Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Oljedriven vekst i industrien
Produksjonen i norsk industri gjekk opp 2,1 prosent frå juni til og med august 2014, samanlikna med tremånadersperioden før, viser sesongjusterte tal. På månadsbasis, frå juli til august 2014, auka industriproduksjonen med 1,0 prosent.
Sesongjustert | Kalenderjustert1 | Vekter2 | ||
---|---|---|---|---|
Månadsendring | 3-månadsendring | 12-månadsendring | ||
August 2014 / Juli 2014 | Juni 2014 - August 2014 / Mars 2014 - Mai 2014 | August 2014 / August 2013 | ||
1Korrigert for at vekedagar har ulik arbeidsintensitet og for offentlege fri- og heilagdagar i Noreg. | ||||
2Vektene blir oppdaterte årleg og gjeld for heile året. | ||||
Utvinning, bergverk, industri og kraft | -0,6 | 0,7 | 2,3 | 100,0 |
Utvinning og utvinningstjenester | -1,0 | 0,6 | -1,6 | 71,9 |
Bergverksdrift | 4,1 | 1,8 | 7,9 | 0,6 |
Industri | 1,0 | 2,1 | 5,2 | 22,7 |
Nærings-, drikkevare og tob.ind. | 0,4 | 0,8 | 3,4 | 4,1 |
Oljeraff., kjemisk, farmas. industri | -6,5 | -0,3 | -1,7 | 2,0 |
Metallindustri | 1,7 | -2,2 | 3,6 | 1,1 |
Maskinindustri | -0,5 | 3,5 | 8,9 | 3,2 |
Bygging av skip og oljeplattformer | 5,4 | 7,5 | 22,4 | 2,4 |
Kraftforsyning | -6,7 | -5,6 | -2,6 | 4,8 |
Produksjonen i industrien var rekordhøg i perioden juni til og med august 2014, og indeksnivået var på 125,3 (2005=100), mot 122,7 i tremånadersperioden før.
Tremånadsendring: Stor aktivitet i bygging av oljeplattformer og i maskinreparasjon
Auken i industriproduksjonen på 2,1 prosent i den siste tremånadersperioden heng i stor grad saman med stor aktivitet hos leverandørar til olje og gassektoren. Næringar som bygging av skip og oljeplattformer samt maskinreparasjon og -installasjon, hadde ein særskilt produksjonsauke frå juni til og med august 2014, mot tremånadersperioden før, viser sesongjusterte tal . Svært høg aktivitet hos enkelte store aktørar innanfor desse næringane forklarer denne veksten. Innanfor bygging av skip og oljeplattformer er den store aktiviteten særleg knytt til produksjon av oljeplattformer og modular. Næringa har sidan 2005 hatt ein oppgang på 127 prosent. Framleis vekst i maskinindustrien bidrar òg til oppgang i den totale industriproduksjonen.
Det var elles ein vidare auke i næringsmiddelindustrien som særleg hang saman med høg produksjon av fisk og fiskevarer samt fôr og fôrvarer. Samstundes var det ein nedgang for gummi, plast og mineralsk industri, og i metallindustrien frå juni til og med august 2014, i høve til tremånadersperioden før.
Månadsendring: Vekst frå juli til august 2014
Det var vekst i næringar som bygging av skip og oljeplattformer samt annan verkstadindustri i perioden juli til august 2014, viser sesongjusterte månadstal. På den andre sida var det ein nedgang innanfor oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri, og i data- og elektrisk utstyrsindustri. Det var og eit fall i produksjonen av ikkje-jarnhaldige metall i denne perioden.
Tolvmånadsendring: Jamn vekst i eurosona og i Noreg i juli 2014
Norsk industriproduksjon gjekk opp med 2,9 prosent frå juli 2013 til juli 2014, viser kalenderjusterte tal . Maskinindustrien og bygging av skip og oljeplattformer medverka særskilt til oppgangen. Estimerte tal frå Eurostat, statistikkontoret i EU, viser at industriproduksjonen i land i eurosona auka med 3,1 prosent i den same perioden.
Tremånadsendring: Moderat vekst i produksjonsindeksen samla (PII)
Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) gjekk opp med 0,7 prosent frå juni til og med august 2014, mot perioden før, viser sesongjusterte tal. Utvinninga av råolje veks med 3,8 prosent, medan produksjonen av naturgass fall med 4,1 prosent. Frå juli til august 2014 gjekk utvinninga av råolje og produksjonen av naturgass opp med høvesvis 0,4 og 1,6 prosent, viser sesongjusterte tal. Det var redusert produksjon på nokre felt på norsk kontinentalsokkel på grunn av vedlikehald og tekniske problem i august 2014, viser opplysningar frå Oljedirektoratet .
Produksjonen i norsk kraftforsyning fall med 5,6 prosent frå juli til og med august 2014, i høve til tremånadersperioden før, viser sesongjusterte tal.
Finn fleire tal
Finn detaljerte tal frå Produksjonsindeksen for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning
Kontakt
-
Produksjon og omsetning
E-post: prodoms@ssb.no