106634_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/pii/maaned
106634
Blanda utvikling i industriproduksjonen
statistikk
2013-11-07T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningseptember 2013

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Blanda utvikling i industriproduksjonen

Norsk industriproduksjon gjekk opp med 0,6 prosent frå 2. til 3. kvartal, viser sesongjusterte tal. Det var ei blanda utvikling i produksjonen mellom næringane i industrien i 3. kvartal 2013. Produksjonsindeksen (PII) samla gjekk opp i 3. kvartal grunna auka utvinning av råolje.  

Produksjonsindeks. Prosentvis endring og vekter
SesongjustertKalenderjustert1Vekter2
Månadsendring3-månadsendring12-månadsendring
September 2013 / August 2013Juli 2013 - September 2013 / April 2013 - Juni 2013September 2013 / September 2012
1Korrigert for at vekedagar har ulik arbeidsintensitet og for offentlege fri- og heilagdagar i Noreg.
2Vektene blir oppdaterte årleg og gjeld for heile året.
Utvinning, bergverk, industri og kraft0,70,8-1,4100,0
Utvinning og utvinningstjenester1,51,45,873,5
Bergverksdrift-2,6-0,613,00,6
 
Industri-0,20,63,220,1
Nærings-, drikkevare og tob.ind.-1,03,10,93,8
Oljeraff., kjemisk, farmas. industri-2,2-2,7-7,12,0
Metallindustri-0,51,8-2,01,1
Maskinindustri-0,54,912,62,8
Bygging av skip og oljeplattformer6,9-4,112,22,1
 
Kraftforsyning-3,2-3,2-9,55,9

Produksjonsindeksen (PII) samla gjekk opp med 0,8 prosent frå 2. til 3. kvartal, viser sesongjusterte tal. Det var ein auke på 2,8 prosent i utvinninga av råolje, medan utvinninga av naturgass gjekk ned med 1,9 prosent frå 2. til 3. kvartal. Det var elles ein nedgang på 7,8 prosent i utvinninga av råolje frå august til september 2013, viser sesongjusterte tal. Dette hang saman med planlagt vedlikehald på norsk sokkel, viser informasjon frå Oljedirektoratet .

Svakare vekst i industriproduksjonen i 3. kvartal 2013

Oppgangen på 0,6 prosent i industriproduksjonen frå 2. til 3. kvartal 2013 er lågare enn i tidlegare kvartal i 2013. Maskinindustri har framleis ein klar oppgang i produksjonen, medan det har vore nedgang i viktige næringar som bygging av skip og oljeplattformer samt maskinreparasjon og installasjon. Endringane for maskinreparasjon og installasjon heng saman med aukande internasjonal konkurranse om riggreparasjon i 2013 og at fleire større oppdrag difor går til utanlandske verft. Ei viss betring i den eksportretta etterspurnaden i år har gjeve grunnlag for ny vekst i produksjonen i kjemiske råvarer og ikkje-jarnhaldige metall i 3. kvartal 2013. Det var elles ein klar oppgang i norsk næringsmiddelindustri frå 2. til 3. kvartal 2013 grunna sterk vekst i produksjonen av fisk og fiskevarer samt produksjon av fôr og fôrvarer.

Vekst i industriproduksjonen frå september 2012 til september 2013

Produksjonen i norsk industri gjekk opp med 3,2 prosent frå september 2012 til september 2013, viser kalenderjusterte tal. Det var ein klar auke i næringar som maskinindustri og bygging av skip og oljeplattformer, medan produksjonen gjekk ned i til dømes trelast- og trevareindustri samt papir- og papirvareindustri. Produksjonen gjekk også ned i maskinreparasjon og installasjon frå september 2012 til september 2013.

Liten nedgang frå august til september 2013

Norsk industriproduksjon gjekk ned med 0,2 prosent frå august til september 2013, viser sesongjusterte tal. Dette kjem etter nedgang på 0,8 prosent frå juli til august. Dei fleste næringane i industrien hadde ein nedgang i produksjonen frå august til september 2013. Dette gjeld til dømes næringsmiddelindustri, trelast- og trevareindustri, metallvareindustri, maskinindustri samt maskinreparasjon og installasjon. Endringane i maskinreparasjon og installasjon kan knytast til ferdigstilling av større oppdrag. Bygging av skip og oljeplattformer hadde ny vekst i produksjonen i september 2013 etter to månader med nedgang.

Norsk industri samanlikna med eurosona

Norsk industriproduksjon auka med 3,0 prosent frå august 2012 til august 2013, viser kalenderjusterte tal. Statistikk frå Eurostat viser at industriproduksjonen i land i eurosona gjekk ned med 2,3 prosent i den same perioden. Industriproduksjonen i land i eurosona gjekk elles opp med 1,1 prosent frå juli til august 2013, viser sesongjusterte tal frå Eurostat.

Lågare kraftproduksjon frå september 2012 til september 2013

Produksjonen i norsk kraftforsyning gjekk ned med 9,5 prosent frå september 2012 til september 2013, viser ujusterte tal.

Tolking av sesongjusterte talÅpne og lesLukk

For å lette tolkinga av den kortsiktige utviklinga publiserer produksjonsindeksen tremånaders glidande gjennomsnitt av sesongjusterte tal. Vanlegvis samanliknar ein dei siste ikkje-overlappande tremånaders­­­­­­periodane, for eksempel juli til og med september 2013, mot april til og med juni 2013. Sesongjusterte endringar frå månad til månad må tolkast med varsemd.