Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Klår vekst i industrien frå 1. til 2. kvartal
Produksjonen i norsk industri gjekk opp 1,3 prosent frå 1. til 2. kvartal 2014, viser sesongjusterte tal. På månadsbasis, frå mai til juni 2014, auka industriproduksjonen med 1,7 prosent.
Sesongjustert | Kalenderjustert1 | Vekter2 | ||
---|---|---|---|---|
Månadsendring | 3-månadsendring | 12-månadsendring | ||
Juni 2014 / Mai 2014 | April 2014 - Juni 2014 / Januar 2014 - Mars 2014 | Juni 2014 / Juni 2013 | ||
1Korrigert for at vekedagar har ulik arbeidsintensitet og for offentlege fri- og heilagdagar i Noreg. | ||||
2Vektene blir oppdaterte årleg og gjeld for heile året. | ||||
Utvinning, bergverk, industri og kraft | 5,7 | -1,1 | 3,2 | 100,0 |
Utvinning og utvinningstjenester | 9,0 | -3,6 | -0,8 | 71,9 |
Bergverksdrift | -3,3 | 6,2 | -11,7 | 0,6 |
Industri | 1,7 | 1,3 | 3,1 | 22,7 |
Nærings-, drikkevare og tob.ind. | 1,1 | 4,4 | 5,6 | 4,1 |
Oljeraff., kjemisk, farmas. industri | -4,8 | -1,9 | -4,6 | 2,0 |
Metallindustri | -0,7 | 1,9 | 4,8 | 1,1 |
Maskinindustri | 1,2 | 1,5 | 8,6 | 3,2 |
Bygging av skip og oljeplattformer | 1,6 | 3,9 | -0,5 | 2,4 |
Kraftforsyning | -0,9 | 13,3 | 11,7 | 4,8 |
Produksjonen i norsk industri var rekordhøg i 2. kvartal 2014, og indeksnivået var 123,2 (2005=100), mot 121,6 i kvartalet før.
Tremånadsendring: Høg industriproduksjon i 2. kvartal
Oppgangen frå 1. til 2. kvartal 2014 kan særleg knytast til auka produksjon i næringsmiddelindustrien. Dette heng mellom anna saman med ein større produksjon av fisk og fiskevarer grunna auka internasjonal etterspurnad etter laks.
Dei sesongjusterte tala viser elles ein vekst i produksjonen i næringar som maskinindustri og bygging av skip og oljeplattformer i 2. kvartal, samanlikna med kvartalet før. Desse næringane har sidan 2005 hatt ein oppgang på høvesvis 115 og 114 prosent. I tillegg var det vekst i maskinreparasjon- og installasjon som følgje av auka ordretilgang i byrjinga av 2014 . Samstundes var det ein nedgang i kjemiske råvarer og ikkje-jarnhaldige metall i 2. kvartal 2014, samanlikna med kvartalet før.
Månadsendring: Solid vekst i industriproduksjonen frå mai til juni 2014
Produksjonen i maskinreparasjon og -installasjon hadde ein klår oppgang frå mai til juni 2014, viser sesongjusterte tal. Det var òg ein vekst i produksjonen for gummi, plast og mineralsk industri, metallvareindustrien og i bygging av skip og oljeplattformer. Oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri hadde derimot ein nedgang i produksjonen frå mai til juni 2014.
Tolvmånadsendring: Sterkare vekst i Noreg enn i eurosona i mai 2014
Norsk industriproduksjon gjekk opp med 2,5 prosent frå mai 2013 til mai 2014, viser kalenderjusterte tal . Næringsmiddelindustrien og maskinindustrien medverka særskild til denne oppgangen. Estimerte tal frå Eurostat, statistikkontoret i EU, viser at industriproduksjonen i land i eurosona gjekk opp med 0,9 prosent i den same perioden.
Tremånadsendring: Produksjonsindeksen samla (PII) gjekk ned frå 1. til 2. kvartal
Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) gjekk ned 1,1 prosent frå 1. til 2. kvartal, viser sesongjusterte tal. Utvinninga av råolje gjekk ned med 6,9 prosent, medan produksjonen av naturgass fall med 0,2 prosent. Frå mai til juni 2014 gjekk utvinninga av råolje opp 14 prosent, medan produksjonen av naturgass auka med 0,6 prosent, viser sesongjusterte tal. Det var redusert produksjon på nokre felt på norsk kontinentalsokkel grunna planlagt vedlikehaldsarbeid og tekniske problem i juni 2014, viser opplysningar frå Oljedirektoratet .
Produksjonen i norsk kraftforsyning gjekk opp med 13,3 prosent i 2. kvartal 2014, samanlikna med kvartalet før, viser sesongjusterte tal.
Finn fleire tal
Finn detaljerte tal frå Produksjonsindeksen for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning
Kontakt
-
Produksjon og omsetning
E-post: prodoms@ssb.no