Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Fall i norsk industriproduksjon
Produksjonen i norsk industri gjekk ned med 1,4 prosent frå september til og med november 2013 samanlikna med juni til og med august, viser sesongjusterte tal. Det var ein nedgang på 0,2 prosent i norsk industriproduksjon frå oktober til november 2013.
Sesongjustert | Kalenderjustert1 | Vekter2 | ||
---|---|---|---|---|
Månadsendring | 3-månadsendring | 12-månadsendring | ||
November 2013 / Oktober 2013 | September 2013 - November 2013 / Juni 2013 - August 2013 | November 2013 / November 2012 | ||
1Korrigert for at vekedagar har ulik arbeidsintensitet og for offentlege fri- og heilagdagar i Noreg. | ||||
2Vektene blir oppdaterte årleg og gjeld for heile året. | ||||
Utvinning, bergverk, industri og kraft | 1,1 | -3,5 | -2,2 | 100,0 |
Utvinning og utvinningstjenester | 1,4 | -4,1 | 1,8 | 73,5 |
Bergverksdrift | -9,4 | -16,7 | -21,4 | 0,6 |
Industri | -0,2 | -1,4 | 2,1 | 20,1 |
Nærings-, drikkevare og tob.ind. | -1,1 | -0,9 | -1,2 | 3,8 |
Oljeraff., kjemisk, farmas. industri | -6,1 | -4,2 | -11,2 | 2,0 |
Metallindustri | 3,1 | 3,3 | 6,4 | 1,1 |
Maskinindustri | 1,3 | -0,6 | 12,5 | 2,8 |
Bygging av skip og oljeplattformer | 1,7 | -2,3 | 7,3 | 2,1 |
Kraftforsyning | 5,4 | -6,3 | -0,3 | 5,9 |
Dei fleste næringane i industrien hadde ein nedgang i produksjonen frå september til og med november 2013 samanlikna med tremånadersperioden før, viser sesongjusterte tal . Dette gjaldt til dømes metallvareindustri, maskinindustri, bygging av skip og oljeplattformer samt maskinreparasjon og –installasjon. Endringane i desse næringane kan knytast til ein noko lågare aktivitet inn mot norsk kontinentalsokkel mot slutten av 2013, og ein aukande internasjonal konkurranse om større oppdrag. Nedgangen må elles knytast til at produksjonen i industrien var rekordhøg i juni og juli 2013.
Næringsmiddelindustri, trelast- og trevareindustri samt trykking og grafisk industri hadde også ein nedgang frå september til og med november 2013 samanlikna med månadene før, viser sesongjusterte tal. Dette hang saman med ein noko lågare etterspurnad frå heimemarknaden og ein mindre nedgang i produksjonen av fisk- og fiskevarer samt produksjon av fôr og fôrvarer i denne siste perioden.
Produksjonen i ikkje-jarnhaldige metall gjekk derimot opp med 5,6 prosent frå september til og med november 2013 samanlikna med månadene før, viser sesongjusterte tal. Dette var knytt til ei viss betring av den internasjonale etterspurnaden i 2013. Samstundes var det ein nedgang på 2,7 prosent i produksjonen i kjemiske råvarer frå september til og med november 2013 samanlikna med perioden før. Dette hang mellom anna saman med stans for vedlikehald hjå viktige produsentar i delar av denne siste perioden.
Nedgang i norsk industriproduksjon frå oktober til november 2013
Det var ein nedgang på 0,2 prosent i norsk industriproduksjon frå oktober til november 2013, viser sesongjusterte tal. Det var til dømes nedgang i produksjonen i næringsmiddel- og drikkevareindustrien, medan det var ein ny auke i maskinindustrien samt bygging av skip og oljeplattformer.
Vekst i industriproduksjonen frå november 2012 til november 2013
Norsk industriproduksjon gjekk opp med 2,1 prosent frå november 2012 til november 2013, viser kalenderjusterte tal . Det var ein klar auke i produksjonen i maskinindustrien, medan papir- og papirvareindustri hadde ein markert nedgang i same tidsrom.
Norsk industri samanlikna med eurosona
Norsk industriproduksjon gjekk opp med 2,6 prosent frå oktober 2012 til oktober 2013, viser kalenderjusterte tal. Statistikk frå Eurostat viser at industriproduksjonen i land i eurosona gjekk opp med 0,6 prosent i den same perioden. Industriproduksjonen i land i eurosona gjekk elles ned med 0,7 prosent frå september til oktober 2013, viser sesongjusterte tal frå Eurostat
Nedgang for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla
Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) gjekk ned med 3,5 prosent frå september til og med november 2013 samanlikna med månadene før, viser sesongjusterte tal. Alle hovudnæringane i produksjonsindeksen hadde ein nedgang.
Endringane for produksjonsindeksen samla (PII) hang særskild saman med ei lågare utvinning av råolje og naturgass i denne perioden. Utvinninga av råolje og naturgass gjekk ned med høvesvis 6,5 og 6,0 prosent frå september til og med november 2013 samanlikna med månadene før. Det var likevel ein klar auke i norsk oljeproduksjon frå oktober til november 2013, viser sesongjusterte tal. Dette skjedde samstundes med at det var redusert produksjon på nokre felt grunna reparasjonsarbeid, viser opplysningar frå Oljedirektoratet .
Produksjonen i norsk kraftforsyning gjekk ned med 6,3 prosent frå september til og med november 2013 samanlikna med månadene før, viser sesongusterte tal.
Finn fleire tal
Finn detaljerte tal frå Produksjonsindeksen for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning
Kontakt
-
Produksjon og omsetning
E-post: prodoms@ssb.no