Notater 2017/28
Årsrapport 2016. Kontaktutvalet for helse- og omsorgsstatistikk og sosialstatistikk
- Publikasjonen er en del av serien
- Årsrapport. Kontaktutvalget for helse- og sosialstatistikk
Notatet gjer greie for verksemda i Kontaktutvalet for helse- og omsorgsstatistikk og sosialstatistikk i 2016.
Det inkluderer utvalet si avtale, mandat og representasjon (kapittel 1), aktiviteten i utvalet (kapittel 2), oversikt over arbeidsgruppene som rapporterer til utvalet (kapittel 3) og sakene i utvalet i 2016 (kapittel 4).
Utvalet si avtale, mandat og representasjon blei drøfta og endra i 2013, og har i all hovudsak vore uendra i 2016. Avtala er vedlagt notatet (jf. Vedlegg I).
Utvalet sin aktivitet i 2016 bestod av fire møte haldne i mars, mai, september og november. Til møta blei det utarbeidd referat som alle er godkjent (jf. Vedlegg II-IV).
Arbeidsgruppene som rapporterer og soknar til utvalet er uendra frå 2015 og har vore uendra i ei årrekkje. Dei aktuelle arbeidsgruppene har anten utspring i spesialisthelsetenesta eller i KOSTRA (Kommune-stat-rapporteringa).
Sakene i utvalet for 2016 omhandla fleire tema. Av dei som kan trekkjast fram er moglegheiter og utfordringar ved å presentera føreløpsdata i IPLOS v/SSB og presentasjon av nasjonal e-helsemonitor v/Direktoratet for e-helse. På alle møta var ulike forvaltningseiningar representert og fleire bidrog med å kasta lys over sakene.
Om publikasjonen
- Tittel
-
Årsrapport 2016. Kontaktutvalet for helse- og omsorgsstatistikk og sosialstatistikk
- Ansvarlig
-
Trond Ekornrud
- Serie og -nummer
-
Notater 2017/28
- Utgiver
-
Statistisk sentralbyrå
- Emne
-
Metoder og dokumentasjon
- ISBN (elektronisk)
-
ISBN 978-82-537-9577-5
- Antall sider
-
57
- Om Notater
-
I serien Notater publiseres dokumentasjon, metodebeskrivelser, modellbeskrivelser og standarder.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste