Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Rekordhøg industriproduksjon
Produksjonen i norsk industri gjekk opp 1,2 prosent frå februar til og med april 2014, samanlikna med tremånedersperioden før, viser sesongjusterte tal. Frå mars til april 2014 var industriproduksjonen uendra.
Sesongjustert | Kalenderjustert1 | Vekter2 | ||
---|---|---|---|---|
Månadsendring | 3-månadsendring | 12-månadsendring | ||
April 2014 / Mars 2014 | Februar 2014 - April 2014 / November 2013 - Januar 2014 | April 2014 / April 2013 | ||
1Korrigert for at vekedagar har ulik arbeidsintensitet og for offentlege fri- og heilagdagar i Noreg. | ||||
2Vektene blir oppdaterte årleg og gjeld for heile året. | ||||
Utvinning, bergverk, industri og kraft | -0,1 | 3,3 | 3,2 | 100,0 |
Utvinning og utvinningstjenester | -1,2 | 2,5 | 0,7 | 71,9 |
Bergverksdrift | -1,2 | 10,3 | -0,9 | 0,6 |
Industri | 0,0 | 1,2 | 1,8 | 22,7 |
Nærings-, drikkevare og tob.ind. | 4,9 | 3,4 | 7,7 | 4,1 |
Oljeraff., kjemisk, farmas. industri | 0,0 | 3,6 | -3,7 | 2,0 |
Metallindustri | 0,4 | 0,9 | 9,2 | 1,1 |
Maskinindustri | -2,1 | 2,0 | 5,2 | 3,2 |
Bygging av skip og oljeplattformer | 0,6 | 3,2 | 1,4 | 2,4 |
Kraftforsyning | 9,0 | 6,9 | 20,9 | 4,8 |
Produksjonen i norsk industri var rekordhøg frå februar til og med april 2014, og indeksnivået var 122,0 (2005=100), mot 120,5 i tremånedersperioden før. Etter ein nedgang i industriproduksjonen i september til og med november 2013 har det sidan vore ein oppgang i 2014.
Tremånadsendring: vekst i industriproduksjonen
Frå februar til og med april 2014 var det mellom anna auke i produksjonen i næringane bygging av skip og oljeplattformer og maskinindustri, samanlikna med tremånedersperioden før, viser sesongjusterte tal . Aktiviteten i maskinindustrien var rekordhøg den siste tremånedersperioden, og sidan 2005 har det vore ein auke i produksjonen på 113 prosent.
Det var elles ein klår auke i næringsmiddelindustrien, som særlig hang saman med ein høgare produksjon av fisk og fiskevarer i april 2014. Høg internasjonal etterspurnad etter laks og betre tilgang på råstoff forklarar mykje av denne auken. I næringar som trelast- og trevareindustri samt data og elektrisk utstyrsindustri var det ein liten nedgang i siste tremånedersperiode.
Månadsendring: uendra industriproduksjon frå mars til april 2014
Produksjonen i norsk næringsmiddelindustri, trelast- og trevare industri og gummi, plast og mineralsk industri hadde ein vekst frå mars til april 2014, viser sesongjusterte tal. Det var også ein mindre auke i produksjonen i bygging av skip og oljeplattformer.
Kjemiske råvarer og maskinindustri hadde derimot ein nedgang i produksjonen frå mars til april 2014. Nedgangen i kjemiske råvarer hang mellom anna saman med stans for vedlikehald hos viktige produsentar i april i år.
Tolvmånadsendring: sterkare vekst i Noreg enn i eurosona i mars 2014
Norsk industriproduksjon gjekk opp med 3,7 prosent frå mars 2013 til mars 2014, viser kalenderjusterte tal . Næringsmiddelindustri og maskinindustri medverka til denne oppgangen. Estimerte tal frå Eurostat viser at industriproduksjonen i land i eurosona gjekk opp med 1,9 prosent i den same perioden.
Tremånadersendring: Produksjonsindeksen samla (PII) gjekk opp
Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) gjekk opp 3,3 prosent frå februar til og med april 2014, samanlikna med perioden før, viser sesongjusterte tal. Utvinninga av råolje gjekk ned 1,3 prosent, medan produksjonen av naturgass gjekk opp 6,8 prosent. Frå mars til april 2014 gjekk utvinninga av råolje ned 1,5 prosent, medan produksjonen av naturgass gjekk opp med 0,3, viser sesongjusterte tal. Det var redusert produksjon på nokre felt på norsk kontinentalsokkel på grunn av tekniske problem og reparasjonsarbeid i april 2014, viser opplysningar frå Oljedirektoratet .
Produksjonen i norsk kraftforsyning gjekk opp 6,9 frå februar 2014 til og med april 2014, samanlikna med tremånadersperioden før, viser sesongjusterte tal.
Påsken kan påverke dei kalenderjusterte og sesongjusterte talaÅpne og lesLukk
Det er viktig å vere klar over at det er større uvisse enn normalt i dei kalenderjusterte og sesongjusterte indeksane for mars og april grunna ulik plassering av påska frå år til år. Dette verkar òg inn på dei sesongjusterte tala for 1. og 2. kvartal. Rutina for sesongjustering tek omsyn til påska si plassering, men det kan vere vanskeleg å korrigere for alle effektane av påska.
Finn fleire tal
Finn detaljerte tal frå Produksjonsindeksen for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning
Kontakt
-
Produksjon og omsetning
E-post: prodoms@ssb.no