201382_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/pii/maaned
201382
Små endringar i industriproduksjonen
statistikk
2015-07-07T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false
Produksjonsindeksen måler utviklingen i verdiskaping i olje og gass, industri, bergverk og kraft. Industriproduksjonen gikk ned 2,1 prosent fra april til mai 2015.

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningmai 2015

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Små endringar i industriproduksjonen

Med ein nedgang på 0,1 prosent frå tremånadsperioden før var produksjonen i norsk industri i perioden mars–mai 2015 tilnærma uendra. Dette viser sesongjusterte tal. På månadsbasis, frå april til mai 2015, var det derimot ein klår nedgang på 2,1 prosent.

Produksjonsindeks. Prosentvis endring og vekter
SesongjustertKalenderjustert1Vekter2
Månadsendring3-månadsendring12-månadsendring
Mai 2015 / April 2015Mars 2015 - Mai 2015 / Desember 2014 - Februar 2015Mai 2015 / Mai 2014
1Korrigert for at vekedagar har ulik arbeidsintensitet og for offentlege fri- og heilagdagar i Noreg.
2Vektene blir oppdaterte årleg og gjeld for heile året.
Utvinning, bergverk, industri og kraft0,7-1,04,2100,0
Utvinning og utvinningstjenester2,6-1,89,871,8
Bergverksdrift-16,4-0,6-12,20,6
 
Industri-2,1-0,1-2,622,1
Nærings-, drikkevare og tob.ind.-0,31,6-0,34,3
Oljeraff., kjemisk, farmas. industri-0,92,4-0,82,0
Metallindustri-3,2-5,8-11,90,9
Maskinindustri-0,80,83,32,9
Bygging av skip og oljeplattformer-4,5-5,5-16,42,3
 
Kraftforsyning0,62,3-3,35,5

Indeksnivået for industriproduksjonen var på 123,3 (2005= 100) i perioden mars til og med mai 2015, mot 123,4 i tremånadsperioden før.

Tremånadsendring: Redusert produksjon innanfor olje- og gassrelatert industri

Produksjonen i norsk industri hadde eit lite fall på 0,1 prosent frå mars til og med mai 2015 samanlikna med tremånadsperioden før, viser sesongjusterte tal. Sjølv om industriproduksjonen totalt sett var tilnærma uendra i perioden, var det mellom anna nedgang i produksjonen hos ein del leverandørar til olje- og gassektoren, og særleg i næringar som bygging av skip og oljeplattformer og i metallvareindustrien. Aktivitetsnivået innanfor bygging av skip og oljeplattformer var rekordhøgt i august 2014, men er no på sitt lågaste sidan 1. kvartal 2013. Nedgangen i desse næringane kan knytast til lågare investeringsaktivitet i olje- og gassektoren. I tillegg var det ein reduksjon i metallindustrien i det same tidsrommet.

På den andre sida var det ein oppgang innanfor næringar som næringsmiddelindustrien og kjemiske råvarer. Auken i næringsmiddelindustrien hang saman med høgare produksjon av fisk og fiskevarer, som mellom anna er grunna stor internasjonal etterspurnad. For kjemiske råvarer kjem veksten delvis etter stans for vedlikehald hos viktige produsentar i perioden før. Dataindustri og elektrisk utstyrsindustri registrerte òg ein auke i den same perioden.

Månadsendring: Klår nedgang frå april til mai 2015

Industriproduksjonen gjekk ned med 2,1 prosent frå april til mai 2015, viser sesongjusterte tal. Det største bidraget til nedgangen kjem frå bygging av skip og oljeplattformar. I tillegg var det ein klår nedgang innanfor trelast og trevareindustri og i dataindustri og elektrisk utstyrsindustri i denne perioden. Det var samstundes ein auke i produksjonen innanfor gummi, plast og mineralsk industri.

Tolvmånadsendring: Høgare vekst i eurosona enn i Noreg i april 2015

Frå april 2014 til april 2015 var norsk industriproduksjon omtrent uendra; det var ein liten auke på 0,1 prosent, viser kalenderjusterte tal. Maskinindustrien haddde saman med mellom anna dataindustri og elektrisk utstyrsindustri oppgang i denne perioden. Estimerte tal frå Eurostat, statistikkontoret i EU, viser at industriproduksjonen i land i eurosona auka med 0,9 prosent i den same perioden.

Tremånadsendring: Nedgang i den samla produksjonsindeksen (PII)

Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) gjekk ned med 1,0 prosent frå mars til og med mai 2015 samanlikna med tremånadsperioden før, viser sesongjusterte tal. Utvinninga av råolje hadde ein auke på 1,8 prosent, medan produksjonen av naturgass fall med 5,9 prosent. For fleire detaljar om olje- og gassproduksjonen i mai 2015 sjå pressemelding frå Oljedirektoratet.

Produksjonen i norsk kraftforsyning hadde ein oppgang på 2,3 prosent frå mars til og med mai 2015, sett i høve til tremånadsperioden før, viser sesongjusterte tal.