Fleire brukarar, færre institusjonstenester
Publisert:
Førebelse tal frå IPLOS-registeret for 2017 viser at det samla talet på brukarar av omsorgstenester framleis aukar ute i kommunane. Den kommunale omsorgstenesta leverer elles færre institusjonstenester og fleire heimetenester over tid.
- Tallene er hentet fra
- Sjukeheimar, heimetenester og andre omsorgstenester
- Artikkelen er en del av serien
- Omsorgstenester (arkiv)
SSB har i samband med marspubliseringa i KOSTRA frigitt førebelse tal for 2017 frå IPLOS-registeret. Tala inngår i tabellar i statistikkbanken som grunnlag for eigne KOSTRA-indikatorar, men òg i tabellar som utelukkande inneheld opplysningar frå registeret. Sistnemnde gjeld tabellane med tal om brukarar av omsorgstenester per 31. desember, brukarar av omsorgstenester i løpet av året, forbruk av omsorgstenester i timar i løpet av året og forbruk av omsorgstenester i døgn i løpet av året.
Fleire brukarar av kommunale omsorgstenester
Det blir stadig fleire som bruker ein eller fleire omsorgstenester i kommunane. Dei førebelse tala for 2017 viser at det var om lag 283 000 brukarar av ein eller fleire ulike kommunale omsorgstenester per 31. desember 2017, medan det var i overkant av 360 000 brukarar totalt i løpet av heile året.
Figur 1. Brukarar av kommunale omsorgstenester, per 31. desember og i løpet av året. 2009-2017. Absolutte tal
2009 | 2010 | 2011 | 2012 | 2013 | 2014 | 2015 | 2016 | 2017 | |
Brukarar per 31. desember | 266409 | 265723 | 268778 | 271503 | 271412 | 272357 | 275200 | 278161 | 282630 |
Brukarar i løpet av året | 329306 | 327444 | 330468 | 336864 | 340093 | 342216 | 349419 | 355635 | 360430 |
Figur 1 viser at det har vore ein jamn auke i talet på brukarar frå 2009 til 2017. Medan brukarar per 31. desember berre inkluderer dei som får ei eller fleire tenester på dette tidspunktet det aktuelle året, inkluderer brukarar i løpet av året alle som har fått tenester ein eller annan gong det aktuelle året.
Når det gjeld tenestene som blir rapportert frå kommunane til IPLOS-registeret, er det for statistikkføremål vanleg å sortere dei i kategoriane institusjonstenester, heimetenester og aktiviserings- og servicetenester.
Nedgang i langtids- og korttidsopphald i institusjon
Det er stadig ein nedgang i talet på vedtak om langtidsopphald og ulike korttidsopphald i institusjon i den kommunale omsorgstenesta. Dei førebelse tala for 2017 viser at det totalt var i underkant av 46 000 vedtak om institusjonstenester i kommunane per 31. desember 2017, og av desse var godt under 33 000 langtidsopphald i institusjon (sjukeheim).
Figur 2. Institusjonstenester i den kommunale omsorgstenesta, totalt og etter utvalde typer tenester. Per 31. desember 2009-2017. Absolutte tal
2009 | 2010 | 2011 | 2012 | 2013 | 2014 | 2015 | 2016 | 2017 | |
Dagopphald i institusjon | 4446 | 4465 | 4220 | 4530 | 3845 | 3643 | 3462 | 3479 | 3442 |
Tidsavgrensa opphald i alt | 7072 | 6691 | 6581 | 7298 | 6566 | 6699 | 6725 | 6934 | 6653 |
Langtidsopphald i institusjon | 34802 | 34469 | 34214 | 34012 | 33968 | 33882 | 33547 | 33094 | 32692 |
Totalt | 48813 | 47998 | 47583 | 48410 | 46846 | 46759 | 46356 | 46489 | 45967 |
Figur 2 viser at det har vore ein jamn nedgang i vedtak om institusjonstenester totalt frå 2009 til 2017. Det gjeld særleg for tenesta langtidsopphald i institusjon (sjukeheim).
Når det gjeld tidsavgrensa opphald i alt, har talet på tenestevedtak gått noko ned frå 2009 til 2017, men her er det meir snakk om stagnasjon og ein variasjon mellom ulike typar opphald. Medan det har vore ein auke i tidsavgrensa opphald – utreiing/behandling frå 2009 til 2017, har derimot tidsavgrensa opphald – habilitering/rehabilitering og tidsavgrensa opphald - anna gått litt ned i perioden.
Auke i heimetenester
Det er ein auke i talet på forskjellige heimetenester som er vedteke i kommunane. Dei førebelse tala for 2017 viser at det totalt var i underkant av 300 000 vedtak om heimetenester per 31. desember 2017 (ein brukar kan ha fleire tenester samstundes), og av desse var om lag 155 000 helsetenester i heimen (tidlegare heimesjukepleie).
Figur 3. Omsorgstenester i den kommunale omsorgstenesta, totalt og etter utvalde typer tenester. Per 31. desember 2009-2017. Absolutte tal
2009 | 2010 | 2011 | 2012 | 2013 | 2014 | 2015 | 2016 | 2017 | |
Praktisk hjelp i alt | 113719 | 113198 | 113068 | 111828 | 111465 | 108901 | 106816 | 105080 | 105410 |
Helsetenester i heimen | 129160 | 130012 | 133757 | 136539 | 138870 | 141289 | 144837 | 149551 | 154568 |
Re-/habilitering utanfor institusjon | 15160 | 13730 | 13978 | 13682 | 11838 | 11652 | 13981 | 13872 | 12146 |
Totalt | 275262 | 274209 | 278194 | 279510 | 279700 | 279440 | 283362 | 286377 | 289820 |
Figur 3 viser at det har vore ein etter måten jamn auke i vedtak om heimetenester totalt frå 2009 til 2017. Det er særleg tenesta helsetenester i heimen (tidlegare heimesjukepleie) som har auka i perioden.
Når det gjeld praktisk hjelp i alt, har utviklinga gått den motsette veg. Her er det likevel grunn til å nyansere biletet litt. Medan det har vore ein nedgang i vedtak om praktisk hjelp – daglege gjeremål frå 2009 til 2017, har vedtak om både praktisk hjelp – opplæring daglege gjeremål og praktisk hjelp – brukarstyrt personleg assistanse auka litt i perioden.
Faktaside
Kontakt
-
Arne Jensen
-
Dag Ragnvald Abrahamsen
-
Fatima Valdes Haugstveit
-
SSBs informasjonstjeneste