106630_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/pii/maaned
106630
Framleis vekst i industriproduksjonen
statistikk
2013-09-06T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningjuli 2013

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Framleis vekst i industriproduksjonen

Norsk industriproduksjon gjekk opp 1,8 prosent frå mai til og med juli 2013 samanlikna med tremånadersperioden før, viser sesongjusterte tal. Produksjonsindeksen (PII) samla gjekk elles opp grunna auke i utvinninga av råolje og naturgass i denne perioden.

Produksjonsindeks. Prosentvis endring og vekter
SesongjustertKalenderjustert1Vekter2
Månadsendring3-månadsendring12-månadsendring
Juli 2013 / Juni 2013Mai 2013 - Juli 2013 / Februar 2013 - April 2013Juli 2013 / Juli 2012
1Korrigert for at vekedagar har ulik arbeidsintensitet og for offentlege fri- og heilagdagar i Noreg.
2Vektene blir oppdaterte årleg og gjeld for heile året.
Utvinning, bergverk, industri og kraft3,05,92,8100,0
Utvinning og utvinningstjenester5,28,14,473,5
Bergverksdrift4,713,334,50,6
 
Industri0,11,85,720,1
Nærings-, drikkevare og tob.ind.2,42,13,23,8
Oljeraff., kjemisk, farmas. industri-0,8-1,2-6,42,0
Metallindustri1,60,1-5,21,1
Maskinindustri4,86,119,72,8
Bygging av skip og oljeplattformer-7,53,814,02,1
 
Kraftforsyning-3,92,6-5,95,9

Produksjonsindeksen (PII) samla gjekk opp 5,9 prosent frå mai til og med juli samanlikna med tremånedarsperioden før, viser sesongjusterte tal. Det har vore auke i utvinninga av råolje og naturgass i denne perioden. Utvinninga av naturgass gjekk opp 12,6 prosent, medan produksjonen av råolje gjekk opp 3,8 prosent. Dette heng mellom anna saman med ei betring i produksjonen av olje på fleire felt og at nye olje- og gassfelt har starta utvinning i 2013, viser informasjon frå Oljedirektoratet .

Industriproduksjonen viser også auke i den same perioden. Sesongjusterte tal frå mai til og med juli 2013 viser at det har vore ein ytterlegare klår vekst i næringar som maskinindustri samt bygging av skip og oljeplattformer samanlikna med månadene før. Sidan 2005 har det vore ein oppgang i produksjonen på høvesvis 105 og 111 prosent i desse næringane. I tillegg har det vore ein tydeleg auke i produksjonen i metallvareindustrien og i data- og elektrisk utstyrsindustri frå mai til og med juli 2013 samanlikna med månadene før. Det var elles ein liten auke i produksjonen i kjemiske råvarer og ikkje-jarnhaldige metall i same tidsrom.

Vekst i norsk næringsmiddelindustri

Produksjonen i norsk næringsmiddelindustri gjekk opp 3,2 prosent frå mai til og med juli 2013 samanlikna med tremånedarsperioden før, viser sesongjusterte tal. Dette heng saman med ein klår auke i produksjonen av fisk og fiskevarer og i produksjonen av fôr og fôrvarer. Dette må ein sjå i samanheng med låge slaktevolum av norsk oppdrettslaks i 1. kvartal 2013 samanlikna med same kvartal året før.

Klår auke i industriproduksjonen frå juli 2012 til juli 2013

Det var ein klår vekst på 5,7 prosent i norsk industriproduksjon frå juli 2012 til same månad i 2013, viser kalenderjusterte tal. Næringar som maskinindustri, bygging av skip og oljeplattformer samt maskinreparasjon og -installasjon har hatt ein markert auke i produksjonen sidan juli 2012. Det var også vekst i norsk næringsmiddelindustri. Papir- og papirvareindustri samt metallindustrien har derimot hatt ein nedgang i produksjonen frå juli 2012 til juli 2013.

Frå juni til juli 2013

Det var ein auke på 0,1 prosent i norsk industriproduksjon frå juni til juli 2013, viser sesongjusterte tal. Det var bransjevise skilnader innanfor industrien. Produksjonen i næringsmiddelindustrien, kjemiske råvarer samt metallindustrien hadde ein vekst, medan det var ein klår nedgang i produksjonen i bygging av skip og oljeplattformer frå juni til juli 2013. Dette heng mellom anna saman med at fleire store arbeidsoppdrag er fullførde i denne næringa i juni 2013.

Norsk industri samanlikna med eurosona

Norsk industriproduksjon auka med 6,1 prosent frå juni 2012 til juni 2013, viser kalenderjusterte tal. Statistikk frå Eurostat viser at industriproduksjonen i land i eurosona gjekk opp 0,6 prosent i den same perioden. Sesongjusterte tal frå Eurostat viser elles at det har vore ei betring i industriproduksjonen i euroområdet i dei siste månadene, noko som venteleg gjev grunnlag for høgare etterspurnad etter norske tradisjonelle eksportprodukt framover.

Lågare kraftproduksjon frå juli 2012 til juli 2013

Produksjonen i norsk kraftforsyning gjekk ned 5,9 prosent frå juli 2012 til juli 2013, viser ujusterte tal.

Tolking av sesongjusterte talÅpne og lesLukk

For å lette tolkinga av den kortsiktige utviklinga publiserer produksjonsindeksen tremånaders glidande gjennomsnitt av sesongjusterte tal. Vanlegvis samanliknar ein dei siste ikkje-overlappande tremånadersperiodane, for eksempel mai til og med juli 2013, mot februar til og med april 2013. Sesongjusterte endringar frå månad til månad må tolkast med varsemd.