Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Tydeleg fall i industriproduksjonen
Norsk industriproduksjon fall heile 3,2 prosent i perioden august-oktober 2016, samanlikna med tremånadersprioden før. Framleis er det næringar nært knytt til oljesektoren som bidreg mest til denne nedgangen. På månadsbasis, frå september til oktober 2016 var produksjonen uendra.
Sesongjustert | Kalenderjustert1 | Vekter2 | ||
---|---|---|---|---|
Månadsendring | 3-månadsendring | 12-månadsendring | ||
Oktober 2016 / September 2016 | August 2016 - Oktober 2016 / Mai 2016 - Juli 2016 | Oktober 2016 / Oktober 2015 | ||
1Korrigert for at vekedagar har ulik arbeidsintensitet og for offentlege fri- og heilagdagar i Noreg. | ||||
2Vektene blir oppdaterte årleg og gjeld for heile året. | ||||
Utvinning, bergverk, industri og kraft | 10,7 | -3,5 | 0,7 | 100,0 |
Utvinning og utvinningstjenester | 17,5 | -4,1 | 2,2 | 71,4 |
Bergverksdrift | -2,5 | 4,3 | 8,8 | 0,5 |
Industri | 0,2 | -3,2 | -3,4 | 23,1 |
Nærings-, drikkevare og tob.ind. | -2,5 | -0,6 | -3,7 | 4,7 |
Oljeraff., kjemisk, farmas. industri | -4,2 | 4,8 | 7,4 | 2,4 |
Metallindustri | 3,0 | -3,4 | 4,8 | 1,2 |
Maskinindustri | 0,3 | -7,8 | -17,3 | 3,0 |
Bygging av skip og oljeplattformer | 5,7 | -12,0 | -0,3 | 1,8 |
Kraftforsyning | 3,7 | -1,8 | 0,8 | 4,9 |
Indeksnivået for industriproduksjonen var på 110,8 (2005=100) i perioden august-oktober 2016 mot 114,5 i perioden mai-juli 2016.
Tremånadersendring: Framleis låg aktivitet i petroleumsretta leverandørindustri
Sesongjusterte tal viser at industriproduksjonen hadde ein nedgang på heile 3,2 prosent i perioden august-oktober 2016 samanlikna med tremånadersperioden før. Den klåre nedgangen i denne perioden må setjast i samanheng med særleg låg aktivitet i august. Det samla fallet i industrien er framleis knyta til låg produksjon innanfor den petroleumsretta leverandørindustrien. Næringane innanfor denne analytiske grupperinga er sterkt prega av låg aktivitet og permitteringar, noko som mellom anna heng saman med den låge investeringsaktiviteten i olje- og gassnæringa. Størst var nedgangen i bygging av skip og oljeplattformer som fall med 12 prosent, men også følgjande næringar fall kraftig:
- maskinindustri
- dataindustri og elektrisk utstyrsindustri
- maskinreparasjon og -installasjon
Noko av fallet blir dempa av vekst innanfor næringsgruppa oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri. Denne oppgangen heng saman med svært høg produksjon av farmasøytiske produkt.
Månadsendring: Uendra industriproduksjon frå september til oktober 2016
Sesongjusterte tal viser at industriproduksjonen frå september til oktober 2016 var tilnærma uendra. I denne perioden hadde bygging av skip og oljeplattformer ein klår oppgang, medan næringar som næringsmiddelindustrien og kjemiske råvarer fall tydeleg. Nedgangen i næringsmiddelindustrien hang mellom anna saman med låg produksjon av fisk og fiskevarer grunna forsert slakting i tidlegare periodar. For kjemiske råvarer er nedgangen knyta til vedlikehaldsstans hos nokre toneangivande produsentar.
Tolvmånadersendring: Tydeleg nedgang i Noreg mot ein auke i eurosona i september 2016
Kalenderjusterte tal viser at norsk industriproduksjon gjekk ned heile 5,6 prosent frå september 2015 til september 2016. Maskinindustrien saman med maskinreparasjon og -installasjon bidrog mest til denne nedgangen. Estimerte tal frå Eurostat, statistikkontoret i EU, viser at industriproduksjonen i land i eurosona auka med 1,3 prosent i den same perioden.
Tremånadersendring: klårt fall i den samla produksjonsindeksen
Sesongjusterte tal viser at produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) fall med så mye som 3,5 prosent i perioden august-oktober 2016 samanlikna med førre tremånadersperiode. Utvinning av råolje gjekk ned 1,6 prosent, medan utvinning av gass hadde ein tydeleg nedgang på 9,7 prosent. For fleire detaljar om olje- og gassproduksjonen i oktober 2016 sjå pressemelding frå Oljedirektoratet.
Aktiviteten i utvinningstenester fall med så mye som 5,6 prosent i perioden august-oktober 2016 samanlikna med tremånadersperioden før. Verksemdene innanfor denne næringa vert òg ramma av låg investeringsaktivitet i olje- og gassektoren. Norsk kraftforsyning hadde på si side ein nedgang på 1,8 prosent i den same perioden, medan bergverksdrift hadde ein oppgang på 4,3 prosent.
Nye indikatorar for leverandørindustrienÅpne og lesLukk
Det er etablert nye indikatorar for petroleumsretta leverandørindustri i statistikkbanken. Desse indikatorane byggjer på den analytiske grupperinga som blei presentert i artikkelen Sterk vekst for leverandørindustri og utvinningstenester 2010-2013. Dei tre analytiske grupperingane som vil bli publiserte månadleg, er:
- Petroleumsretta leverandørindustri og utvinningstenester
- Petroleumsretta leverandørindustri (berre leverandørnæringar dekte av næringshovudområde C Industri)
- Industri unntatt petroleumsretta leverandørindustri
Ei nærare forklaring av næringar som er dekte av grupperingane, finn ein i artikkelen nemnd ovanfor.
Finn fleire tal
Finn detaljerte tal frå Produksjonsindeksen for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning
Kontakt
-
Produksjon og omsetning
E-post: prodoms@ssb.no