Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Teikn til avdempa industriproduksjon
Norsk industriproduksjon gjekk opp 2,3 prosent frå juni til og med august 2013 samanlikna med tremånadersperioden før, viser sesongjusterte tal. Produksjonsindeksen (PII) samla gjekk elles opp på grunn av auke i utvinninga av råolje og naturgass i denne perioden.
Sesongjustert | Kalenderjustert1 | Vekter2 | ||
---|---|---|---|---|
Månadsendring | 3-månadsendring | 12-månadsendring | ||
August 2013 / Juli 2013 | Juni 2013 - August 2013 / Mars 2013 - Mai 2013 | August 2013 / August 2012 | ||
1Korrigert for at vekedagar har ulik arbeidsintensitet og for offentlege fri- og heilagdagar i Noreg. | ||||
2Vektene blir oppdaterte årleg og gjeld for heile året. | ||||
Utvinning, bergverk, industri og kraft | -3,8 | 3,1 | -4,4 | 100,0 |
Utvinning og utvinningstjenester | -5,5 | 3,9 | -2,0 | 73,5 |
Bergverksdrift | -13,2 | 9,4 | 13,8 | 0,6 |
Industri | -0,7 | 2,3 | 3,1 | 20,1 |
Nærings-, drikkevare og tob.ind. | -0,2 | 3,4 | 1,6 | 3,8 |
Oljeraff., kjemisk, farmas. industri | -0,9 | -1,2 | -6,5 | 2,0 |
Metallindustri | 0,6 | 0,4 | -3,3 | 1,1 |
Maskinindustri | -3,4 | 7,1 | 14,5 | 2,8 |
Bygging av skip og oljeplattformer | -4,7 | 0,1 | 8,1 | 2,1 |
Kraftforsyning | -0,6 | -0,7 | -8,7 | 5,9 |
Produksjonsindeksen (PII) samla gjekk opp med 3,1 prosent frå juni til og med august 2013 samanlikna med tremånadersperioden før, viser sesongjusterte tal. Det var ein vekst på 3,8 prosent i produksjonen av naturgass, medan det var ein auke på 3,9 prosent i utvinninga av råolje. Det var ein klar nedgang på 11,6 prosent i utvinninga av naturgass frå juli til august 2013, viser sesongjusterte tal. Dette hang saman med planlagt vedlikehald på norsk sokkel, viser informasjon frå Oljedirektoratet .
Auke i industriproduksjonen frå juni til og med august 2013
Industriproduksjonen auka med 2,3 prosent frå juni til og med august samanlikna med mars til og med mai, viser sesongjusterte tal. Veksten i denne perioden må setjast i samanheng med høg aktivitet i månadene juni og juli. Tal for august viser at det har vore lågare aktivitet enn i dei to tidlegare månadene i perioden. Ferdigstilling av fleire store prosjekt i bygging av skip og oljeplattformer i juni og juli bidreg til at tal for august viser ei negativ utvikling.
Ser ein på dei sesongjusterte tala for juni til og med august 2013, viser dei at det har vore ein ytterlegare vekst i maskinindustrien. Sidan 2005 har det vore ein auke i produksjonen på 108 prosent i denne næringa. I tillegg har det vore ein oppgang i produksjonen i metallvareindustri samt data- og elektrisk utstyrsindustri frå juni til og med august 2013 samanlikna med månadene før. Produksjonen i næringsmiddelindustri gjekk opp med 3,9 prosent, grunna ein klar auke i produksjonen av fisk- og fiskevarer samt i produksjonen av fôr og fôrvarer. Det var elles ein liten auke i produksjonen i kjemiske råvarer og ikkje-jarnhaldige metall i same tidsrom.
Vekst i industriproduksjonen frå august 2012 til august 2013
Produksjonen i norsk industri gjekk opp med 3,1 prosent frå august 2012 til same månad i 2013, viser kalenderjusterte tal. Maskinindustri samt bygging av skip og oljeplattformer hadde ein klar vekst, medan det var nedgang i næringar som trelast- og trevareindustri samt metallindustrien.
Nedgang i industriproduksjonen frå juli til august 2013
Det var ein nedgang på 0,7 prosent i norsk industriproduksjon frå juli til august 2013, viser sesongjusterte tal. Ei rekkje næringar hadde nedgang i produksjonen som til dømes næringsmiddelindustri, trelast- og trevareindustri, maskinindustri, bygging av skip og oljeplattformer samt maskinreparasjon og -installasjon. Dette var mellom anna knytt til at fleire store arbeidsoppdrag er fullførde i bygging av skip og oljeplattformer i første halvår i år. Dersom desse endringane held fram, vil dette virke klart inn på utviklinga i norsk industriproduksjon frå 2. til 3. kvartal 2013.
Norsk industri samanlikna med eurosona
Norsk industriproduksjon auka med 5,7 prosent frå juli 2012 til juli 2013, viser kalenderjusterte tal. Statistikk frå Eurostat viser at industriproduksjonen i land i eurosona gjekk ned med 2,1 prosent i den same perioden.
Lågare kraftproduksjon frå august 2012 til august 2013
Produksjonen i norsk kraftforsyning gjekk ned 8,7 prosent frå august 2012 til august 2013, viser ujusterte tal.
Tolking av sesongjusterte talÅpne og lesLukk
For å lette tolkinga av den kortsiktige utviklinga publiserer produksjonsindeksen tremånaders glidande gjennomsnitt av sesongjusterte tal. Vanlegvis samanliknar ein dei siste ikkje-overlappande tremånadersperiodane, for eksempel juni til og med august 2013, mot mars til og med mai 2013. Sesongjusterte endringar frå månad til månad må tolkast med varsemd.
Finn fleire tal
Finn detaljerte tal frå Produksjonsindeksen for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning
Kontakt
-
Produksjon og omsetning
E-post: prodoms@ssb.no