243876_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/pii/maaned
243876
Nedgangen i industriproduksjonen flatar ut
statistikk
2017-02-06T08:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false
Produksjonsindeksen måler utviklingen i verdiskaping i olje og gass, industri, bergverk og kraft. Industriproduksjonen økte med 1,1 prosent fra nov. til des. 2016.

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningdesember 2016

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Nedgangen i industriproduksjonen flatar ut

Norsk industriproduksjon gjekk ned med 0,2 prosent i 4. kvartal 2016 samanlikna med 3. kvartal 2016. Låg produksjon i næringsmiddelindustrien bidrog mest til den totale nedgangen. På månadsbasis, frå november til desember 2016, var det derimot ein oppgang på 1,1 prosent.

Produksjonsindeks. Prosentvis endring og vekter
Produksjonsindeks. SesongjustertProduksjonsindeks. Kalenderjustert1Vekter2
Månadsendring3-månadsendring12-månadsendring
Desember 2016 / November 2016Oktober 2016 - Desember 2016 / Juli 2016 - September 2016Desember 2016 / Desember 2015
1Korrigert for at vekedagar har ulik arbeidsintensitet og for offentlege fri- og heilagdagar i Noreg.
2Vektene blir oppdaterte årleg og gjeld for heile året.
Utvinning, bergverk, industri og kraft-2,73,8-1,4100,0
Utvinning og utvinningstjenester-4,66,1-1,671,4
Bergverksdrift-2,4-6,510,30,5
 
Industri1,1-0,2-2,023,1
Nærings-, drikkevare og tob.ind.-2,9-3,0-6,84,7
Oljeraff., kjemisk, farmas. industri-0,6-1,86,22,4
Metallindustri0,8-1,33,51,2
Maskinindustri1,30,6-17,23,0
Bygging av skip og oljeplattformer3,73,55,01,8
 
Kraftforsyning-1,12,81,54,9

Indeksnivået for industriproduksjonen var på 112,3 (2005=100) i 4. kvartal 2016, mot 112,5 i kvartalet før.

Tremånadersendring: Låg produksjon av fisk, vekst i dataindustri og elektrisk utstyrsindustri

Sesongjusterte tal viser at industriproduksjonen var tilnærma uendra frå 3. til 4. kvartal 2016, med eit lite fall på 0,2 prosent. Det var næringsmiddelindustrien som bidrog mest til den totale nedgangen med eit tydeleg fall på 3,4 prosent. Nedgangen heng mellom anna saman med fall i foredling og konservering av fisk. Dette fallet kan knytast til reduserte fiskekvotar og forsert slakting tidlegare i 2016 grunna lus. Næringsgruppa oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri hadde òg eit fall i 4. kvartal grunna vedlikehaldsstans hos nokre toneangivande produsentar

Nedgangen i den samla industriproduksjonen blei derimot dempa av ein kraftig oppgang i dataindustri og elektrisk utstyrsindustri, i tillegg til vekst i bygging av skip og oljeplattformer. Innanfor førstnemnde næring kan veksten særskild knytast til høg aktivitet blant produsentar av elektrisk utstyr, medan veksten i bygging av skip og oljeplattformer heng saman med høgare aktivitet blant produsentar av oljeplattformer og modular.

Andre oljerelaterte næringar som maskinreparasjon og -installasjon og metallvareindustrien hadde òg noko vekst i 4. kvartal. Den analytiske grupperinga petroleumsretta leverandørindustri hadde difor samla sett ein auke på 2,3 prosent i 4. kvartal, og det er særleg ein auke i desember som bidrar positivt. Desse talla for leverandørindustrien er noko meir positive enn industrileiaranes vurdering til SSBs konjunkturbarometer for 4. kvartal, som blei rapportert på eit litt tidlegare tidspunkt.

Månadsendring: Produksjonsvekst frå november til desember 2016

Sesongjusterte tal viser at industriproduksjonen gjekk opp 1,1 prosent frå november til desember 2016. Høg aktivitet i dataindustri og elektrisk utstyrsindustri saman med vekst i bygging av skip og oljeplattformer bidrog mest til den totale oppgangen. På den andre sida var det ein tydeleg nedgang i næringsmiddelindustrien i same periode.

Tolvmånadersendring: Tydeleg fall i Noreg mot ein klar auke i eurosona i november 2016

Kalenderjusterte tal viser at norsk industriproduksjon gjekk ned 4,2 prosent frå november 2015 til november 2016. Maskinindustrien saman med maskinreparasjon og -installasjon bidrog mest til denne nedgangen. Estimerte tal frå Eurostat, statistikkontoret i EU, viser at industriproduksjonen i land i eurosona auka klårt med 2,7 prosent i den same perioden.

Tremånadersendring: Klår vekst i den samla produksjonsindeksen

Sesongjusterte tal viser at produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) auka med 3,8 prosent i 4. kvartal samanlikna med førre kvartal. Utvinning av råolje og utvinning av naturgass hadde begge ein tydeleg oppgang med høvesvis 5,9 og 9,5 prosent. For fleire detaljar om olje- og gassproduksjonen i desember 2016 sjå pressemelding frå Oljedirektoratet.

Aktiviteten i utvinningstenester fall med 3,9 prosent i 4. kvartal 2016 samanlikna med kvartalet før. Verksemdene innanfor denne næringa vert mellom anna ramma av låg investeringsaktivitet i olje- og gassektoren. Norsk kraftforsyning hadde på si side ein klår oppgang på 2,8 prosent i den same perioden, medan bergverksdrift hadde ein kraftig nedgang på 6,5 prosent.

Nye indikatorar for leverandørindustrienÅpne og lesLukk

Det er etablert nye indikatorar for petroleumsretta leverandørindustri i statistikkbanken. Desse indikatorane byggjer på den analytiske grupperinga som blei presentert i artikkelen Sterk vekst for leverandørindustri og utvinningstenester 2010-2013. Dei tre analytiske grupperingane som vil bli publiserte månadleg, er: 

  • Petroleumsretta leverandørindustri og utvinningstenester
  • Petroleumsretta leverandørindustri (berre leverandørnæringar dekte av næringshovudområde C Industri)
  • Industri unntatt petroleumsretta leverandørindustri 

Ei nærare forklaring av næringar som er dekte av grupperingane, finn ein i artikkelen nemnd ovanfor.