Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Nedgang i industrien i 1. kvartal 2015
Produksjonen i norsk industri gjekk ned 1,0 prosent i 1. kvartal 2015 samanlikna med 4. kvartal 2014, viser sesongjusterte tal. På månadsbasis, frå februar til mars 2015, var det derimot ein sterk oppgang på 3,2 prosent.
Sesongjustert | Kalenderjustert1 | Vekter2 | ||
---|---|---|---|---|
Månadsendring | 3-månadsendring | 12-månadsendring | ||
Mars 2015 / Februar 2015 | Januar 2015 - Mars 2015 / Oktober 2014 - Desember 2014 | Mars 2015 / Mars 2014 | ||
1Korrigert for at vekedagar har ulik arbeidsintensitet og for offentlege fri- og heilagdagar i Noreg. | ||||
2Vektene blir oppdaterte årleg og gjeld for heile året. | ||||
Utvinning, bergverk, industri og kraft | 1,5 | -1,1 | 2,3 | 100,0 |
Utvinning og utvinningstjenester | 0,4 | -1,1 | 1,0 | 71,8 |
Bergverksdrift | -0,6 | -5,5 | -8,9 | 0,6 |
Industri | 3,2 | -1,0 | 4,1 | 22,1 |
Nærings-, drikkevare og tob.ind. | 2,2 | 0,0 | 4,1 | 4,3 |
Oljeraff., kjemisk, farmas. industri | 2,6 | 9,4 | 8,5 | 2,0 |
Metallindustri | -1,1 | -9,2 | -11,6 | 0,9 |
Maskinindustri | 3,9 | -2,0 | 7,9 | 2,9 |
Bygging av skip og oljeplattformer | 4,3 | -4,8 | 2,3 | 2,3 |
Kraftforsyning | 2,8 | 0,8 | 7,3 | 5,5 |
Indeksnivået for industriproduksjonen var 124,1 (2005= 100) i 1. kvartal 2015 mot 125,4 i 4. kvartal 2014.
Tremånadersendring: Lågare produksjon innafor olje- og gassrelatert industri i 1.kvartal
Sesongjusterte tal viser ein nedgang i industriproduksjonen på 1,0 prosent frå 4. kvartal 2014 til 1. kvartal 2015. Dette kan delvis knytas til lågare aktivitet hos leverandørar til olje- og gassektoren og gjeld næringar som bygging av skip og oljeplattformer og maskinreparasjon og -installasjon. Særskilt låg var aktiviteten i desse næringane i månadene januar og februar. Til tross for auka produksjon i mars, gir lågare ordretilgang indikasjon på at nedgangen for desse næringane kan halde fram (for fleire detaljar om ordrar, sjå ordreindeks for industrien). Ikkje-jarnhaldige metall hadde òg eit fall i produksjonen frå 4. kvartal 2014 til 1. kvartal 2015. Lågare produksjon kan delvis knytas til ein konkurranseutsett eksportmarknad.
På den andre sida var det ein betydeleg oppgang innanfor næringsgruppa oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri i denne perioden. Auken kjem delvis frå stans for vedlikehald hos viktige produsentar i kvartalet før.
Månadsendring: Sterk auke i industriproduksjonen
Industriproduksjonen gjekk opp med 3,2 prosent frå februar til mars 2015, viser sesongjusterte tal. Dei største bidraga til auken kom frå bygging av skip og oljeplattformer, maskinindustrien og data og elektrisk utstyrsindustri. Veksten innanfor bygging av skip og oljeplattformer kan knytas til høy aktivitet blant nokre store oljeplattformprodusentar. Næringsmiddel- og drikkevareindustrien registrerte òg ein auke i same periode.
Tolvmånadersendring: Om lag lik vekst i Noreg og eurosona i februar 2015
Norsk industriproduksjon hadde ein beskjeden auke på 0,8 prosent frå februar 2014 til februar 2015, viser kalenderjusterte tal. Næringsgruppa oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri og maskinindustrien hadde mellom anna oppgang i denne perioden. Estimerte tal frå Eurostat, statistikkontoret i EU, viser at industriproduksjonen i land i eurosona auka med 1,0 prosent i den same perioden.
Tremånadersendring: Nedgang i den samla produksjonsindeksen (PII)
Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) gjekk ned med 1,1 prosent i 1. kvartal i 2015 samanlikna med 4. kvartal i 2014, viser sesongjusterte tal. Utvinninga av råolje gjekk derimot opp med 3,4 prosent, medan produksjonen av naturgass fall med 5,2 prosent. For fleire detaljar om olje- og gassproduksjonen i mars 2015, sjå pressemelding frå Oljedirektoratet.
Produksjonen i norsk kraftforsyning hadde ein oppgang på 0,8 prosent i 1. kvartal 2015 samanlikna med 4. kvartal 2014, viser sesongjusterte tal.
Påska kan påverke dei kalenderjusterte og sesongjusterte talaÅpne og lesLukk
Det er viktig å vere klar over at det er større uvisse enn normalt i dei kalenderjusterte og sesongjusterte indeksane for mars og april grunna ulik plassering av påska frå år til år. Dette verkar òg inn på dei sesongjusterte tala for 1. og 2. kvartal. Rutina for sesongjustering tek omsyn til tidspunktet for påska, men det kan vere vanskeleg å korrigere for alle effektane av denne høgtida.
Finn fleire tal
Finn detaljerte tal frå Produksjonsindeksen for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning
Kontakt
-
Produksjon og omsetning
E-post: prodoms@ssb.no