4,7 prosent frå juni 2012 til juni 2013, viser ujusterte tal.

Tolking av sesongjusterte talÅpne og lesLukk

For å lette tolkinga av den kortsiktige utviklinga publiserer produksjonsindeksen tremånaders glidande gjennomsnitt av sesongjusterte tal. Vanlegvis samanliknar ein dei siste ikkje-overlappande tremånadersperiodane, for eksempel april til og med juni 2013, mot januar til og med mars 2013. Sesongjusterte endringar frå månad til månad må tolkast med varsemd.

Påska kan påverke dei kalenderjusterte og sesongjusterte talaÅpne og lesLukk

Det er viktig å vere klar over at det er større uvisse enn normalt i dei kalenderjusterte og sesongjusterte indeksane for mars og april grunna ulik plassering av påska frå år til år. Dette verkar òg inn på dei sesongjusterte tala for 1. og 2. kvartal. Rutina for sesongjustering tek omsyn til påska si plassering, men det kan vere vanskeleg å korrigere for alle effektane av påska.