Rapporter 2018/27
Ei kartlegging og analyse av førebyggande og helsefremjande arbeid og tilbod i norske kommunar i perioden 2013-2016
Frisklivssentralar i kommunane 2013-2016
- Publikasjonen er en del av serien
- Frisklivssentralar i kommunane
Frisklivssentralar er eit lågterskeltilbod for endring av levevanar, og stadig fleire kommunar etablerer tilbodet. 3 av 5 kommunar hadde etablert frisklivssentral i 2017, ei dobling sidan 2011. Det har vore ein auke i personell og deltakarar, men det finst store regionale forskjellar i tilbodet.
Målgruppa er personar i alle aldrar som har auka risiko for, eller som har utvikla, sjukdom og treng hjelp til å endre levevanar og meistre sjukdom. Dette gjeld mellom anna dei med samansette og langvarige helseplagar og dei som ikkje finn seg til rette andre stader, som til dømes på tradisjonelle treningssenter. I tillegg er det ei målsetjing at frisklivssentralar skal bidra til å motverke sosiale forskjellar i levevanar og helse i befolkninga.
Kartleggingane av frisklivssentralar som blei gjennomført av SSB for rapporteringsåra 2013 og 2016 gjer det mogleg å sjå nærare på denne førebyggande helsetenesta i kommunane både når det gjeld etablering, organisering, personellressursar, aktivitet og samarbeid med andre aktørar etter ulike regionale bakgrunnskjenneteikn. Det at ein har to måletidspunkt, gjer det dessutan mogleg å sjå på utviklinga mellom 2013 og 2016.
Resultata viser at stadig fleire kommunar etablerer frisklivssentralar, og at talet på personellressursar og deltakarar aukar. Samstundes er det regionale forskjellar både når det gjeld delen som har etablert tilbodet, personellressursar og deltakarar. I 2017 hadde 60 prosent av kommunane etablert frisklivssentralar. I perioden 2011-2017 har det vore over ei dobling av kommunar som har fått tilbodet. Utviklinga flatar rett nok ut dei siste tre åra i perioden. Etableringa av frisklivssentralar har kome lenger på veg i enkelte fylke enn andre, og det er særleg blant store kommunar i sentrale strok at delen kommunar med tilbodet er høgast i 2016. Når det gjeld tilbodet som blir gitt, viser resultata at det er fylkesvise forskjellar og at tilbodet er mest omfattande i større og meir sentrale kommunar. Det var 248 avtalte årsverk tilsett ved frisklivssentralar i 2016, som er ein auke på om lag 30 prosent frå 2013. Fysioterapeutar utgjer den klart største yrkesgruppa med over halvparten av årsverka. Det var 27 000 personar som deltok ved eitt eller fleire av tilboda i kommunar med frisklivssentralar i 2016. Dette er ein auke på 11 000 personar, eller 70 prosent, frå 2013. Utviklinga mellom 2013 og 2016 viser at det har vore ein auke både når det gjeld kommunar som har etablert tilbodet, personellressursar og talet på deltakarar etter dei regionale bakgrunnskjenneteikna fylke, kommunestorleik (målt i folketal) og sentralitet. Samstundes har forskjellane mellom 2013 og 2016 stort sett har blitt mindre når det gjeld personellressursar og innhaldet ved sentralane etter dei same regionale bakgrunnskjenneteikna.
I intervjua med utvalde kommunar utan frisklivssentral kjem det fram at det i all hovudsak er sekundærførebyggande helsetilbod som blir gitt til innbyggjarane. Det betyr tilbod til personar som allereie mottek tenester gjennom den kommunale helse- og omsorgstenesta. Sjølv om nokre kommunar tilbyr lågterskeltilbod tilsvarande kurs som blir gitt ved frisklivssentralar, har mesteparten ikkje liknande tilbod i kommunal regi. Men det finst ofte ein del supplerande lågterskeltilbod i privat eller friviljug regi som kan sjåast som førebyggande og helsefremjande arbeid, som turlag, friviljugsentralar og aktivitetskaféar for einskilde brukargrupper, til dømes personar med psykiske lidingar. Fleire kommunar med stram økonomi opplever elles det som utfordrande å få politikarar til å skjøne verdien av førebyggande helsearbeid, og at dette som oftast blir nedprioritert til fordel for andre helsetenester. Fleire kommunar rår helsemyndigheitene til å gjere den nasjonale rettleiaren for frisklivssentralar meir tilpassa alle typar kommunar. Fleire opplever at rettleiaren rettar seg særleg mot store kommunar i sentrale strok. Det er vidare ønske om at tilskot til førebyggande helsearbeid blir øyremerka i større grad i framtida.
Om publikasjonen
- Tittel
-
Frisklivssentralar i kommunane 2013-2016. Ei kartlegging og analyse av førebyggande og helsefremjande arbeid og tilbod i norske kommunar i perioden 2013-2016
- Ansvarlig
-
Trond Ekornrud og Merete Thonstad
- Serie og -nummer
-
Rapporter 2018/27
- Utgiver
-
Statistisk sentralbyrå
- Oppdragsgiver
-
Helsedirektoratet
- Emne
-
Helsetjenester
- ISBN (elektronisk)
-
978-82-537-9793-9
- ISBN (trykt)
-
978-82-537-9792-2
- ISSN
-
0806-2056
- Antall sider
-
108
- Om Rapporter
-
I serien Rapporter publiseres analyser og kommenterte statistiske resultater fra ulike undersøkelser. Undersøkelser inkluderer både utvalgsundersøkelser, tellinger og registerbaserte undersøkelser.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste