Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Nedgang i norsk industriproduksjon
Produksjonen i norsk industri gjekk ned med 0,4 prosent frå august til og med oktober 2013 samanlikna med mai til og med juli i år, viser sesongjusterte tal. Det var ein nedgang på 0,6 prosent i norsk industriproduksjon frå september til oktober i år.
Sesongjustert | Kalenderjustert1 | Vekter2 | ||
---|---|---|---|---|
Månadsendring | 3-månadsendring | 12-månadsendring | ||
Oktober 2013 / September 2013 | August 2013 - Oktober 2013 / Mai 2013 - Juli 2013 | Oktober 2013 / Oktober 2012 | ||
1Korrigert for at vekedagar har ulik arbeidsintensitet og for offentlege fri- og heilagdagar i Noreg. | ||||
2Vektene blir oppdaterte årleg og gjeld for heile året. | ||||
Utvinning, bergverk, industri og kraft | -2,9 | -3,4 | -7,5 | 100,0 |
Utvinning og utvinningstjenester | -3,8 | -4,2 | -6,4 | 73,5 |
Bergverksdrift | 0,3 | -12,6 | -17,1 | 0,6 |
Industri | -0,6 | -0,4 | 2,6 | 20,1 |
Nærings-, drikkevare og tob.ind. | 0,2 | 1,1 | 1,0 | 3,8 |
Oljeraff., kjemisk, farmas. industri | 2,0 | -1,6 | -1,1 | 2,0 |
Metallindustri | 1,8 | 1,8 | -0,6 | 1,1 |
Maskinindustri | 0,4 | 0,5 | 11,8 | 2,8 |
Bygging av skip og oljeplattformer | -5,6 | -5,0 | 6,0 | 2,1 |
Kraftforsyning | -5,1 | -7,1 | -10,9 | 5,9 |
Endringane frå august til og med oktober 2013 heng delvis saman med ein rekordhøg produksjon i juni og juli 2013. Viktige industrinæringar har hatt ein nedgang i den siste tremånadersperioden. Bygging av skip og oljeplattformer samt maskinreparasjon og -installasjon hadde ein klår nedgang i produksjonen frå august til og med oktober 2013 samanlikna med perioden før, viser sesongjusterte tal . Dette heng saman med at ei rekkje større oppdrag er fullførde tidlegare i år og ein lågare ordretilgang. Den reduserte ordretilgangen er knytt til at fleire nye og større oppdrag har gått til utanlandske verft i 2013. For maskinindustrien var det ein liten oppgang i produksjonen frå august til og med oktober 2013 samanlikna med månadene før.
Vekst i eksportretta industri
Ei viss betring i den internasjonale etterspurnaden i 2013 har gjeve grunnlag for auke i produksjonen i næringar som kjemiske råvarer og ikkje-jarnhaldige metall. Sesongjusterte tal viser at desse næringane har hatt ein vekst på høvesvis 2,1 og 4,7 prosent frå august til og med oktober 2013 samanlikna med månadene før. Det var også ein mindre oppgang i norsk næringsmiddelindustri i den same perioden.
Nedgang i industrien frå september til oktober 2013
Det var ein nedgang på 0,6 prosent i norsk industriproduksjon frå september til oktober 2013, viser sesongjusterte tal. Produksjonen i bygging av skip og oljeplattformer gjekk ned med 5,6 prosent. Næringsmiddelindustrien og ikkje-jarnhaldige metall hadde ein auke i produksjonen i det same tidsrommet.
Vekst i industriproduksjonen frå oktober 2012 til oktober 2013
Norsk industriproduksjon gjekk opp med 2,6 prosent frå oktober 2012 til oktober 2013, viser kalenderjusterte tal. Næringsmiddelindustri, produksjon av ikkje-jarnhaldige metall samt maskinindustrien hadde ein vekst i produksjonen, medan det var nedgang i papir- og papirvareindustri samt maskinreparasjon og installasjon.
Norsk industri samanlikna med eurosona
Norsk industriproduksjon auka med 3,2 prosent frå september 2012 til september 2013, viser kalenderjusterte tal. Statistikk frå Eurostat viser at industriproduksjonen i land i eurosona gjekk opp med 1,2 prosent i den same perioden. Industriproduksjonen i land i eurosona gjekk elles ned med 0,7 prosent frå august til september 2013, viser sesongjusterte tal frå Eurostat.
Nedgang for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla
Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) gjekk ned med 3,4 prosent frå august til og med oktober 2013 samanlikna med månadene før, viser sesongjusterte tal. Nedgangen i samla produksjon for dei fire hovudnæringane i PII heng særleg saman med lågare utvinning av råolje og naturgass. Frå august til oktober 2013 var nedgangen for olje- og gassutvinning på 4,2 prosent samanlikna med dei tre månadene før. Ei rekkje felt på norsk sokkel hadde redusert produksjon i oktober i år grunna planlagt vedlikehald og reparasjonsarbeid, viser informasjon frå Oljedirektoratet .
Kraftforsyning og industri bidreg også negativt med ein nedgang på høvesvis 7,1 og 0,4 prosent frå august til og med oktober 2013 samanlikna med mai til og med juli i år.
Finn fleire tal
Finn detaljerte tal frå Produksjonsindeksen for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning
Kontakt
-
Produksjon og omsetning
E-post: prodoms@ssb.no