Færre institusjonsplassar i omsorgstenesta
Publisert:
Talet på institusjonsplassar i omsorgstenesta går framleis ned. Det gjeld særleg plassar i aldersheim, men også til ein viss grad i sjukeheim. Nedgangen i talet på plassar i sjukeheim er størst blant dei i privat eige.
- Tallene er hentet fra
- Sjukeheimar, heimetenester og andre omsorgstenester
- Artikkelen er en del av serien
- Omsorgstenester (arkiv)
Førebelse tal for 2018 som blei publiserte gjennom KOSTRA 15. mars 2019, viser at det samla talet på institusjonsplassar i sjukeheimar og aldersheimar rundt omkring i Noreg, har gått litt ned samanlikna med tidlegare år.
I 2018 var det samla talet på disponible plassar i institusjon i omsorgstenesta i kommunane på under 42 000. Det representerer ein nedgang på meir enn to prosent i perioden frå 2015 til 2018, og ein nedgang på under ein prosent frå 2017 til 2018.
Først og fremst nedgang i aldersheimplassar
Den største nedgangen i talet på institusjonsplassar har funne stad i aldersheimar. Førebelse tal viser at det i 2018 var 554 aldersheimplassar i omsorgstenesta ute i kommunane. Det inneber ein reduksjon på 480 disponible plassar (46 prosent) frå 2015, og ein reduksjon på 173 plassar (24 prosent) frå 2017.
For sjukeheimar er situasjonen annleis og meir stabil. Førebelse tal viser at det i 2018 var 39 627 sjukeheimplassar i omsorgstenesta. Det inneber til dømes same tal på disponible plassar som i 2015 og ein reduksjon på 47 plassar (0,1 prosent) frå 2017.
Figur 1. Plassar i institusjon, etter type institusjon. 2015-2018. tal
2015 | 2016 | 2017 | 2018 | |
Aldersheim | 1034 | 889 | 727 | 554 |
Sjukeheim | 39674 | 39605 | 39674 | 39627 |
Nedgang i plassar i privat eigde sjukeheimar
Det er vidare i privat eigde sjukeheimar at nedgangen i talet på plassar har gjort seg gjeldande. Førebelse tal viser at det i 2018 var 4 252 plassar i privat eigde sjukeheimar i omsorgstenesta i kommunane. Det inneber ein reduksjon på 651 disponible plassar (13,3 prosent) frå 2015, og ein reduksjon på 253 sjukeheimsplassar (5,6 prosent) frå 2017.
For kommunalt eigde sjukeheimar har talet på disponible plassar vore stabilt og auka litt. Førebelse tal viser at det i 2018 var 35 375 plassar i kommunalt eigde sjukeheimar i omsorgstenesta i kommunane. Det inneber ein auke på 604 disponible plassar frå 2015 (1,7 prosent) og ein liten auke på 206 plassar (0,6 prosent) frå 2017.
Figur 2. Plassar i sjukeheim, etter eigarforhold. 2015-2018. tal
2015 | 2016 | 2017 | 2018 | |
Kommunalt eigde sjukeheimsplassar | 34771 | 34887 | 35169 | 35375 |
Privat eigde sjukeheimsplassar | 4903 | 4718 | 4505 | 4252 |
Små kommunar har betre kapasitet i sjukeheim
Det er dei minst folkerike kommunane som har flest disponible sjukeheimsplassar i høve til innbyggjarane sine i alderen 80 år og eldre. Sjølv om data om brukarar av omsorgstenester er forseinka, er det grunn til å tru at det stadig er sånn at dei over 80 år brukar slike omsorgstenester mest.
Førebelse tal for 2018 viser at dei minste kommunane med under 2 000 innbyggjarar hadde flest sjukeheimsplassar per 10 000 innbyggjarar i aldersgruppa 80 år og eldre, medan dei nest største kommunane med mellom 20 000 og 49 999 innbyggjarar hadde færrast disponible plassar sett i høve til denne aldersgruppa i befolkninga.
Den generelle tendensen er at talet på sjukeheimsplassar i høve til talet på innbyggjarar 80 år og eldre, går ned med aukande kommunestorleik. Unntaket er dei mest folkerike kommunane.
Figur 3. Plassar i sjukeheim per 10 000 innbyggjarar 80 år og eldre, etter kommunestorleik. 2018. tal
Plassar | |
Heile landet | 1753 |
Under 2000 innb. | 2504 |
2000-4999 innb. | 1904 |
5000-9999 innb. | 1678 |
10000-19999 innb. | 1617 |
20000-49999 innb. | 1546 |
50000 eller flere innb. | 1863 |
Faktaside
Kontakt
-
Arne Jensen
-
Trond Ekornrud
-
Dag Ragnvald Abrahamsen
-
SSBs informasjonstjeneste