Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Nedgang i industriproduksjonen
Produksjonen i norsk industri gjekk ned 0,5 prosent frå november 2014 til og med januar 2015, samanlikna med tremånadersperioden før, viser sesongjusterte tal. På månadsbasis, frå desember 2014 til januar 2015, var det ein nedgang på heile 3,7 prosent.
Sesongjustert | Kalenderjustert1 | Vekter2 | ||
---|---|---|---|---|
Månadsendring | 3-månadsendring | 12-månadsendring | ||
Januar 2015 / Desember 2014 | November 2014 - Januar 2015 / August 2014 - Oktober 2014 | Januar 2015 / Januar 2014 | ||
1Korrigert for at vekedagar har ulik arbeidsintensitet og for offentlege fri- og heilagdagar i Noreg. | ||||
2Vektene blir oppdaterte årleg og gjeld for heile året. | ||||
Utvinning, bergverk, industri og kraft | -3,0 | -1,4 | -0,4 | 100,0 |
Utvinning og utvinningstjenester | -2,6 | -2,2 | -1,0 | 71,8 |
Bergverksdrift | -0,9 | -2,1 | 11,4 | 0,6 |
Industri | -3,7 | -0,5 | -0,2 | 22,1 |
Nærings-, drikkevare og tob.ind. | -1,4 | -0,9 | 0,7 | 4,3 |
Oljeraff., kjemisk, farmas. industri | 6,7 | 2,4 | -1,0 | 2,0 |
Metallindustri | -8,0 | -0,9 | -3,9 | 0,9 |
Maskinindustri | -7,1 | 0,9 | 3,9 | 2,9 |
Bygging av skip og oljeplattformer | -5,5 | -4,7 | -1,0 | 2,3 |
Kraftforsyning | -2,1 | 3,4 | 0,5 | 5,5 |
Indeksnivået for industriproduksjonen var på 124,1 (2005= 100) i perioden november 2014 til og med januar 2015, mot 124,7 i tremånadersperioden før.
Tremånadersendring: Nedgang innanfor bygging av skip og oljeplattformer
Nedgangen i industriproduksjonen var på 0,5 prosent frå november 2014 til og med januar 2015, samanlikna med tremånadersperioden før, viser sesongjusterte tal. Det var ein nedgang i blant anna næringsmiddelindustrien og i bygging av skip og oljeplattformer. Innanfor bygging av skip og oljeplattformer var nedgangen særleg stor i januar 2015, og kjem etter eit høgt nivå i andre halvdel av 2014. Det var og ein nedgang innanfor kjemiske råvarer og ikkje-jarnholdige metall.
På den andre sida var det ein oppgang innanfor næringsgruppa oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri. Data og elektrisk utstyrsindustri og maskinreparasjon og -installasjon hadde og ein auke. Innanfor maskinreparasjon og -installasjon hang veksten i denne perioden mellom anna saman med stor oppdragsmengde i november og desember hos enkelte viktige aktørar.
Månadsendring: Nedgang i maskinindustrien
Industriproduksjonen fall med heile 3,7 prosent frå desember 2014 til januar 2015, viser sesongjusterte tal. Nedgangen kan særleg knytas til lågare aktivitet hos leverandørar til olje- og gassektoren. Det var mellom anna ein nedgang i maskinindustrien og i bygging av skip og oljeplattformer i denne perioden. Det var og ein nedgang innanfor ikkje-jarnholdige metall grunna mellom anna lågare etterspurnad.
Det var samstundes ein auke i produksjonen innanfor næringsgruppa oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri i denne perioden.
Tolvmånadersendring: Sterkare vekst i Noreg enn i eurosona i desember 2014
Norsk industriproduksjon gjekk opp med 4,4 prosent frå desember 2013 til desember 2014, viser kalenderjusterte tal. Maskinindustrien og maskinreparasjon og -installasjon medverka særleg til oppgangen. Estimerte tal frå Eurostat, statistikkontoret i EU, viser at industriproduksjonen i land i eurosona auka med 0,2 prosent i den same perioden.
Tremånadersendring: Nedgang i den samla produksjonsindeksen (PII)
Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) gjekk ned med 1,4 prosent frå november 2014 til og med januar 2015, samanlikna med tremånadersperioden før, viser sesongjusterte tal. Utvinninga av råolje gjekk ned med 4,4 prosent, medan produksjonen av naturgass auka med 0,3 prosent. For fleire detaljer om olje- og gassproduksjonen i januar 2015, sjå pressemelding frå Oljedirektoratet.
Produksjonen i norsk kraftforsyning auka med 3,4 prosent frå november 2014 til og med januar 2015, samanlikna med tremånadersperioden før, viser sesongjusterte tal.
Timeverk for funksjonærarÅpne og lesLukk
Timeverk for funksjonærar vart tidligare berekna frå innrapporterte tal for tilsette funksjonærar. Frå og med januar 2015 målas desse meir detaljert basert på faktiske utførte timeverk. Denne endringa gjer at det er noko meir usikkerhet knyta til endringstala innanfor timeverksnæringane frå desember 2014 til januar 2015 enn tidlegare. Sjå «Om statistikken» for omfang av timeverksnæringar.
Finn fleire tal
Finn detaljerte tal frå Produksjonsindeksen for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning
Kontakt
-
Produksjon og omsetning
E-post: prodoms@ssb.no