Jordmortilbod i nesten alle kommunar
Publisert:
I heile 99 prosent av kommunane hadde gravide og heilt nybakte mødrer tilbod om jordmortenester. 83 prosent av kommunane hadde tilsett eiga jordmor, medan resten kjøpte tenesta frå andre. Kvar tredje kvinne som kjem heim frå føde-/barselavdelinga, får besøk av jordmor innan tre døgn.
- Tala er henta frå
- Kommunehelsetenesta
- Artikkelen er del av serien
- Kommunehelsetenesta (arkiv)
I 2018 hadde 418 av dei 422 kommunane i Noreg tilgang til jordmortenester anten i eller utanfor kommunen. Mange kommunar kjøper tenesta av andre, særleg av større nabokommunar og spesialisthelsetenesta.
Kommunar med få innbyggjarar kjøper oftare jordmortenester og inngår gjerne i eit interkommunalt samarbeid om tenesta. Ei jordmor kan då vera tilsett i ein kommune, men arbeider òg med kvinner i nabokommunane under svangerskap og barseltid.
Flest små kommunar som kjøper jordmortenester
I 2018 hadde 83 prosent av kommunane tilsett eiga jordmor, kjem det fram i statistikken over kommunehelsetenesta. Medan nær alle kommunar med over 10 000 innbyggjarar hadde eiga jordmor, gjaldt det 77 prosent av kommunar med under 10 000 innbyggjarar. Det er særleg i dei minste kommunane med under 2 000 innbyggjarar at delen som har tilsett eiga jordmor, er liten: 54 prosent.
Samstundes er delen som kjøper jordmortenesta størst i dei minste kommunane. Ser ein vekk frå om jordmora er tilsett eller om tenesta blir kjøpt, er delen kommunar som har tilbod om jordmortenester, nokså lik uavhengig av kommunestorleik.
Figur 1. Delen kommunar som har tilsett eiga jordmor eller kjøpt tenesta, etter folketalet til kommunen. Prosent. 2018
Jordmødrer tilsett | Anten jordmor tilsett eller jordmortilbod i kommunen | Anten jordmor tilsett eller jordmortilbod i eller utanfor kommunen | |
Under 2000 innbyggjarar | 53.7 | 82.1 | 98.9 |
2000 - 4999 innbyggjarar | 81.6 | 94.4 | 100.0 |
5000 - 9999 innbyggjarar | 94.4 | 97.8 | 97.8 |
10000 - 19999 innbyggjarar | 100.0 | 100.0 | 100.0 |
20000 - 49999 innbyggjarar | 97.7 | 97.7 | 97.7 |
50000 eller flere innbyggjarar | 100.0 | 100.0 | 100.0 |
Heile landet | 82.7 | 93.6 | 99.1 |
Auke i jordmorårsverk i kommunane
Det har i fleire år vore ein vekst i talet på avtalte årsverk for jordmødrer i helsestasjonstenesta tilsette i kommunen. I 2018 var det registrert i overkant av 464 jordmorårsverk. Veksten i årsverk har samanheng med særskilt tilskot frå Helsedirektoratet til styrking og utvikling av helsestasjons- og skulehelsetenesta i kommunane, som starta i 2016.
Sidan talet på fødslar har gått ned, samstundes med at talet på avtalte årsverk for jordmødrer har auka, har jordmorårsverk per 10 000 nyfødde gått kraftig opp. Medan det var 55 jordmorårsverk per 10 000 nyfødde i 2015, var tilsvarande tal 84 i 2018.
Figur 2. Avtalte årsverk for jordmødrer per 10 000 nyfødde, etter sentralitet. 2018
Jordmorårsverk per 10 000 nyfødde i løpet av året | |
Sentralitet 1 Mest sentrale kommuner | 62.2 |
Sentralitet 2 Nest mest sentrale kommuner | 75.7 |
Sentralitet 3 Over middels sentrale kommuner | 86.8 |
Sentralitet 4 Middels sentrale kommuner | 93.9 |
Sentralitet 5 Nest minst sentrale kommuner | 127.6 |
Sentralitet 6 Minst sentrale kommuner | 172.3 |
Heile landet | 84.3 |
Fordelt etter sentralitet viser tala for 2018 at dekningsgraden av jordmødrer er høgast i dei minst sentrale kommunane og lågast i dei mest sentrale kommunane. Medan det var 172 jordmorårsverk per 10 000 nyfødde i dei minst sentrale kommunane, var tilsvarande tal 62 i dei mest sentrale.
Flest heimebesøk av jordmor i minst sentrale kommunar
Kvar tredje nybakte mor fekk gjennomført heimebesøk av jordmor innan tre dagar etter heimkomst frå fødeavdelinga i 2018. Samstundes er det forskjellar i delen som får heimebesøk, avhengig av om mora er busett i sentrale eller usentrale kommunar.
Delen som mottar heimebesøk utført av jordmor, er minst i sentrale kommunar og størst i dei minst sentrale kommunane. Medan kvar femte fekk heimebesøk i dei nest mest sentrale kommunane, var det nær halvparten i dei nest minst sentrale. Jordmorbesøket er i hovudsak retta mot den nybakte mora, og det blir særleg snakka om fødselen og barseltida og yta ammehjelp. I tillegg får 88 prosent av familiane heimebesøk av helsesjukepleiar (helsesøster) for å sjå til den nyfødde.
Figur 3. Heimebesøk utført av jordmor i løpet av tre døgn etter kvinners og nyfødde sin heimkomst frå føde/barselavdeling, etter kommunens sentralitet. Prosent. 2018
Heimebesøk utført av jordmor i løpet av tre døgn etter kvinners og nyføddes heimkomst frå føde/barselavdeling (prosent) | |
Heile landet | 34.0 |
Sentralitet 1 Mest sentrale kommuner | 30.9 |
Sentralitet 2 Nest mest sentrale kommuner | 19.7 |
Sentralitet 3 Over middels sentrale kommuner | 41.1 |
Sentralitet 4 Middels sentrale kommuner | 44.1 |
Sentralitet 5 Nest minst sentrale kommuner | 47.9 |
Sentralitet 6 Minst sentrale kommuner | 36.0 |
Ei av forklaringane på at delen som mottek heimebesøk er større i mindre sentrale strok, er at jordmordekninga per fødde er betre her enn i meir sentrale strok. Dekningsgraden av jordmødrer per nyfødde minskar med aukande kommunesentralitet. Større jordmorressursar i mindre sentrale kommunar skulle tilseia at dei har større høve til å gjennomføre heimebesøk til mødrer og nyfødde enn i meir sentrale kommunar.
Faktaside
Kontakt
-
Merete Thonstad
-
Dag Ragnvald Abrahamsen
-
SSBs informasjonstjeneste