106642_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/pii/maaned
106642
Vekst i industriproduksjonen i 2013
statistikk
2014-02-07T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningdesember 2013

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Vekst i industriproduksjonen i 2013

Frå 2012 til 2013 gjekk industriproduksjonen opp med 3,6 prosent, viser kalenderjustere tal. Sesongjusterte tal viser at produksjonen i norsk industri gjekk ned med 0,7 prosent frå 3. til 4. kvartal 2013, medan det var ein oppgang på 1,7 prosent frå november til desember.

Produksjonsindeks. Prosentvis endring og vekter
SesongjustertKalenderjustert1Vekter2
Månadsendring3-månadsendring12-månadsendring
Desember 2013 / November 2013Oktober 2013 - Desember 2013 / Juli 2013 - September 2013Desember 2013 / Desember 2012
1Korrigert for at vekedagar har ulik arbeidsintensitet og for offentlege fri- og heilagdagar i Noreg.
2Vektene blir oppdaterte årleg og gjeld for heile året.
Utvinning, bergverk, industri og kraft0,5-3,2-2,2100,0
Utvinning og utvinningstjenester0,3-3,80,973,5
Bergverksdrift5,1-13,4-16,70,6
 
Industri1,7-0,73,820,1
Nærings-, drikkevare og tob.ind.0,3-2,4-3,83,8
Oljeraff., kjemisk, farmas. industri0,8-3,5-7,52,0
Metallindustri-1,13,23,91,1
Maskinindustri1,10,112,12,8
Bygging av skip og oljeplattformer2,0-1,07,92,1
 
Kraftforsyning-3,9-4,6-10,45,9

Produksjonen i norsk industri gjekk opp med 3,6 prosent frå 2012 til 2013, viser kalenderjusterte tal .

Dette heng saman med den markerte auken i bygging av skip og oljeplattformer, maskinindustrien samt innanfor maskinreparasjon og -installasjon i 1. halvår av 2013. Det var ein liten nedgang i produksjonen i trelast- og trevareindustrien, innanfor kjemiske råvarer samt metallindustrien frå 2012 til 2013.

Tremånadsendring: Noko nedgang i industriproduksjonen i 4. kvartal 2013

Endringane i norsk industriproduksjon frå 3. til 4. kvartal 2013 må settast i samanheng med den rekordhøge produksjonen som vart registrert i 3. kvartal. Produksjonen i ikkje-jarnhaldige metall gjekk likevel opp med 4,6 prosent frå 3. til 4. kvartal 2013, viser sesongjusterte tal . Dette heng saman med ei viss betring av den internasjonale etterspurnaden gjennom 2013. Derimot har omfattande stans for vedlikehald og driftsproblem hjå enkelte produsentar bidrege til at produksjonen i kjemiske råvarer gjekk ned med 4,9 prosent frå 3. til 4. kvartal 2013. Det var samstundes eit markert fall i produksjonen i papir- og papirvareindustrien på grunn av nedlegging av verksemd i Norge.

Det var elles ein nedgang på 1,6 prosent i norsk næringsmiddelindustri i siste kvartal av 2013. Dette heng saman med ein noko lågare produksjon av fisk og fiskevarer samt produksjon av fôr og fôrvarer frå 3. til 4. kvartal 2013.

Månadsendring: Vekst i bygging av skip og oljeplattformer i desember 2013

Det var ein vekst på 2,0 prosent i bygging av skip og oljeplattformer frå november til desember 2013, viser sesongjusterte tal. Saman med vekst i maskinindustrien samt maskinreparasjon og -installasjon bidrog dette til den klåre oppgangen i norsk industriproduksjon i desember. Norsk næringsmiddelindustri hadde også ein liten vekst i produksjonen frå november til desember 2013.

Tolvmånadsendring: Sterkare vekst i eurosona enn i Noreg i november 2013

Norsk industriproduksjon gjekk opp med 1,7 prosent frå november 2012 til november 2013, viser kalenderjusterte tal. Statistikk frå Eurostat viser at industriproduksjonen i land i eurosona gjekk opp med 3,4 prosent i den same perioden.

Tremånadsendring: Nedgang for produksjonsindeksen samla (PII) i 4. kvartal 2013

Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) gjekk ned med 3,2 prosent frå 3. til 4. kvartal 2013, viser sesongjusterte tal. Alle hovudnæringane i produksjonsindeksen hadde ein nedgang. Endringane for produksjonsindeksen samla (PII) heng særskild saman med ei lågare utvinning av råolje og naturgass i denne perioden. Utvinninga av råolje og naturgass gjekk ned med høvesvis 3,8 og 6,0 prosent frå 3. til 4. kvartal 2013.

Det var likevel ein viss auke i utvinninga av naturgass frå november til desember 2013, viser sesongjusterte tal. Det var elles redusert produksjon på nokre felt på norsk kontinentalsokkel grunna reparasjonsarbeid i desember 2013, viser opplysningar frå Oljedirektoratet.

Produksjonen i norsk kraftforsyning gjekk ned med 4,6 prosent frå 3. til 4. kvartal, viser sesongjusterte tal.

Årsendring: Nedgang for produksjonsindeksen samla (PII) i 2013

Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) hadde ei årsendring på -4,9 prosent frå 2012 til 2013, viser kalenderjusterte tal. Produksjonen var lågare i 2013 enn i 2012 i alle andre hovudnæringar enn industrien.

Produksjonen i industrien for november 2013 er justert noko nedÅpne og lesLukk

Ny informasjon frå norsk næringsmiddelindustri har gjort det nødvendig å berekne produksjonsindeksen for november 2013 på nytt. Tal for norsk næringsmiddelindustri er justerte ned. Dette har også verka inn på samla produksjon i industrien som er justert litt ned. Det ikkje gjort endringar elles i produksjonsindeksen for november 2013 i høve til tidlegare publiserte tal.