140223_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/pii/maaned
140223
Industriens høge produksjon held fram
statistikk
2014-07-07T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false
Produksjonsindeksen måler utviklinga i verdiskapning i olje og gass, industri, bergverk og kraft. Industriproduksjonen gjekk ned 0,3 prosent frå april til mai 2014.

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningmai 2014

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Industriens høge produksjon held fram

Produksjonen i norsk industri gjekk opp 0,9 prosent frå mars til og med mai 2014, samanlikna med tremånadersperioden før, viser sesongjusterte tal. Frå april til mai 2014 var det derimot ein nedgang i industriproduksjonen på 0,3 prosent.

Produksjonsindeks. Prosentvis endring og vekter
SesongjustertKalenderjustert1Vekter2
Månadsendring3-månadsendring12-månadsendring
Mai 2014 / April 2014Mars 2014 - Mai 2014 / Desember 2013 - Februar 2014Mai 2014 / Mai 2013
1Korrigert for at vekedagar har ulik arbeidsintensitet og for offentlege fri- og heilagdagar i Noreg.
2Vektene blir oppdaterte årleg og gjeld for heile året.
Utvinning, bergverk, industri og kraft-5,90,7-4,0100,0
Utvinning og utvinningstjenester-9,7-1,4-11,471,9
Bergverksdrift2,610,5-3,10,6
 
Industri-0,30,92,422,7
Nærings-, drikkevare og tob.ind.-2,24,24,74,1
Oljeraff., kjemisk, farmas. industri1,70,92,92,0
Metallindustri-1,63,94,71,1
Maskinindustri1,91,89,13,2
Bygging av skip og oljeplattformer1,52,73,72,4
 
Kraftforsyning1,313,915,94,8

Indeksnivået for industrien var 122,2 (2005=100) i perioden mars til og med mai 2014, mot 121,1 i tremånadersperioden før.

Tremånadsendring: Vekst i industriproduksjonen

Det var mellom anna ein auke i produksjonen i næringar som maskinindustri og bygging av skip og oljeplattformer frå mars til og med mai 2014, samanlikna med i tremånadersperioden før, viser sesongjusterte tal . Desse næringane har sidan 2005 hatt ein oppgang på høvesvis 114 og 110 prosent. Det var òg ein klår vekst i næringsmiddelindustrien som særlig hang saman med ein høgare produksjon av fisk- og fiskevarer. Dette kan knytast til høg internasjonal etterspurnad etter laks.

Metallindustrien hadde samstundes ein vekst grunna auka produksjon av jarnhaldige metall. Derimot var det ein nedgang i kjemiske råvarer frå mars til og med mai 2014, samanlikna med tremånadersperioden før. Denne nedgangen hang mellom anna saman med stans for vedlikehald hos viktige produsentar i april i år.

Månadsendring: Nedgang i industriproduksjon frå april til mai 2014

Produksjonen i gummi, plast og mineralsk industri, metallvareindustrien og maskinreparasjon og -installasjon gjekk ned frå april til mai 2014, viser sesongjusterte tal. Det var òg ein nedgang i produksjonen i næringsmiddelindustri og trelast- og trevareindustri. Maskinindustrien og bygging av skip og oljeplattformer hadde derimot ein oppgang i produksjonen frå april til mai 2014.

Tolvmånadsendring: Sterkare vekst i eurosona enn i Noreg i april 2014

Norsk industriproduksjon gjekk opp med 1,7 prosent frå april 2013 til april 2014, viser kalenderjusterte tal . Næringsmiddelindustri og maskinindustri medverka til denne oppgangen. Estimerte tal frå Eurostat viser at industriproduksjonen i land i eurosona gjekk opp med 2,4 prosent i den same perioden.

Tremånadsendring: Produksjonsindeksen samla (PII) gjekk opp

Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) gjekk opp med 0,7 prosent frå mars til og med mai 2014, samanlikna med perioden før, viser sesongjusterte tal. Utvinninga av råolje gjekk ned med 5,8 prosent, medan produksjonen av naturgass gjekk opp med 4,4 prosent. Frå april til mai 2014 gjekk utvinninga av råolje ned 12,4 prosent, medan produksjonen av naturgass gjekk ned med 5,6, viser sesongjusterte tal. Det var redusert produksjon på fleire felt på norsk kontinentalsokkel på grunn av planlagt vedlikehaldsarbeid i mai 2014, viser opplysningar frå Oljedirektoratet .

Produksjonen i norsk kraftforsyning gjekk opp med 13,9 prosent frå mars til og med mai 2014, samanlikna med tremånedersperioden før, viser sesongjusterte tal.