140144_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/pii/maaned
140144
Små endringar i industriproduksjonen
statistikk
2014-03-07T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false
Produksjonsindeksen måler utviklinga i verdiskaping i olje og gass, industri, bergverk og kraft. Industriproduksjonen gjekk ned 0,4 prosent frå desember 13 til januar 14.

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningjanuar 2014

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Små endringar i industriproduksjonen

Det var ein oppgang i norsk industriproduksjon på 0,2 prosent frå november 2013 til og med januar 2014, samanlikna med tremånadersperioden før, viser sesongjusterte tal. Frå desember 2013 til januar 2014 var det ein nedgang på 0,4 prosent.

Produksjonsindeks. Prosentvis endring og vekter
SesongjustertKalenderjustert1Vekter2
Månadsendring3-månadsendring12-månadsendring
Januar 2014 / Desember 2013November 2013 - Januar 2014 / August 2013 - Oktober 2013Januar 2014 / Januar 2013
1Korrigert for at vekedagar har ulik arbeidsintensitet og for offentlege fri- og heilagdagar i Noreg.
2Vektene blir oppdaterte årleg og gjeld for heile året.
Utvinning, bergverk, industri og kraft1,10,62,5100,0
Utvinning og utvinningstjenester-0,70,11,771,9
Bergverksdrift-2,9-9,3-11,30,6
 
Industri-0,40,22,722,7
Nærings-, drikkevare og tob.ind.-0,7-3,0-3,34,1
Oljeraff., kjemisk, farmas. industri9,4-0,93,52,0
Metallindustri-1,71,8-0,71,1
Maskinindustri-0,61,89,13,2
Bygging av skip og oljeplattformer-2,50,63,82,4
 
Kraftforsyning7,21,5-0,44,8

Produksjonen i ikkje-jarnhaldige metall gjekk opp med 4,0 prosent frå november 2013 til og med januar 2014, samanlikna med tremånadersperioden før, viser sesongjusterte tal . Det var samstundes ein liten nedgang i produksjonen i kjemiske råvarer. Produksjonen i norsk næringsmiddelindustri gjekk elles ned med 1,8 prosent frå november 2013 til og med januar 2014, samanlikna med månadene før. Det hang saman med ein noko lågare produksjon av fisk- og fiskevarer samt fôr og fôrvarer i denne perioden.

Næringar som metallvareindustri, data- og elektrisk utstyrsindustri, maskinindustrien og bygging av skip- og oljeplattformer hadde ein vekst i produksjonen frå november 2013 til og med januar 2014, samanlikna med perioden før.

Månadsendring: Nedgang i industriproduksjonen frå desember 2013 til januar 2014

Produksjonen i norsk næringsmiddelindustri gjekk ned med 2,0 prosent frå desember 2013 til januar 2014, viser sesongjusterte tal. Elles hadde bygging av skip og oljeplattformer samt maskinreparasjon og installasjon ein nedgang i produksjonen på høvesvis 2,5 og 1,2 prosent i den siste perioden.

Det var derimot ein vekst på 7,3 prosent i produksjonen i ikkje-jarnhaldige metall i januar 2014 samanlikna med desember 2013, viser sesongjusterte tal. Det var også ein oppgang på 4,9 prosent i produksjonen i kjemiske råvarer frå desember 2013 til januar 2014. Desse endringane heng saman med ei viss betring i den internasjonale etterspurnaden etter industrielle råvarer gjennom 2013.

Tolvmånadsendring: Sterkare vekst i Noreg enn i eurosona i desember 2013

Norsk industriproduksjon gjekk opp med 3,8 prosent frå desember 2012 til desember 2013, viser kalenderjusterte tal . Statistikk frå Eurostat viser at industriproduksjonen i land i eurosona gjekk opp med 0,8 prosent i den same perioden.

Tremånadsendring: Produksjonsindeksen samla (PII) gjekk litt opp

Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) gjekk opp med 0,6 prosent frå november 2013 til og med januar 2014, samanlikna med perioden før, viser sesongjusterte tal. Utvinninga av råolje gjekk opp med 4,6 prosent, medan produksjonen av naturgass gjekk ned med 4,9 prosent. Utvinninga av råolje og naturgass gjekk elles ned med høvesvis 0,4 og 1,3 prosent frå desember 2013 til januar 2014, viser sesongjusterte tal. Det var redusert produksjon på fleire felt på norsk kontinentalsokkel på grunn av tekniske problem i januar 2014, viser opplysningar frå Oljedirektoratet .

Produksjonen i norsk kraftforsyning gjekk opp med 1,5 prosent frå november 2013 til og med januar 2014, samanlikna med tremånadersperioden før, viser sesongjusterte tal.

Oppdaterte vekter i PIIÅpne og lesLukk

Vektene i PII er oppdaterte ved overgangen til nytt år. Grunnlaget for vektene er tilverkingsverdi til faktorpris frå årleg strukturstatistikk for olje- og gassutvinning, industri, elektrisitet og fjernvarme for 2012. Desse blir framskrivne til situasjonen ved utgangen av 2013 med endringstal frå kvartalsvis nasjonalrekneskap og kvantumsopplysningar frå Oljedirektoratet.

Frå 2013 til 2014 var vektene til industrinæringane metallvareindustri, maskinindustri, bygging av skip og oljeplattformer samt maskinreparasjon- og installasjon mellom dei som gjekk mest opp. Vektene for kjemiske råvarer og ikkje-jarnhaldige metall gjekk ned. Vekta til utvinning og utvinningstenester gjekk òg ned, som følgje av lågare vekter til både utvinning av råolje og utvinning av naturgass.

ProduktivitetsfaktorarÅpne og lesLukk

Oppdaterte produktivitetsfaktorar for produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning (PII) blir tekne i bruk frå og med 2014. Desse opplysningane er henta frå årleg nasjonalrekneskap. Faktorane bygger på årleg volumendring i bruttoprodukt per utført timeverk for dei aktuelle næringane og er eit gjennomsnitt for dei 5 siste åra.