243862_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/pii/maaned
243862
Auken i industriproduksjonen held fram
statistikk
2016-07-07T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false
Produksjonsindeksen måler utviklingen i verdiskaping i olje og gass, industri, bergverk og kraft. Industriproduksjonen gikk opp 0,2 prosent fra april til mai 2016.

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningmai 2016

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auken i industriproduksjonen held fram

Norsk industriproduksjon auka med 0,7 prosent i perioden mars-mai 2016 samanlikna med tremånadersperioden før, viser sesongjusterte tal. Produksjonsnedgangen som starta hausten 2014, har no flata ut. Frå april til mai 2016 var det samstundes ein auke på 0,2 prosent.

Produksjonsindeks. Prosentvis endring og vekter
SesongjustertKalenderjustert1Vekter2
Månadsendring3-månadsendring12-månadsendring
Mai 2016 / April 2016Mars 2016 - Mai 2016 / Desember 2015 - Februar 2016Mai 2016 / Mai 2015
1Korrigert for at vekedagar har ulik arbeidsintensitet og for offentlege fri- og heilagdagar i Noreg.
2Vektene blir oppdaterte årleg og gjeld for heile året.
Utvinning, bergverk, industri og kraft0,1-0,2-0,6100,0
Utvinning og utvinningstjenester0,4-1,0-0,171,4
Bergverksdrift-1,514,1-3,50,5
 
Industri0,20,7-3,123,1
Nærings-, drikkevare og tob.ind.-0,7-1,5-1,54,7
Oljeraff., kjemisk, farmas. industri11,00,316,12,4
Metallindustri-0,13,27,91,2
Maskinindustri-1,3-5,0-18,93,0
Bygging av skip og oljeplattformer1,26,9-3,11,8
 
Kraftforsyning-2,51,33,04,9

Indeksnivået for industriproduksjonen var på 116,1 (2005=100) i perioden mars-mai 2016, mot 115,3 i tremånadersperioden før.

Tremånadersendring: Bygging av skip og oljeplattformer fortset oppgangen

Sesongjusterte tal viser at industriproduksjonen auka med 0,7 prosent i perioden mars-mai 2016 samanlikna med den føregåande tremånadersperioden. Bygging av skip og oljeplattformer bidrog mest til oppgangen, med ein auke på 6,9 prosent. Trelast- og trevareindustri bidrog saman med ikkje-jarnhaldige metall også til den totale produksjonsauken i industrien. Som ein kan sjå av figur 2, har den totale nedgangen i industriproduksjonen no flata ut etter ein periode med markant fall sidan hausten 2014. Ein ny analyse av industriproduksjonen i 2015 forklarer mellom anna korleis mindre bruk av innleigd arbeidskraft har bidrege til nedgangen før denne utflatinga.

På den motsette sida fall produksjonen innanfor maskinindustrien med 5,0 prosent og medverka dermed til å dempe den totale produksjonsoppgangen. Næringsmiddel- og drikkevareindustrien hadde saman med kjemiske råvarer òg ein produksjonsnedgang i den same perioden.

Månadsendring: Produksjonsauke i industrien frå april til mai 2016

Sesongjusterte tal viser ein liten oppgang på 0,2 prosent i industriproduksjonen frå april til mai 2016. Dette heng saman med høgare produksjon blant nokre toneangivande verksemder innanfor næringsgruppa oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri. Samstundes var det beskjeden oppgang blant fleire næringar frå april til mai.

Maskinreparasjon og -installasjon på si side hadde ein produksjonsnedgang på 2,7 prosent i dette tidsrommet. Dette bidrog til å dempe den totale månadlege oppgangen i industrien.

Tolvmånadersendring: Klår nedgang i Noreg trass auke i eurosona i april 2016

Kalenderjusterte tal viser at norsk industriproduksjon gjekk ned 5,2 prosent frå april 2015 til april 2016. Maskinindustrien bidrog mest til nedgangen saman med maskinreparasjon og -installasjon. Estimerte tal frå Eurostat, statistikkontoret i EU, viser at industriproduksjonen i land i eurosona auka med 2,2 prosent i den same perioden.

Tremånadersendring: Liten nedgang i den samla produksjonsindeksen (PII)

Sesongjusterte tal viser at produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) fall 0,2 prosent i perioden mars-mai 2016 samanlikna med tremånadersperioden før. Utvinninga av råolje gjekk ned 3,2 prosent, medan produksjon av naturgass auka med 2,2 prosent. For fleire detaljar om olje- og gassproduksjonen i mai 2016, sjå pressemelding frå Oljedirektoratet.

Utvinningstenester hadde ein produksjonsnedgang på 1,1 prosent i perioden mars-mai 2016 samanlikna med tremånadersperioden før. Verksemdene innanfor denne næringa leverer tenester til olje- og gassektoren, og produksjonsnedgangen har sterk samanheng med lågare investeringsaktivitet innanfor denne sektoren.

Sesongjusterte tal viser at norsk kraftforsyning på si side hadde ein produksjonsoppgang på 1,3 prosent i den same perioden, medan bergverksdrift hadde ein oppgang på 14,1 prosent.

Tal for utvinningstenester finst i StatistikkbankenÅpne og lesLukk

Frå og med publiseringa for oktober 2015 vil tal for utvinningstenester bli publiserte. Utvinningstenester er i samsvar med SN 2007 grupperte under næringshovudområdet B Bergverksdrift og utvinning. Verksemda innanfor næringa leverer mellom anna tenester knyta til boring av leite-, avgrenings- og produksjonsbrønnar, og andre tenester knyta til aktivitet offshore som mellom anna installering av flytande og faste konstruksjonar over og under havflata. Tidsserien er frå og med år 2010. Næringa har alltid vore inkludert i aggregatet Utvinning og utvinningstenester, men no vil tidsserien og bli publisert med eige tal i Statistikkbanken og tabellar.