201380_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/pii/maaned
201380
Liten auke i industrien
statistikk
2015-06-05T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false
Produksjonsindeksen måler utviklingen i verdiskaping i olje og gass, industri, bergverk og kraft. Industriproduksjonen gikk ned 2,9 prosent fra mars 2015 til april 2015.

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningapril 2015

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Liten auke i industrien

Produksjonen i norsk industri gjekk opp 0,5 prosent frå februar til og med april 2015, samanlikna med tremånadersperioden før, viser sesongjusterte tal. På månadsbasis, frå mars til april 2015, var det derimot ein nedgang på 2,9 prosent.

Produksjonsindeks. Prosentvis endring og vekter
SesongjustertKalenderjustert1Vekter2
Månadsendring3-månadsendring12-månadsendring
April 2015 / Mars 2015Februar 2015 - April 2015 / November 2014 - Januar 2015April 2015 / April 2014
1Korrigert for at vekedagar har ulik arbeidsintensitet og for offentlege fri- og heilagdagar i Noreg.
2Vektene blir oppdaterte årleg og gjeld for heile året.
Utvinning, bergverk, industri og kraft-4,90,0-3,4100,0
Utvinning og utvinningstjenester-6,4-0,3-5,171,8
Bergverksdrift12,9-3,110,00,6
 
Industri-2,90,50,222,1
Nærings-, drikkevare og tob.ind.-0,71,3-1,04,3
Oljeraff., kjemisk, farmas. industri-5,87,52,02,0
Metallindustri1,2-7,7-9,60,9
Maskinindustri-0,7-0,67,52,9
Bygging av skip og oljeplattformer-8,4-5,1-9,22,3
 
Kraftforsyning-2,61,5-4,55,5

Indeksnivået for industriproduksjonen var på 124,6 (2005= 100) i perioden februar til og med april 2015, mot 124,0 i tremånadersperioden før.

Tremånadersendring: Auke for oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri

Sesongjusterte tal viser ein auke i industriproduksjonen på 0,5 prosent frå februar til og med april 2015, samanlikna med tremånadersperioden før. Auken kjem innanfor næringa næringsmiddelindustri og i næringsgruppa oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri. I denne næringsgruppa heng oppgangen delvis saman med ein stans for vedlikehald hos viktige produsentar i perioden før.

På den andre sida var det ein nedgang i produksjonen innanfor ein del leverandørar til olje- og gassektoren, og spesielt i næringa bygging av skip og oljeplattformer i tillegg til maskinreparasjon og -installasjon. Aktivitetsnivået innanfor bygging av skip og oljeplattformer var rekordhøgt i august 2014, men er no på sitt lågaste nivå sidan 3. kvartal 2013. Nedgangen i desse næringane kan knytast til lågare investeringsaktivitet i olje- og gassektoren.

Månadsendring: Redusert produksjon innanfor olje- og gassrelatert industri

Industriproduksjonen gjekk ned med 2,9 prosent frå mars til april 2015, viser sesongjusterte tal. Nedgangen kjem etter ein klar auke i månaden før. Det største bidraget til nedgangen kjem frå bygging av skip og oljeplattformer. Noko av nedgangen har si årsak i mindre aktivitet i olje- og gassektoren og at nokon store prosjekt vart ferdigstilde i mars. Det var òg ein nedgang innanfor næringsgruppa oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri i denne perioden. Nedgangen kjem delvis av stans for vedlikehald hos viktige produsentar.

Tolvmånadersendring: Vekst i eurosona og i Noreg i mars 2015

Norsk industriproduksjon hadde ein auke på 3,9 prosent frå mars 2014 til mars 2015, viser kalenderjusterte tal. Maskinindustrien og dataindustri og elektrisk utstyrsindustri hadde saman med næringsmiddelindustrien oppgang i denne perioden. Estimerte tal frå Eurostat, statistikkontoret i EU, viser at industriproduksjonen i land i eurosona auka med 1,7 prosent i den same perioden.

Tremånadersendring: Uendra produksjon i den samla produksjonsindeksen (PII)

Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) var uendra frå februar til og med april i 2015 samanlikna med tremånadersperioden før, viser sesongjusterte tal. Utvinninga av råolje hadde ein auke på 4,2 prosent, medan produksjonen av naturgass fall med 5,9 prosent. For fleire detaljar om olje- og gassproduksjonen i april 2015 sjå pressemelding frå Oljedirektoratet.

Produksjonen i norsk kraftforsyning hadde ein oppgang på 1,5 prosent frå februar til og med april 2015, i høve til tremånadersperioden før, viser sesongjusterte tal.

Påska kan påverke dei kalenderjusterte og sesongjusterte talaÅpne og lesLukk

Det er viktig å vere klar over at det er større uvisse enn normalt i dei kalenderjusterte og sesongjusterte indeksane for mars og april grunna ulik plassering av påska frå år til år. Dette verkar òg inn på dei sesongjusterte tala for 1. og 2. kvartal. Rutina for sesongjustering tek omsyn til tidspunktet for påska, men det kan vere vanskeleg å korrigere for alle effektane av denne høgtida.