Notater 2018/35
Årsrapport 2017. Kontaktutvalet for helse- og omsorgsstatistikk og sosialstatistikk
- Publikasjonen er en del av serien
- Årsrapport. Kontaktutvalget for helse- og sosialstatistikk
Notatet gjer greie for verksemda i Kontaktutvalet for helse- og omsorgsstatistikk og sosialstatistikk i 2017.
Det inkluderer avtalen til utvalet, mandat og representasjon (kapittel 1), aktiviteten i utvalet (kapittel 2), oversikt over arbeidsgruppene som rapporterer til utvalet (kapittel 3) og sakene i utvalet i 2017 (kapittel 4).
Avtalen til utvalet, mandat og representasjon blei drøfta og endra i 2013, og har i all hovudsak vore uendra i 2017. Avtalen er vedlagt notatet (jf. Vedlegg A).
Utvalet sin aktivitet i 2017 bestod av fire møte haldne i mars, mai, september og november. Til møta blei det utarbeidd referat som alle er godkjente (jf. Vedlegg B-E).
Arbeidsgruppene som rapporterer og soknar til utvalet er uendra frå 2016 og har vore uendra i ei årrekkje. Dei aktuelle arbeidsgruppene har anten utspring i spesialisthelsetenesta eller i KOSTRA (Kommune-stat-rapporteringa). Bufdir ønskjer å bli medlem i utvalet (har status som observatør) og SSB kjem til å følgja opp dette i løpet av 2018.
Sakene i utvalet for 2017 omhandla fleire tema. Av dei som kan trekkjast fram er status for etablering av Kommunalt pasient- og brukarregister (KPR) v/Helsedirektoratet og prosjekt om registerbasert levekårsstatistikk for personar med nedsett funksjonsevne v/Bufdir. På alle møta var ulike forvaltningseiningar representert og fleire bidrog med å kasta lys over sakene.
Om publikasjonen
- Tittel
-
Årsrapport 2017. Kontaktutvalet for helse- og omsorgsstatistikk og sosialstatistikk
- Ansvarlig
-
Trond Ekornrud
- Serie og -nummer
-
Notater 2018/35
- Utgiver
-
Statistisk sentralbyrå
- Emne
-
Metoder og dokumentasjon
- ISBN (elektronisk)
-
978-82-537-9807-3
- Antall sider
-
37
- Om Notater
-
I serien Notater publiseres dokumentasjon, metodebeskrivelser, modellbeskrivelser og standarder.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste