201384_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/pii/maaned
201384
Nedgang i industriproduksjonen i 2. kvartal
statistikk
2015-08-07T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false
Produksjonsindeksen måler utviklingen i verdiskaping i olje og gass, industri, bergverk og kraft. Industriproduksjonen gikk opp 0,1 prosent fra mai til juni 2015.

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningjuni 2015

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Nedgang i industriproduksjonen i 2. kvartal

Produksjonen i norsk industri gjekk ned 2,1 prosent i 2. kvartal 2015 samanlikna med 1. kvartal, viser sesongjusterte tal. På månadsbasis, frå mai til juni 2015, var det nesten ingen endring.

Produksjonsindeks. Prosentvis endring og vekter
SesongjustertKalenderjustert1Vekter2
Månadsendring3-månadsendring12-månadsendring
Juni 2015 / Mai 2015April 2015 - Juni 2015 / Januar 2015 - Mars 2015Juni 2015 / Juni 2014
1Korrigert for at vekedagar har ulik arbeidsintensitet og for offentlege fri- og heilagdagar i Noreg.
2Vektene blir oppdaterte årleg og gjeld for heile året.
Utvinning, bergverk, industri og kraft3,5-1,32,8100,0
Utvinning og utvinningstjenester5,2-1,27,571,8
Bergverksdrift6,83,70,10,6
 
Industri0,1-2,1-3,722,1
Nærings-, drikkevare og tob.ind.-1,30,0-3,64,3
Oljeraff., kjemisk, farmas. industri6,2-1,013,52,0
Metallindustri5,10,0-5,60,9
Maskinindustri-4,5-1,4-3,42,9
Bygging av skip og oljeplattformer-3,8-11,3-21,22,3
 
Kraftforsyning4,62,73,65,5

Indeksnivået for industriproduksjonen var på 121,0 (2005= 100) i 2. kvartal 2015, mot 123,6 i 1. kvartal.

Tremånadsendring: Redusert produksjon innanfor olje- og gassrelatert industri

Produksjonen i norsk industri fall med 2,1 prosent frå 1. til 2. kvartal 2015, viser sesongjusterte tal. Det var ein klår nedgang i produksjonen blant leverandørar til olje- og gassektoren, og særleg i næringar som bygging av skip og oljeplattformer, metallvareindustrien og maskinindustrien. Produksjonen innanfor bygging av skip og oljeplattformer fall med 11,3 prosent i 2. kvartal i 2015 samanlikna med 1. kvartal det same året. Nedgangen i desse næringane kan knytast til lågare investeringsaktivitet i olje- og gassektoren.

På den andre sida var det ein oppgang innanfor kjemiske råvarer, som auka produksjonen med 5,2 prosent i 2. kvartal i 2015 samanlikna med 1. kvartal. Noko av veksten innanfor denne næringa kjem etter stans for vedlikehald hos viktige produsentar i perioden før. Ikkje-jarnhaldige metall registrerte òg ein auke i den same perioden.

Månadsendring: Tilnærma uendra frå mai til juni 2015

Industriproduksjonen var om lag uendra frå mai til juni 2015, med ein liten oppgang på 0,1 prosent, ifølgje sesongjusterte tal. Maskinindustrien og bygging av skip og oljeplattformer registerte saman med maskinreparasjon og -installasjon ein klår nedgang i produksjonen. Næringsmiddel-, drikkevare og tobakksindustri hadde óg ein nedgang i den same perioden.

Samstundes var det ein kraftig auke i produksjonen innanfor næringsgruppa oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri, som bidrog til å redusere den totale nedgangen i industrien. Metallindustrien hadde óg ein auke i produksjonen frå mai til juni 2015.

Tolvmånadsendring: Vekst i eurosona, men fall i Noreg i mai 2015

Frå mai 2014 til mai 2015 gjekk norsk industriproduksjon ned 2,8 prosent, ifølgje kalenderjusterte tal. Bygging av skip og oljeplattformer og metallindustrien bidrog mest til nedgangen. Maskinreparasjon og -installasjon hadde saman med maskinindustrien oppgang i denne perioden. Estimerte tal frå Eurostat, statistikkontoret i EU, viser at industriproduksjonen i land i eurosona auka med 2,4 prosent i det same tidsrommet.

Tremånadsendring: Nedgang i den samla produksjonsindeksen (PII)

Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) gjekk ned med 1,3 prosent i 2. kvartal 2015 samanlikna med 1. kvartal, viser sesongjusterte tal. Utvinninga av råolje hadde ein auke på 3,1 prosent, medan produksjonen av naturgass fall med 5,3 prosent. For fleire detaljar om olje- og gassproduksjonen i juni 2015 sjå pressemelding frå Oljedirektoratet.

Produksjonen i norsk kraftforsyning hadde ein oppgang på 2,7 prosent frå 1. kvartal til 2. kvartal, viser sesongjusterte tal.