Notater 2016/11
Kontaktutvalet for helse- og omsorgsstatistikk og sosialstatistikk
Årsrapport 2015
- Publikasjonen er en del av serien
- Årsrapport. Kontaktutvalget for helse- og sosialstatistikk
Notatet gjer greie for verksemda i Kontaktutvalet for helse- og omsorgsstatistikk og sosialstatistikk i 2015.
Det inkluderer utvalet si avtale, mandat og representasjon (kapittel 1), aktiviteten i utvalet (kapittel 2), oversikt over arbeidsgruppene som rapporterer til utvalet (kapittel 3) og sakene i utvalet i 2015 (kapittel 4).
Utvalet si avtale, mandat og representasjon blei drøfta og endra i 2013, og har i all hovudsak vore uendra i 2015. Avtala er vedlagt notatet (jf. Vedlegg I).
Utvalets aktivitet i 2015 bestod av tre møte haldne i mars, mai og september. Kontaktutvalet sitt møte som var sett til november blei ikkje gjennomført. Til møta blei det utarbeidd referat som alle er godkjent (jf. Vedlegg II-IV).
Arbeidsgruppene som rapporterer og soknar til utvalet er uendra frå 2014 og har vore uendra i ei årrekkje. Dei aktuelle arbeidsgruppene har anten sitt utspring i spesialisthelsetenesta eller i KOSTRA (Kommune-stat-rapporteringa).
Sakene i utvalet for 2015 omhandla fleire tema. Av dei som kan trekkjast fram var blant anna saka om eit nytt kommunalt helse- og omsorgsregister (KPR) og gjennomgangen av ulike punkt i samarbeidsavtalen mellom SSB og den sentrale helse og sosialforvaltninga om helse- og omsorgsstatistikk og sosialstatistikk. På alle møta var ulike forvaltningseiningar representert og fleire bidrog med å kasta lys over saker.
Om publikasjonen
- Tittel
-
Årsrapport 2015. Kontaktutvalet for helse- og omsorgsstatistikk og sosialstatistikk
- Ansvarlig
-
Trond Ekornrud
- Serie og -nummer
-
Notater 2016/11
- Utgiver
-
Statistisk sentralbyrå
- Emne
-
Metoder og dokumentasjon
- ISBN (elektronisk)
-
978-82-537-9331-3
- Antall sider
-
38
- Målform
-
Nynorsk
- Om Notater
-
I serien Notater publiseres dokumentasjon, metodebeskrivelser, modellbeskrivelser og standarder.
Kontakt
-
Trond Ekornrud
-
SSBs informasjonstjeneste