Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Framleis fallande industriproduksjon
Produksjonen i norsk industri gjekk ned med 0,5 prosent frå desember 2014 til og med februar 2015, samanlikna med tremånadersperioden før, viser sesongjusterte tal. På månadsbasis, frå januar til februar 2015, var det ein oppgang på 1,2 prosent.
Sesongjustert | Kalenderjustert1 | Vekter2 | ||
---|---|---|---|---|
Månadsendring | 3-månadsendring | 12-månadsendring | ||
Februar 2015 / Januar 2015 | Desember 2014 - Februar 2015 / September 2014 - November 2014 | Februar 2015 / Februar 2014 | ||
1Korrigert for at vekedagar har ulik arbeidsintensitet og for offentlege fri- og heilagdagar i Noreg. | ||||
2Vektene blir oppdaterte årleg og gjeld for heile året. | ||||
Utvinning, bergverk, industri og kraft | 2,6 | -1,9 | 1,9 | 100,0 |
Utvinning og utvinningstjenester | 3,5 | -3,0 | 2,1 | 71,8 |
Bergverksdrift | -5,9 | -3,6 | -2,7 | 0,6 |
Industri | 1,2 | -0,5 | 0,8 | 22,1 |
Nærings-, drikkevare og tob.ind. | 0,7 | -0,6 | 1,0 | 4,3 |
Oljeraff., kjemisk, farmas. industri | 5,5 | 7,7 | 4,8 | 2,0 |
Metallindustri | -1,8 | -4,5 | -6,8 | 0,9 |
Maskinindustri | -0,3 | 0,0 | 3,6 | 2,9 |
Bygging av skip og oljeplattformer | -0,4 | -4,6 | -3,3 | 2,3 |
Kraftforsyning | 2,6 | -0,1 | 8,3 | 5,5 |
Indeksnivået for industriproduksjonen var på 123,6 (2005= 100) i perioden desember 2014 til og med februar 2015, mot 124,2 i tremånadersperioden før.
Tremånadersendring: Nedgang innanfor bygging av skip og oljeplattformer
Nedgangen i industriproduksjonen var på 0,5 prosent frå desember 2014 til og med februar 2015, samanlikna med tremånadersperioden før, viser sesongjusterte tal. Nedgangen kan delvis knytas til lågare aktivitet hos leverandørar til olje- og gassektoren, med ein lågare produksjon innanfor bygging av skip og oljeplattformer. Næringar som næringsmiddelindustri og ikkje-jarnhaldige metall hadde og ei nedgang i denne perioden. Nedgangen innanfor ikkje-jarnhaldige metall er mellom anna grunna lågare utalandsk etterspurnad.
På den andre sida var det ein klar oppgang innanfor næringsgruppa oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri i denne perioden. Denne oppgangen kjem delvis frå stans for vedlikehald hos viktige produsentar i tremånadersperioden før. Det var og noko høgare produksjon innanfor maskinreparasjon og -installasjon.
Månadsendring: Auke i industriproduksjonen frå januar til februar 2015
Industriproduksjonen gjekk opp med 1,2 prosent frå januar 2015 til februar 2015, viser sesongjusterte tal. Dei største bidraga til auken kom frå næringsgruppa oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri, og frå næringsmiddelindustrien. Det var samstundes ein nedgang i produksjonen innanfor maskinreparasjon og -installasjon og i metallindustrien.
Tolvmånadersendring: Vekst i eurosona mot om lag uendra produksjon i Noreg i januar 2015
Norsk industriproduksjon var med ein auke på 0,1 prosent frå januar 2014 til januar 2015 om lag uendra, viser kalenderjusterte tal. Næringar som ikkje-jarnhaldige metall og data- og elektrisk utstyrsindustri hadde mellom anna nedgang i denne perioden. Estimerte tal frå Eurostat, statistikkontoret i EU, viser at industriproduksjonen i land i eurosona auka med 1,0 prosent i den same perioden.
Tremånadersendring: Nedgang i den samla produksjonsindeksen (PII)
Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) gjekk ned med 1,9 prosent frå desember 2014 til og med februar 2015, samanlikna med tremånadersperioden før, viser sesongjusterte tal. Utvinninga av råolje gjekk ned med 1,7 prosent, medan produksjonen av naturgass gjekk ned 3,6 prosent. For fleire detaljer om olje- og gassproduksjonen i februar 2015, sjå pressemelding frå Oljedirektoratet.
Produksjonen i norsk kraftforsyning hadde ei lita nedgang på 0,1 prosent frå desember 2014 til og med februar 2015, samanlikna med tremånadersperioden før, viser sesongjusterte tal.
Ny berekning av produksjonsindeksen for januar 2015Åpne og lesLukk
Ny informasjon frå nokre av timeverksnæringane har gjort det nødvendig å berekne produksjonsindeksen for januar 2015 på nytt. Tal for industrien samla er om lag uendra, medan det er forskjellar i nokre næringar innan industrien. Informasjon frå seint mottekne skjema er tekne med i ny berekning av januar 2015. Biletet som blei formidla i januar-publiseringa er ikkje endra.
Finn fleire tal
Finn detaljerte tal frå Produksjonsindeksen for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning
Kontakt
-
Produksjon og omsetning
E-post: prodoms@ssb.no