201392_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/pii/maaned
201392
Fall i industriproduksjonen for tredje kvartal på rad
statistikk
2015-11-06T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false
Produksjonsindeksen måler utviklingen i verdiskaping i olje og gass, industri, bergverk og kraft. Industriproduksjonen steg 0,9 prosent fra august til september 2015.

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningseptember 2015

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fall i industriproduksjonen for tredje kvartal på rad

Samanlikna med 2. kvartal gjekk industriproduksjonen i 3. kvartal ned 2,2 prosent, viser sesongjusterte tal. Lågare produksjon innanfor olje- og gassrelatert industri forklarar nedgangen. Frå august til september 2015 var det derimot ein beskjeden vekst på 0,9 prosent.

Produksjonsindeks. Prosentvis endring og vekter
SesongjustertKalenderjustert1Vekter2
Månadsendring3-månadsendring12-månadsendring
September 2015 / August 2015Juli 2015 - September 2015 / April 2015 - Juni 2015September 2015 / September 2014
1Korrigert for at vekedagar har ulik arbeidsintensitet og for offentlege fri- og heilagdagar i Noreg.
2Vektene blir oppdaterte årleg og gjeld for heile året.
Utvinning, bergverk, industri og kraft1,63,92,0100,0
Utvinning og utvinningstjenester1,97,45,971,8
Bergverksdrift-6,30,6-9,10,6
 
Industri0,9-2,2-3,522,1
Nærings-, drikkevare og tob.ind.1,1-0,10,74,3
Oljeraff., kjemisk, farmas. industri2,10,920,02,0
Metallindustri-3,81,9-7,70,9
Maskinindustri1,7-6,4-9,52,9
Bygging av skip og oljeplattformer-0,7-7,7-21,62,3
 
Kraftforsyning2,0-0,65,95,5

Indeksnivået for industriproduksjonen var på 117,9 (2005= 100) i 3. kvartal 2015, mot 120,5 i 2. kvartal. Dette er det lågaste nivået i eit kvartal sidan 1. kvartal 2013.

Tremånadsendring: redusert produksjon blant leverandørar til olje- og gassektoren

Sesongjusterte tal viser eit klårt fall i industriproduksjonen på 2,2 prosent i 3. kvartal 2015 samanlikna med 2. kvartal. Dermed har det vore nedgang i dei tre første kvartala i 2015. Nedgangen kan knytast til ein vedvarande låg produksjon blant leverandørar til olje- og gassektoren, og særleg innanfor næringa bygging av skip og oljeplattformer. Her fall produksjonen med 7,7 prosent grunna svært liten aktivitet blant plattformprodusentane. Produksjonsaktiviteten i næringa er no på sitt lågaste sidan 4. kvartal 2011. Andre petroleumsrelaterte næringar hadde òg ein tydeleg produksjonsnedgang i den same perioden:

  • Maskinindustrien
  • Dataindustri og elektrisk utstyrsindustri
  • Metallvareindustrien

Redusert investeringsaktivitet i olje- og gassektoren forklarar mykje av nedgangen i desse næringane, noko som mellom anna har gjeve ein tydeleg nedgang i bruken av innleigd arbeidskraft. På den andre sida var det ein produksjonsauke i metallindustrien og i papir og- papirvareindustrien i det same tidsrommet.

Månadsendring: Auke frå august til september 2015

Industriproduksjonen hadde ein beskjeden oppgang på 0,9 prosent frå august til september 2015, viser sesongjusterte månadstal. Dei største bidraga til veksten kom frå gummi, plast og mineralsk industri, i tillegg til maskinreparasjon og -installasjon. Veksten i maskinreparasjon og -installasjon kan knytast til store enkeltprosjekt blant nokre toneangjevande produsentar. Dessutan var det ein vekst i næringsmiddel- og drikkevareindustrien i den same perioden.

Tolvmånadsendring: Kraftig fall i Noreg mot moderat vekst i eurosona i august 2015

Frå august 2014 til august 2015 gjekk norsk industriproduksjon ned heile 7,2 prosent, ifølgje kalenderjusterte tal. Bygging av skip og oljeplattformer bidrog saman med maskinindustrien mest til nedgangen. Estimerte tal frå Eurostat, statistikkontoret i EU, viser at industriproduksjonen i land i eurosona auka med 1,2 prosent i den same perioden.

Tremånadsendring: Solid gassproduksjon gjev auke i den samla produksjonsindeksen (PII)

Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) gjekk opp 3,9 prosent i 3. kvartal i 2015 samanlikna med 2. kvartal, viser sesongjusterte tal. Utvinninga av råolje gjekk opp 0,7 prosent, medan produksjon av naturgass auka med heile 17,7 prosent. Den sesongjusterte auken i gassproduksjonen kjem blant anna av eit høgare produksjonsnivå enn normalt i 3. kvartal. For fleire detaljar om olje- og gassproduksjonen i september 2015 sjå pressemelding frå Oljedirektoratet.

Produksjonen i norsk kraftforsyning hadde ein beskjeden nedgang på 0,6 prosent frå 2. til 3. kvartal 2015, viser sesongjusterte tal.