201396_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/pii/maaned
201396
Nedgangen i industriproduksjonen held fram
statistikk
2015-12-07T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false
Produksjonsindeksen måler utviklingen i verdiskaping i olje og gass, industri, bergverk og kraft. Industriproduksjonen falt 2,3 prosent fra september til oktober 2015

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningoktober 2015

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Nedgangen i industriproduksjonen held fram

Produksjonen i norsk industri gjekk ned 1,9 prosent i perioden august-oktober 2015 samanlikna med tremånadsperioden før, viser sesongjusterte tal. Lågare produksjon i olje- og gassrelatert industri forklarar mykje av nedgangen. Frå september til oktober 2015 var det ein nedgang på 2,3 prosent.

Produksjonsindeks. Prosentvis endring og vekter
SesongjustertKalenderjustert1Vekter2
Månadsendring3-månadsendring12-månadsendring
Oktober 2015 / September 2015August 2015 - Oktober 2015 / Mai 2015 - Juli 2015Oktober 2015 / Oktober 2014
1Korrigert for at vekedagar har ulik arbeidsintensitet og for offentlege fri- og heilagdagar i Noreg.
2Vektene blir oppdaterte årleg og gjeld for heile året.
Utvinning, bergverk, industri og kraft-2,62,0-3,0100,0
Utvinning og utvinningstjenester-2,84,20,071,8
Bergverksdrift-4,7-1,0-12,90,6
 
Industri-2,3-1,9-8,422,1
Nærings-, drikkevare og tob.ind.-1,10,0-2,14,3
Oljeraff., kjemisk, farmas. industri-6,30,14,42,0
Metallindustri-0,72,7-6,90,9
Maskinindustri-2,9-5,4-13,82,9
Bygging av skip og oljeplattformer-1,1-5,4-26,12,3
 
Kraftforsyning-2,5-0,11,25,5

Indeksnivået for industriproduksjonen var på 116,7 (2005= 100) i perioden august-oktober 2015, mot 119 i tremånadsperioden før.

Tremånadsendring: Nedgang for bygging av skip og oljeplattformer og maskinindustri

Sesongjusterte tal viser eit fall i industriproduksjonen på 1,9 prosent i perioden august-oktober 2015 samanlikna med den føregåande tremånadsperioden. Indeksen er no på sitt lågaste nivå sidan desember 2012. Nedgangen kan framleis knytast til den låge aktiviteten blant leverandørar til olje- og gassektoren. Dette gjeld særleg innanfor følgjande næringar:

  • Bygging av skip og oljeplattformer
  • Maskinindustrien
  • Maskinreparasjon og -installasjon

Sidan toppen i august 2014 har produksjonen innanfor bygging av skip og oljeplattformer falle med nesten 30 prosent. Innanfor maskinindustrien har det vore eit fall på rundt 13 prosent sidan toppen som i denne næringa var i desember 2014. Den reduserte investeringsaktiviteten i olje- og gassektoren forklarar mykje av nedgangen i desse næringane, noko som mellom anna har gjeve ein nedgang i bruken av innleigd arbeidskraft. Det var òg ein nedgang i kjemiske råvarer i denne perioden.

Trelast- og trevareindustri var på si side ei av få næringar som hadde ein auke i produksjonen i denne perioden.

Månadsendring: 2,3 prosents nedgang frå september til oktober

Industriproduksjonen hadde ein klar nedgang på 2,3 prosent frå september til oktober 2015, viser sesongjusterte månadstal. Nedgangen kjem særleg frå næringsgruppa oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri og frå gummi, plast og mineralsk industri. Samstundes var det òg ein nedgang innanfor næringar som maskinreparasjon og -installasjon, maskinindustri og den eksportretta næringa ikkje-jarnholdige metaller.

På den andre sida var det ein oppgang innanfor næringane papir- og papirvareindustri og i tekstilindustrien.

Tolvmånadsendring: Fall i Noreg mot vekst i eurosona i september

Frå september 2014 til september 2015 gjekk norsk industriproduksjon ned 3,6 prosent, ifølgje kalenderjusterte tal. Bygging av skip og oljeplattformer bidrog saman med maskinindustrien mest til nedgangen. Estimerte tal frå Eurostat, statistikkontoret i EU, viser at industriproduksjonen i land i eurosona auka med 2,3 prosent i den same perioden.

Tremånadsendring: Auke i den samla produksjonsindeksen (PII)

Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) gjekk opp 2,0 prosent i perioden august-oktober 2015 samanlikna med den føregåande tremånadsperioden, viser sesongjusterte tal. Utvinninga av råolje gjekk opp 1,1 prosent, medan produksjon av naturgass steig heile 9,8 prosent. For fleire detaljar om olje- og gassproduksjonen i oktober 2015 sjå pressemelding frå Oljedirektoratet.

Innanfor utvinningstenester var det ein nedgang i produksjonen i perioden august-oktober 2015 på 8,7 prosent samanlikna med den føregåande tremånadsperioden, viser sesongjusterte tal. Verksemdene innanfor denne næringa leverer til olje- og gassektoren, og produksjonsnedgangen har samanheng med den låge investeringsaktiviteten innanfor denne sektoren.

Produksjonen i norsk kraftforsyning var om lag uendra i perioden august-oktober 2015 samanlikna med tremånadsperioden før, viser sesongjusterte tal.

Tal for utvinningstenester finst no i statistikkbankenÅpne og lesLukk

Frå og med publiseringa for oktober 2015 vil tal for utvinningstenester bli publiserte. Utvinningstenester er i samsvar med SN 2007 grupperte under næringshovudområdet B Bergverksdrift og utvinning. Verksemda innanfor næringa leverer mellom anna tenester knyta til boring av leite-, avgrensings- og produksjonsbrønnar, og andre tenester knytte til aktivitet offshore – slik som mellom anna installering av flytande og faste konstruksjonar over og under havflata. Tidsserien er frå og med år 2010. Næringa har alltid vore inkludert i aggregatet Utvinning og utvinningstenester, men no vil tidsserien òg bli publisert med eigne tal i statistikkbanken og tabellar.