243864_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/pii/maaned
243864
Nedgang i industriproduksjonen i 2. kvartal
statistikk
2016-08-05T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false
Produksjonsindeksen måler utviklingen i verdiskaping i olje og gass, industri, bergverk og kraft. Industriproduksjonen gikk ned 2,9 prosent fra mai til juni 2016.

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningjuni 2016

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fra 23. september vil SSB endre publiseringstidspunkt på alle statistikker til kl. 08:00.

Nedgang i industriproduksjonen i 2. kvartal

Norsk industriproduksjon gjekk ned 1,1 prosent i 2. kvartal 2016 samanlikna med 1. kvartal, viser sesongjusterte tal. Det er særleg næringane tett knyta til oljenæringa som bidreg til denne nedgangen. Frå mai til juni 2016 var det ein nedgang på 2,9 prosent.

Produksjonsindeks. Prosentvis endring og vekter
SesongjustertKalenderjustert1Vekter2
Månadsendring3-månadsendring12-månadsendring
Juni 2016 / Mai 2016April 2016 - Juni 2016 / Januar 2016 - Mars 2016Juni 2016 / Juni 2015
1Korrigert for at vekedagar har ulik arbeidsintensitet og for offentlege fri- og heilagdagar i Noreg.
2Vektene blir oppdaterte årleg og gjeld for heile året.
Utvinning, bergverk, industri og kraft-5,1-1,9-8,7100,0
Utvinning og utvinningstjenester-6,9-1,9-11,471,4
Bergverksdrift1,43,1-7,20,5
 
Industri-2,9-1,1-6,523,1
Nærings-, drikkevare og tob.ind.-0,6-1,6-2,04,7
Oljeraff., kjemisk, farmas. industri-0,84,09,22,4
Metallindustri-0,90,53,01,2
Maskinindustri-5,2-5,5-22,63,0
Bygging av skip og oljeplattformer-2,22,8-2,81,8
 
Kraftforsyning-0,7-5,1-1,04,9

Indeksnivået for industriproduksjonen var på 114,3 (2005=100) i 2. kvartal 2016, mot 115,6 det føregåande kvartalet.

Tremånadersendring: Fall i maskinindustrien bidreg mest til nedgangen

Sesongjusterte tal viser at industriproduksjonen hadde ein nedgang på 1,1 prosent i 2. kvartal 2016 samanlikna med kvartalet før. Maskinindustrien bidrog mest her, med ein nedgang på 5,5 prosent. Maskinreparasjon og -installasjon hadde ein nedgang på 5,2 prosent, og dataindustri og elektrisk utstyrsindustri gjekk ned med 4,2 prosent. Desse næringane er alle nært knyta til oljenæringa, og vert framleis ramma av den låge investeringsaktiviteten i olje- og gassnæringa.

På den motsette sida har oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri hatt ein oppgang på 4,0 prosent i 2. kvartal. Vidare har bygging av skip og oljeplattformer ein auke på 2,8 prosent og trelast- og trevareindustri ein vekst på 4,4 prosent i det same kvartalet. Dette har vore med å dempe noko av den totale nedgangen i 2. kvartal.

Månadsendring: Brei nedgang i industrien

Sesongjusterte tal viser ein nedgang på 2,9 prosent i industriproduksjonen frå mai til juni 2016. Det har vore noko reduksjon i alle industrinæringane med unntak av trelast- og trevareindustrien. Det største bidraget til denne nedgangen kjem frå maskinindustrien som gjekk ned 5,2 prosent. I tillegg medverka redusert produksjon i særleg tre næringar til den totale nedgangen frå mai til juni:

- dataindustri og elektrisk utstyrsindustri

- kjemiske råvarer

- næringsmiddelindustrien

Tolvmånadersendring: Nedgang i Noreg mot ein auke i eurosona i mai 2016

Kalenderjusterte tal viser at norsk industriproduksjon gjekk ned 3,4 prosent frå mai 2015 til mai 2016. Maskinindustrien bidrog mest til denne nedgangen, saman med maskinreparasjon og -installasjon. Estimerte tal frå Eurostat, statistikkontoret i EU, viser at industriproduksjonen i land i eurosona steig 0,6 prosent i den same perioden.

Tremånadersendring: Nedgang i den samla produksjonsindeksen

Sesongjusterte tal viser at produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) fall med 1,9 prosent i 2. kvartal 2016 samanlikna med det føregåande kvartalet. Utvinning av råolje gjekk ned 4,4 prosent, medan utvinning av naturgass hadde ein oppgang på 1,2 prosent. For fleire detaljar om olje- og gassproduksjonen i juni 2016 sjå pressemelding frå Oljedirektoratet.

Utvinningstenester hadde ein oppgang på 5,7 prosent frå 1. til 2. kvartal. Årsaka er mellom anna meir aktivitet hos nokre viktige aktørar i dette kvartalet og særskild låg aktivitet i 1. kvartal. Norsk kraftforsyning hadde på si side ein nedgang på 5,1 prosent, medan bergverksdrift hadde ein auke på 3,1 prosent.

Tal for utvinningstenester finst i StatistikkbankenÅpne og lesLukk

Frå og med publiseringa for oktober 2015 vil tal for utvinningstenester bli publiserte. Utvinningstenester er i samsvar med SN 2007 grupperte under næringshovudområdet B Bergverksdrift og utvinning. Verksemda innanfor næringa leverer mellom anna tenester knyta til boring av leite-, avgrenings- og produksjonsbrønnar, og andre tenester knyta til aktivitet offshore som mellom anna installering av flytande og faste konstruksjonar over og under havflata. Tidsserien er frå og med år 2010. Næringa har alltid vore inkludert i aggregatet Utvinning og utvinningstenester, men no vil tidsserien og bli publisert med eige tal i Statistikkbanken og tabellar.