Samfunnsspeilet, 2012/5

Overvekt og feite blant barn og unge

Barn og overvekt - kan me dra slutningar?

Publisert:

Trass i ofte motstridande meldingar i media og eit litt haltande datagrunnlag er det ingen tvil om at førekomsten av overvekt og feite blant barn og unge har auka dei siste 30 åra - i Noreg og på verdsbasis. Overvekt og feite ser òg ut til å variera langs regionale bakgrunnskjenneteikn. Samstundes viser gjennomgangen av ulike undersøkingar eit behov for å etablera fleire regelmessige fysiske målingar av høgda og vekta til barn og unge. Slik kan ein få betre kunnskap om viktige risikofaktorar i samband med overvekt blant barn og unge.

Det kan til tider vera vanskeleg å vita kva ein skal velja å tru om norske barn og unges helse dersom ein les avisoverskrifter på papir og nett. Frå ein dag til ein annan kan ein lesa overskrifter som konkluderer med stikk motsette ting. Stadig fleire barn og unge i Noreg med overvekt og feite den eine dagen, kan bli bytta ut med norske barn og unge som dei sunnaste i heile Europa neste dag (Aftenposten 27. april 2012).

Trass i motstridande meldingar i media om temaet er det nok liten tvil om at fleirtalet av artiklar dei siste ti åra har meldt om ein auke i førekomst av overvekt og feite blant barn og unge, både i verda generelt og blant norske barn og unge spesielt. Det har i lengre tid blitt snakka om ein feiteepidemi, og denne blir ofte kopla tett saman med ein meir inaktiv og usunn livsstil blant dagens barn og unge.

Oppslag i media om overvekt og feite blant barn og unge baserer seg ofte på enkeltundersøkingar som manglar fleire måletidspunkt, dette gjer det vanskeleg å samanlikna førekomsten av overvekt i dag med barn og unge frå tidlegare tider. Ofte er undersøkingane òg berre landsrepresentative, som gjer det vanskeleg å kunna seia noko om eventuelle regionale skilnader i Noreg. I tillegg er mange undersøkingar ikkje i stand til å avdekka eventuelle skilnader i overvekt og feite langs sosiale bakgrunnskjenneteikn som foreldres inntekt og utdanning.

Ein gjennomgang av resultat frå ulike undersøkingar som tek høgde for fleire av desse dimensjonane med overvekt og feite, kan hjelpa oss nærmare å seia noko sikkert om barn og unges overvekt og feite i Noreg. Denne artikkelen vil særleg vektlegga forskjellar langs dimensjonane regionale bakgrunnskjenneteikn, kjønn, og utviklinga over tid. I tillegg vil artikkelen freista å problematisera omgrepet overvekt og måla som ofte blir brukt i statistiske publiseringar for å visa førekomsten.

Bakgrunn

Artikkelen byggjer på Rapporter 2012/12, Statistisk sentralbyrå, Barn og unges miljø og helse 2011 (Kjelvik 2012), som blei publisert i mars 2012 på oppdrag av Helse- og omsorgsdepartementet

Overvekt - eit samansett problem …

Overvekt og feite har alvorlege konsekvensar for den fysiske og psykiske helsa til barn, og det er ein risikofaktor for å utvikla sjukdom i vaksen alder. Å vera overvektig er ein kompleks tilstand og årsakene er ofte samansette. Faktorar som speler inn, kan vera arv, psykologi, miljø, stoffskifte og hormon. Samstundes er den enklaste og viktigaste forklaringa likevel at me får i oss meir energi enn me forbrenn ( Jensen 2007 ). Dei mest vanlege konsekvensane av overvekt og feite er vanlegvis knytte til det psykososiale, sjølv om hjarte- og kar og følgjesjukdommar knytte til metabolismen kanskje er mest framtredande i eit folkehelseperspektiv (Juliusson mfl. 2008).

Førebygging av overvekt og feite i den norske befolkninga er ein av dei største utfordringane helsemyndigheitene står overfor i dagens samfunn (Helsedirektoratet 2011). Å førebyggja overvekt blant barn og unge er særleg viktig sidan barn er meir mottakelege og flinkare til å gjera endringar enn vaksne. For vaksne er ofte åtferdsmønster som vart utvikla i barndommen, vanskelegare å gjera noko med.

Førekomsten av overvekt og feite blant barn og unge blir ofte sett i samanheng med ein mindre fysisk aktiv livsførsel enn tidlegare. Det blir hevda at dagens barn og unge er latare enn før, at dei sit seg sjuke, og på langt nær tilfredsstiller helsemyndigheitenes anbefalingar om ein time med fysisk aktivitet i løpet av ein dag. Resultat frå fleire undersøkingar viser at oppfatningar som dette ikkje eintydig blir støtta ( Ekornrud 2012 ).

Det er likevel ingen tvil om at ein meir stillesitjande kvardag, for lite trening og mosjon og eit for høgt energiinntak i forhold til kva ein klarer å forbrenna, alle er faktorar som speler inn for å forklara kvifor barn og unge blir overvektige. Samstundes er det viktig å ha i mente at dette ikkje forklarer alt ved problemet, og at ein heller ikkje skal sjå seg blind på BMI-verdiar.

BMI (Body Mass Index)

BMI er ei forkorting for Body Mass Index, eller kroppsmasseindeks, og er eit mål på forholdet mellom høgde og vekt. Målet skil ikkje mellom feitt- og muskelmasse.

BMI = (vekt i kilo)/(høgde i meter x høgde i meter)

Samstundes varierer skalaen for kategorisering av høvesvis undervekt, normal vekt, overvekt og feite. WHO bruker følgjande skala som utgangspunkt for vurdering av BMI-verdiar for vaksne:

Grenseverdiar for BMI, kg/m2

Undervekt                       Under 18,5
Normal vekt                    18,5-24,9
Normal vekt/overvekt        25-26,9
Overvekt                         27-29,9
Feite                              Grad 1: 30-34,9
                                     Grad 2: 35-39,9
                                     Grad 3: 40 og over

BMI for barn, kg/m2

Overvekt og feite blir i barnevekststudien til FHI berekna ut frå International Obesity Task Force (IOTF) sine grenseverdiar (Coles indeks).

Coles indeks angir alders- og kjønnsspesifikke grenseverdiar for overvekt og feite i aldersgruppa 2-18 år. Coles indeks er anbefalt internasjonalt for samanlikning av førekomst av overvekt og feite blant barn og unge (FHI 2011a).

Livviddeindeks

Fordelinga av feittet på kroppen har betyding for helse og sjukdomsutvikling hos vaksne. Fleire studiar viser at også for barn og unge representerer sentralt magefeitt og høgt livviddemål risiko for sjukdom og overvekt seinare i livet. Livvidde kan brukast som eit mål åleine eller i forhold til høgde, definert som livvidde dividert med høgde (livviddeindeks). Livviddeindeksen bør vera under 0,5 uansett alder og kjønn (Garnett mfl. 2008). Eit enkelt bodskap blir følgjeleg at ein skal halda livvidda under halvparten av høgda.

Sjølvrapportert versus fysiske målingar

Informasjon om høgde og vekt kan samlast inn gjennom fysiske målingar eller gjennom eigenrapportering i intervjuundersøkingar. Folkehelseinstituttets barnevekststudie baserer seg på fysiske målingar, medan levekårsundersøkingar om helse, omsorg og sosial kontakt som SSB har gjort, innhentar opplysningar om høgde og vekt gjennom intervju. Fleire studiar har dokumentert avvik i tala for høgde og vekt mellom dei to metodane. Tendensen er at dei sjølvrapporterte opplysningane hellar mot ein «føretrekt kroppsfasong» (Ulset mfl. 2007). I intervjusamanheng blir ofte høgde overestimert, medan vekt blir ofte underestimert. Det viktigaste unntaket er i kategorien undervektige der vekta ofte blir overestimert (Spencer mfl. 2002).

… som manglar eit heilt sikkert mål

Body Mass Index (BMI) er den mest vanlege metoden for å måla overvekt og feite i befolkninga. Indeksen vert mykje brukt i (helse) fagmiljø og blant statistikkprodusentar i analysar og presentasjonar av vekt og vektutvikling. Samstundes viser litteraturen at det er ulik praksis frå ei undersøking til ei anna når det gjeld å setta grenseverdiar for overvekt og feite ( Jensen 2007 ).

Sjølv om BMI er det vanlegaste målet på overvekt og feite, har det også klare avgrensingar. Målet seier noko om kroppsmassen til ein person, altså forholdet mellom vekta og høgda til ein person, men skil derimot ikkje mellom feitt- og muskelmasse, skilnader i beinbygging eller korleis feitt er fordelt på kroppen. Viss årsaka til overvekt og feite, eine og åleine, kjem av at me får i oss meir energi enn me forbruker, kan BMI vera eit nyttig verktøy for å fanga opp dette. Men som tidlegare nemnt er årsakene til overvekt og feite ofte meir kompliserte og samansette enn som så.

BMI er særleg problematisk som overvektsmål når det blir brukt på barn og unge. I fagmiljøa går det stadig føre seg diskusjonar om grenseverdiar for når barn skal kunna bli definert som overvektige. Ei av årsakene til at det er problematisk med BMI som mål på overvekt, er at samleomgrepet barn og unge er ei stor og samansett gruppe som spenner over mange årskull. Jamaldra veks ofte i ulikt tempo, og det kan til dømes vera store forskjellar mellom to tolvåringar i kor langt dei har kome i utviklinga.

Cole mfl. (2000) har igjennom International Obesity Task Force (IOTF) freista å definera alders- og kjønnsbestemte grenseverdiar for barn og unge. Verdas helseorganisasjon (WHO) opererer med Coles indeks når dei måler BMI på barn og unge under 20 år. På dei eldste barna blir det ofte brukt dei same skalaene som er meint å vera for vaksne. Fleire av resultata som blir presentert i denne artikkelen, har bakgrunn i ulike metodar og grenseverdiar for BMI blant barn og unge. Følgjeleg vil det vera viktig å ta med dette i tolking av resultata. I tillegg blir det ofte òg snakka om at ein treng eit supplerande mål til BMI for å gi eit meir heilskapleg bilete av overvekt og feite. Måling av livvidde og livviddeindeks er ofte brukt til dette.

Har auka på verdsbasis …

Overvekt blant barn er eit aukande problem på verdsbasis, og ein av dei store utfordringane i folkehelsearbeidet. I USA, der feiteproblemet blant barn og unge er stort, har delen overvektige barn auka jamt sidan 1980-talet. I 2003 var delen barn med overvekt og feite over 35 prosent (Lobstein mfl. 2007).

OECD-rapporten «Health at a glance 2011» viser ein auke i delen vaksne med overvekt og feite i de fleste medlemslanda. Same rapporten viser at ein av fem barn (5-17 år) har overvekt og feite i alle medlemslanda sett under eitt. For norske barn viser undersøkinga at delen med overvekt og feite er litt høgare blant jenter enn gutar (høvesvis om lag 15 prosent og 13 prosent). Høgast ligg Hellas og USA som begge har ein førekomst på over 35 prosent, både blant jenter og gutar. Rapporten seier ikkje noko om utviklinga blant barn og unge over tid.

Det gjer derimot ein artikkel av Wang mfl. (2006) som har gjennomgått artiklar verda over om overvekt og feite blant barn og unge, publisert i tidsrommet 1980-2005. Trass i ulike definisjonar av overvekt og feite slår artikkelen fast at førekomsten av overvekt er aukande i nesten samelege land som hadde tilgjengelege tal for analyse. Førekomsten ser rett nok ut til å variera, men Nord-Amerika og Europa er områda der førekomsten av overvekt og feite er størst, med ein stad mellom 20 og 30 prosent og ei to- eller tredobling i løpet av 20-30 år. Søraust-Asia og store delar sør for Sahara har lågast førekomst.

Trass i at fleire studiar viser ein auke i førekomsten av overvekt og feite blant barn, kan fleire nyare studiar tyda på at den stigande kurven dei siste tretti åra no er på veg til å flate ut (Peneau mfl. 2009), og studiar frå USA underbyggjer dette (Odgen mfl. 2006). Fleire studiar i dei komande åra vil kunna seia om dette er ein trend eller berre eit utslag av tilfeldige variasjonar.

Datakjelder

Barnevekststudien

Barnevekststudien er ei undersøking av barns høgde og vekt i Noreg. Undersøkinga er eit samarbeid mellom FHI, Helsedirektoratet og skulehelsetenesta i 127 skular fordelt på alle dei fire helseregionane i landet. Studien er basert på eit landsrepresentativt utval av tredjeklassingar, og i undersøkinga vert det gjennomført fysiske målingar av høgde, vekt og livvidde. Undersøkinga er friviljug, og foreldra må samtykka om barna skal delta. Studiet er tilslutta WHO sitt program for å overvaka barns vekst i Europa. Det er så langt gjennomført målingar i 2008, 2010 og 2012. Resultata for målingane i 2012 ligg føre i 2013 (FHI 2011b).

Helse- og levekårsundersøkinga Statistisk sentralbyrå

Levekårsundersøkinga om helse, omsorg og sosial kontakt (levekårsundersøkinga) inngår i Statistisk sentralbyrås samordna levekårsundersøkingar. Undersøkinga vert gjennomført kvart tredje år. Levekårsundersøkinga om helse er ei utvalsundersøking som blir gjennomført som ein kombinasjon av personleg intervju og postalt skjema. Opplysningar frå administrative og statistiske register om inntekt og utdanning blir kopla på i etterkant av intervjua. Undersøkinga er landsrepresentativ for den norske befolkninga i alderen 16 år og eldre. I 1995 og 2005 var barna til intervjupersonane også omfatta av undersøkinga. Sjå også www.ssb.no/helseforhold .

… og i Noreg dei siste 40 åra

I Noreg viser ein annan vekststudie, utført i Bergen, ein signifikant auke av overvekt blant barn mellom 5 -17 år i perioden 1971-2006. Førekomsten av overvekt og feite i 2003-2006 blei estimert til i underkant av 15 prosent for gutar og i underkant av 18 prosent for jenter. Grunnlagsdata frå studien viser mellom anna at det er særleg dei tyngste barna som blir enda tyngre (Juliusson mfl. 2007).

Tala viser vidare variasjonar i førekomsten av overvekt og feite mellom ulike aldersgrupper av barn og unge. I aldersgruppa 7-11 år var førekomsten for begge kjønn vel 17 prosent. Samanliknbare tal for andre land i den same perioden var Sverige 18 prosent, Danmark 15 prosent, Nederland 12 prosent og England 20 prosent (Juliusson mfl. 2008). Fleire andre enkeltundersøkingar i Noreg slår fast ein auke i førekomsten av overvekt og feite, men omfanget ser likevel ut til å variera frå undersøking til undersøking, og aldersgrupper som er undersøkte. Forskjellar i overvekt og feite mellom jenter og gutar ser òg ut til å variera mellom undersøkingar og ulike aldersgrupper som er undersøkte.

Folkehelseinstituttet (FHI) har gjennomført fysiske målingar av høgde, vekt og livvidde på eit landsrepresentativt utval tredjeklassingar i 2008 og 2010. Resultata frå 2012 vil liggja føre i starten av 2013 (sjå tekstboks). Tabell 1 viser BMI og livviddeindeks for tredjeklassingar i 2008 og 2010, fordelt etter kjønn.

Figur 1. Delen personar 16-24 år med overvekt og feite samla (BMI>=25), fordelt etter kjønn og begge kjønn samla. 1998-2008. Prosent

Figur 1. Delen personar 16-24 år med overvekt og feite samla (BMI>=25), fordelt etter kjønn og begge kjønn samla. 1998-2008. Prosent

Det er ein liten auke i gjennomsnittleg BMI mellom 2008 og 2010 for begge kjønn. Samstundes held gjennomsnittleg livvidde seg forholdsvis uendra for begge kjønn. Medan gjennomsnittleg BMI for begge kjønn totalt var 16,6 i 2008, har den auka til 16,9 i 2010. For jenter har gjennomsnittleg BMI auka frå 16,7 til 16,9 i same periode, medan BMI-verdien blant gutar har auka frå 16,6 til 16,8. Grunnlagstala viser at det i all hovudsak er den gjennomsnittlege vekta som har auka i perioden, medan høgda ser ut til å ha halde seg stabil eller minka litt (sjå tabell 1).

Når det gjeld livvidde, har det vore ein liten auke i perioden både blant gutar og jenter. Auken er litt større blant jentene, men den gjer ikkje noko med livviddeindeksen som held seg stabil for både gutar og jenter mellom 2008 og 2010. Det er viktig å understreka at endringane mellom 2008 og 2010 er nokså små, og dermed usikre, samstundes som perioden mellom dei to måletidspunkta er nokså kort. Resultata frå undersøkingane som vart gjennomført i 2012, vil difor kunna bidra betre til å seia om endringane er trendar eller tilfeldige variasjonar.

Når det gjeld barn og unge i aldersgruppa 16-24 år, viser resultat frå levekårsundersøkinga ein jamn auke i førekomsten av overvekt og feite i perioden 1998-2008 (figur 1). For begge kjønn samla har delen med overvekt og feite i gruppa 16-24 år hatt ein signifikant auke frå 13 prosent i 1998 til 23 prosent i 2008. Delen definert som overvektige auka frå 11 prosent i 1998 til 19 prosent i 2008, medan delen med feite auka frå 2 prosent i 1998 til 4 prosent i 2008. Det er verdt å nemna at delen personar med feite har halde seg uendra mellom 2005 og 2008.

Førekomsten av overvekt og feite i aldersgruppa 16-24 år er størst blant menn. Samstundes aukar delen med overvekt og feite både blant kvinner og menn i perioden 1998-2008 (figur 1). Medan delen kvinner med overvekt og feite i alt var 18 prosent i 2008, var delen 27 prosent for menn. Auken i overvekt og feite i alt har vore nokså stor, for både kvinner og menn i perioden 1998-2008.

Når det gjeld feite, er delen litt større blant menn enn blant kvinner. Medan delen med feite var 3 prosent for kvinner i 2008, var delen 4 prosent blant menn. Førekomsten av feite har halde seg uendra blant menn sidan 2002, mens delen har gått litt ned for kvinner mellom 2005 og 2008.

Varierer etter kor barn og unge er busette

Førekomst av overvekt og feite samla er størst blant tredjeklassingar i dei to nordlegaste helseregionane, og førekomsten er større blant jenter enn gutar i alle helseregionane (tabell 2). I tillegg aukar delen med overvekt for begge kjønn samla mellom 2008 og 2010 i alle helseregionane. Medan delen med overvekt og feite var 16 prosent for begge kjønn i 2008, har den auka til 19 prosent i 2010 på landsbasis. Blant jenter har delen med overvekt og feite auka frå 17 til 22 prosent i same periode, for gutar frå 14 til 17 prosent. Alle dei fire helseregionane har ein auke i delen med overvekt og feite frå 2008 til 2010. Resultata frå målingane i 2012 vil kunna gi svar på om auken er eit uttrykk for ein trend eller eit utslag av tilfeldige variasjonar.

Førekomsten av feite er størst i dei to nordlegaste helseregionane (tabell 3). Medan Helseregion Nord har størst del tredjeklassingar med feite, med 6 prosent, har helseregion Vest minst, med 3 prosent. Samstundes er det nokre forskjellar mellom gutar og jenter i dei ulike helseregionane. Mellom anna har Helseregion Nord størst del med feite blant jenter med 5 prosent, medan Helseregion Sør-Aust og Helseregion Vest har minst, begge med 3 prosent. Helseregion Nord har også størst del feite blant gutar, 8 prosent. Dette er ein auke på 4 prosentpoeng frå 2008. Helseregion Sør-Aust og Helseregion Vest har minst del gutar med feite, begge med 4 prosent. Delen med feite er nokså liten, som gjer sitt til at forskjellane mellom jenter og gutar og mellom dei ulike helseregionane er nokså små.

Resultat frå levekårsundersøkinga viser at førekomsten av overvekt og feite blant menn og kvinner i aldersgruppa 16-24 også varierer etter kva landsdel ein er busett i. Medan Vestlandet (33 prosent) og Nord-Noreg (25 prosent ) har høgast førekomst av overvekt og feite, har Agder og Rogaland (16 prosent) og Akershus og Oslo (19 prosent) minst i 2008. Grunnlagstala viser at førekomsten er høgast blant gutar i samelege landsdelar. Vidare viser grunnlagstala ein auke i samelege landsdelar i perioden 1998-2008. For heile landet samla har førekomsten auka frå 10 prosent i 1998 til 23 prosent i 2008.

Figur 2. Delen personar 16-24 år med litt overvekt, overvekt, feite, fordelt etter landsdelar. Begge kjønn. 2008. Prosent

Figur 2. Delen personar 16-24 år med litt overvekt, overvekt, feite, fordelt etter landsdelar. Begge kjønn. 2008. Prosent

Meir på landet enn i byen

Førekomsten av overvekt og feite er òg større på landet enn i byen. Analysar gjennomført av FHI, baserte på Barnevektstudien, viser ein høgare prosentdel barn med overvekt i rurale område enn i urbane område. Utdanning og inntekt i kommunane ser også ut til å ha påverka effekten som urbanitetsvariabelen har på overvekt og livvidde (Heyerdahl mfl. 2012). Resultat frå UNGHUBRO-undersøkinga viser òg at det var store sosiodemografiske skilnader i førekomsten av overvekt og feite blant tiandeklassingar i Oslo (Lien mfl. 2007). Resultata viste mellom anna at førekomsten av overvekt minka med stigande utdanningslengde blant foreldra.

Blant 16-24 åringar er førekomsten av overvekt og feite høgast på landet, samanlikna med byen. Resultata frå levekårsundersøkinga viser at førekomsten av personar i aldersgruppa 16-24 år er høgast i spreiddbygde strok, samanlikna med tettbygde strøk. Utviklinga over tid viser også at førekomsten aukar mest i dei spreiddbygde stroka.

Resultata frå barnevekststudien og levekårsundersøkinga viser at førekomsten av overvekt og feite varierer etter kva landsdel ein er busett i, og om du er busett i rurale eller urbane område (tabell 2, 3 og figur 2). Vidare viser tala frå levekårsundersøkinga jamt over ein auke når det gjeld overvekt og feite samla i perioden 1998-2008 (figur 1), men dei siste åra ser tendensen likevel ut å vera at det flatar litt ut, særleg førekomsten av feite.

Delen barn og unge med feite flatar ut

Til slutt er det viktig å gjenta at bruken av BMI som mål på overvekt og feite blant barn og unge kan vera problematisk. Metoden inneheld svakheiter og avgrensingar, og dette er særleg viktig å ha i mente når det gjeld bruken av BMI-målet på barn og unge. Sidan barn og unge veks i ulikt tempo, er det særleg vanskeleg å trekka slutningar om bestemte alderstrinn. Å supplera BMI med mål av livvidde vil vera ein av fleire faktorar som kan gi eit meir nyansert bilete over eventuelle overvekt- og feiteproblem som eksisterer blant barn og unge i dag.

Manglande undersøkingar med fleire måletidspunkt gjer det utfordrande å slå fast noko heilt sikkert om trendar når det gjeld overvekt og feite hos barn og unge. Vidare kan overskrifter i media som melder forskjellige bodskap frå ein dag til ein annan, forvirra. Samstundes kan ein nok ut frå tidlegare undersøkingar, som har målt overvekt og feite, fastslå at førekomsten blant barn og unge har auka i Noreg dei siste tretti åra (Juliusson mfl. 2007). Tal frå levekårsundersøkinga og Vernepliktsverket tyder på at delen ungdom i Noreg med overvekt og feite også har auka dei siste ti åra.

Samstundes kan det sjå ut som om fleire barn og unge blir overvektige, medan delen med feite er i ferd med å flata litt ut. Når det gjeld dei yngste barna, viser tal frå barnevekststudien at delen med overvekt og feite i alt har auka blant tredjeklassingar frå 2008 til 2010, medan delen med feite har halde seg uendra.

Vanskeleg å fastslå auken

Ein gjennomgang av publisert materiale om overvekt og feite blant barn og unge viser eit noko fragmentert bilete der ein baserer seg på enkeltundersøkingar utan fleire måletidspunkt. Samstundes er det antakeleg godt nok grunnlag til å seia at det har skjedd ein auke når det gjeld overvekt og feite blant barn og unge. Kor stor auken faktisk har vore, og kor mange barn og unge det gjeld i dag, er det likevel vanskeleg å fastslå sikkert, både i Noreg og på verdsbasis. Ulike undersøkingar opererer med ulike nivå, og skilnaden mellom jenter og gutar varierer òg frå undersøking til undersøking, også kva aldersgrupper av barn og unge det er snakk om.

Ei etablering av regelmessige undersøkingar som kartlegg høgde og vekt er viktig dersom ein ønskjer å få auka kunnskap om overvekt og feite blant barn og unge. Ei kartlegging av korleis overvekt og feite varier langs dimensjonane alder, kjønn, geografi, inntekt og utdanning, vil bidra til ei synleggjering av eventuelle risikofaktorar ut over det biologiske som ein må freista å førebyggja når det gjeld overvekt og feite blant barn og unge. Per i dag er det ikkje etablert tilstrekkeleg med slike undersøkingar. Særleg gjeld dette undersøkingar som koplar overvekt og feiteførekomsten med sosioøkonomiske bakgrunnskjenneteikn.

Referansar

Cole, Tim J., Mary C. Bellizzi, Katherine M. Flegal og William H. Dietz (2000): Establishing a standard definition for child overweight and obesity worldwide: international survey, British Medical Journey, 320, Issue 7244, 1240-.

Ekornrud, Trond (2012): Er barn og unge blitt mindre fysisk aktive ? Samfunnsspeilet 3, 2012, Statistisk sentralbyrå.

FHI (2011a): Barnevekststudien , Folkehelseinstituttet.

FHI (2011b): Endring i andel overvektige barn, Folkehelseinstituttet.

Helsedirektoratet (2012): Rapport 2011, Nøkkeltall for helsesektoren, Brøyn, Nina.

Heyerdahl, N. G. Aamodt, R. Nordhagen, R. Hovengen (2012): Overvekt hos barn - hvilken betydning har bosted? Tidsskrift for Den norske legeforening , 2012; 132:1080-3.

Jensen, Arne (2007): Feilslutninger om fedmeproblemet? Samfunnsspeilet 4, 2007, Statistisk sentralbyrå.

Juliusson, P.B, M. Roelants, G.E. Eide, R. Hauspie, P.P. Waaler, R. Bjerknes (2007): Overweight and obesity in Norwegian children: secular trends in weight-for-height and skinfolds. Acta Paediatric, 2007;96:1333-7.

Juliusson, P.B. and R. Bjerknes (2008): Sekulær økning i vekt hos barn og unge. Pediatrisk Endokrinologi 2008;22:16-24.

Lien, N. B.N. Kumar og L. Lien (2007): Overvekt blant ungdom i Oslo. Tidsskrift for Den norske legeforening, 2007;127:2254-8.

Lobstein, T. (2007): R. Jackson-Leach (2007): Child overweight and obesity in the USA: prevalence rates according to IOTF definitions. International Journal of Pediatric Obesity, 2007;2:62-4.

Odgden, C.L., M.D. Carroll, L.R. Curtin, M.A. McDowwel, C.J. Tabak og K.M. Flegal (2006): Prevalence of overweight and obesity in the United States, 1999-2004, Journal of the American Medical Association , 2006;295:1549-55.

OECD (2011): Health at a Glance 2011, OECD INDICATORS.

Peneau, S., B. Salanave, L. Maillard-Teyssier, M.F. Rolland-Cachera, A.C. Vergnaud, C. Mejean mfl. (2009): Prevalence of overweight in 6- to 15-year-old children in central/western France from 1996 to 2006: trends toward stabilization. International Journal of Obesity (London), 2009;33:401-7.

Salanave, B., S. Peneau, M.F. Rolland-Cachera, S. Hercberg, K. Castetbon: Stabilization of overweight prevalence in French children between 2000 and 2007. International Journal of Pediatric Obesity 2009;4:66-72.

Spencer, Elizabeth A., P.N. Appleby, G.K. Davey og T.J. Key (2002): Validity of self-reported height and weight in 4 808 EPIC-Oxford participants, Public Health Nutrition, 5, Issue 4, 561-565.

Statistisk årbok , årganger 1995-2010, Statistisk sentralbyrå. ( http://www.ssb.no/aarbok/ )

Ulset, Elisabeth, R. Undheim og K. Malterud (2007): Er fedmeepidemien kommet til Norge? Tidsskrift for Den norske legeforening , 127, 34-7.

Wang Y, T. Lobstein (2006):Worldwide trends in childhood overweight and obesity. Int J Pediatr Obes. 2006;1:11-25.

Tabeller:

Kontakt