140164_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/pii/maaned
140164
Vekst i industriproduksjonen
statistikk
2014-04-07T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false
Produksjonsindeksen måler utviklinga i verdiskaping i olje og gass, industri, bergverk og kraft. Industriproduksjonen gjekk opp 0,2 prosent frå jan. til feb.14.

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningfebruar 2014

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Vekst i industriproduksjonen

Produksjonen i norsk industri gjekk opp med 1,1 prosent frå desember 2013 til og med februar 2014, samanlikna med tremånadersperioden før, viser sesongjusterte tal. Det var ein oppgang i norsk industriproduksjon på 0,2 prosent frå januar til februar 2014.

Produksjonsindeks. Prosentvis endring og vekter
SesongjustertKalenderjustert1Vekter2
Månadsendring3-månadsendring12-månadsendring
Februar 2014 / Januar 2014Desember 2013 - Februar 2014 / September 2013 - November 2013Februar 2014 / Februar 2013
1Korrigert for at vekedagar har ulik arbeidsintensitet og for offentlege fri- og heilagdagar i Noreg.
2Vektene blir oppdaterte årleg og gjeld for heile året.
Utvinning, bergverk, industri og kraft0,71,85,2100,0
Utvinning og utvinningstjenester1,40,96,271,9
Bergverksdrift6,0-1,6-9,70,6
 
Industri0,21,12,122,7
Nærings-, drikkevare og tob.ind.0,9-1,6-1,04,1
Oljeraff., kjemisk, farmas. industri-1,23,21,92,0
Metallindustri-1,0-1,10,81,1
Maskinindustri1,82,210,23,2
Bygging av skip og oljeplattformer4,01,15,92,4
 
Kraftforsyning-5,01,7-5,34,8

Indeksnivået for industrien var 121,1 (2005=100) frå desember 2013 til og med februar 2014, mot 119,8 i tremånadersperioden før.

Tremånadsendring: Auke i industriproduksjonen

Veksten i denne perioden kan særleg knytast til auka produksjon i oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri saman med maskinindustri. Produksjonen i desse næringane gjekk opp med respektive 3,2 og 2,2 prosent frå desember 2013 til og med februar 2014, samanlikna med den føregåande tremånadersperioden, viser sesongjusterte tal . Aktiviteten i maskinindustri var framleis rekordhøg, og det har vore ein auke i produksjonen på 111 prosent sidan 2005. Det var elles ein oppgang i produksjonen i data-, og elektrisk utstyrsindustri og maskinreparasjon og -installasjon i den siste tremånadersperioden samanlikna med månadene før.

Produksjonen i norsk næringsmiddelindustri gjekk elles ned med 1,0 prosent frå desember 2013 til og med februar 2014, samanlikna med månadene før. Det heng saman med ein noko lågare produksjon av fisk- og fiskevarer og fôr og fôrvarer i denne perioden. Gummi, plast og mineralsk industri hadde også ein nedgang i produksjonen.

Månadsendring: Liten oppgang i industriproduksjonen frå januar til februar 2014

Det var ein klår vekst i bygging av skip og oljeplattformer på 4,0 prosent frå januar til februar 2014, viser sesongjusterte tal. Dette heng saman med auka ordretilgang, viser kvartalsvis ordrestatistikk for industrien . Maskinindustri og næringsmiddelindustri hadde også ein oppgang i produksjonen på høvesvis 1,8 og 1,5 prosent i den same perioden. Data- og elektrisk utstyrsindustri og oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri hadde derimot ein nedgang i produksjonen i denne perioden.

Tolvmånadsendring: Sterkare vekst i eurosona enn i Noreg i januar 2014

Norsk industriproduksjon gjekk opp med 2,7 prosent frå januar 2013 til januar 2014, viser kalenderjusterte tal . Estimerte tal frå Eurostat viser at industriproduksjonen i land i eurosona gjekk opp med 3,5 prosent i den same perioden.

Tremånadsendring: Produksjonsindeksen samla (PII) gjekk opp

Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) gjekk opp med 1,8 prosent frå desember 2013 til og med februar 2014, samanlikna med perioden før, viser sesongjusterte tal. Utvinninga av råolje gjekk opp med 5,1 prosent, medan produksjonen av naturgass gjekk ned med 2,5 prosent. Frå januar til februar 2014 gjekk utvinninga av råolje ned 0,2 prosent, medan utvinninga av naturgass gjekk opp 2,7 prosent, viser sesongjusterte tal. Det var redusert produksjon på fleire felt på norsk kontinentalsokkel grunna tekniske problem og reparasjonsarbeid i februar 2014, viser opplysningar frå Oljedirektoratet .

Produksjonen i norsk kraftforsyning gjekk opp med 1,7 prosent frå desember 2013 til og med februar 2014, samanlikna med tremånadersperioden før, viser sesongjusterte tal.