Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Fleire årsverk i psykiatrien (foreløpige tall)
Det var tilsett personell tilsvarande vel 16 500 årsverk ved psykiatriske institusjonar, avdelingar og poliklinikkar ved utgangen av 2000. Det var om lag 420 fleire enn året før. Den relativt største veksten i årsverk finn vi innanfor barne- og ungdomspsykiatrien, der det har vore ein vekst på 95 årsverk eller 4,1 prosent frå 1999.
Personellinnsatsen i psykiatrien, målt i årsverk, har vist ein stigande tendens i heile tiårsperioden frå 1990 til 2000. Ved utgangen av 1990 var det til saman nesten 14 500 årsverk knytt til psykiatriske institusjonar, avdelingar og poliklinikkar, og av desse var nesten 1 500 i barne- og ungdomspsykiatrien. Veksten i årsverka i barne- og ungdomspsykiatrien har vore på heile 61,5 prosent i perioden, medan veksten for vaksenpsykiatri har vore på 9,7 prosent. I 1990 var 10,3 prosent av alle årsverka innanfor spesialisthelsetenesta psykiatri knytt til barne- og ungdomspsykiatri. Ti år seinare, utgjorde årsverka innanfor barne- og ungdomspsykiatrien 14,5 prosent av dei totale årsverka.
Høgare fagkompetanse
Det har i perioden òg vorte høgre fagkompetanse blant dei tilsette. I 1990 var 5,1 prosent av dei registrerte årsverka i psykiatrien legeårsverk, og ved utgangen av 2000 hadde andelen legeårsverk auka til 6,8 prosent. Det var tilsett psykologar svarande til 4,2 prosent av dei totale årsverka i 1990, og dette hadde auka til 7,0 prosent i 2000. Andelen sjukepleiarar og anna pleie- og terapipersonell med høgskuleutdanning (vernepleiarar, fysioterapeutar, ergoterapeutar, sosionomar, barnevernspedagogar og andre pedagogar) har auka frå 32,1 prosent i 1990 til 42,3 prosent i 2000. Samstundes har andelen personell utan høgskuleutdanning i pasientretta arbeid (hjelpepleiarar, anna pleiepersonell utan høgskuleutdanning, aktivitørar og anna arbeidsterapipersonell) gått ned frå 34,1 prosent i 1990 til 25,9 prosent i 2000.
Utgiftsvekst
Førebelse rekneskapstal syner at barne- og ungdomspsykiatrien hadde ein brutto utgiftsvekst på 9,4 prosent frå 1999 til 2000, medan vaksenpsykiatrien hadde ein tilsvarande vekst på 6,7 prosent. I perioden 1990-2000 auka utgiftene til psykiatriske institusjonar med vel 6 prosent i snitt per år. Den gjennomsnittlege auken per år har vore større for barne- og ungdomspsykiatri (nesten 9 prosent) enn for vaksenpsykiatrien (om lag 6 prosent).
Fleire polikliniske konsultasjonar
I dei psykiatriske institusjonane innanfor spesialisthelsetenesta blei det gjennomført i overkant av 69 500 polikliniske konsultasjonar som ga rett til poliklinisk refusjon i 2000. Dette svarar til 154 polikliniske konsultasjonar per 1 000. I 1999 var det tilsvarande talet 150 konsultasjonar per 1 000 innbyggjarar.
Døgnplassar: Konstant dekningsgrad
Ved utgangen av 2000 var det om lag 6 070 døgnplassar i psykiatriske institusjonar. Av desse var 310 eller 5,1 prosent av plassane i institusjonar for barn og ungdom. Dei resterande 5 760 plassane var i vaksenpsykiatriske institusjonar. Til samanlikning var det 8 010 døgnplassar i 1990, og 3,3 prosent av desse var lagde til barne- og ungdomspsykiatriske institusjonar og avdelingar. Ser ein døgnplassane i samanheng med folkemengda, er dekningsgraden den same i 2000 som i 1999. Det var 1,7 døgnplassar i vaksenpsykiatriske institusjonar og avdelingar per 1 000 innbyggjarar 18 år og over og 0,3 døgnplassar i barne- og ungdomspsykiatriske institusjonar per 1 000 innbyggjarar i alderen 0 til 17 år. Oslo har, som tidlegare år, flest plassar sett i høve til folkemengda, både når det gjeld vaksenpsykiatri og barne- og ungdomspsykiatri, med høvesvis 2,6 og 0,6 døgnplassar per 1 000 innbyggjarar i aktuell alder.
Talet på opphaldsdøgn auka med 0,7 prosent frå 1999 til 2000, medan talet på avslutta døgnopphald (utskrivingar av døgnpasientar) auka med 7,4 prosent i perioden. Frå 1990 til 2000 har det gjennomsnittlege talet på opphaldsdøgn per utskriving vorte meir enn halvert. I 1990 var det i snitt 119 døgn per utskriving, medan i 2000 hadde dette gått ned til 58 døgn i snitt.
Psykiatri, 1990-2000. Nøkkeltal |
1990 | 1995 | 1996 | 1997 | 1998 | 19993 | 2000 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Døgnplassar | 8 011 | 6 667 | 6 573 | 6 368 | 6 295 | 6 158 | 6 071 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
Døgnplassar, vaksenpsykiatri | 7 745 | 6 384 | 6 277 | 6 064 | 5 975 | 5 840 | 5 761 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
Døgnplassar, barne-/ungdomspsykiatri | 266 | 283 | 296 | 304 | 320 | 318 | 310 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
Opphaldsdøgn i 1 000 | 2 525 | 2 070 | 2 033 | 2 069 | 2 033 | 1 995 | 2 010 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
Utskrivinger | 21 242 | 26 113 | 27 131 | 28 948 | 30 201 | 32 373 | 34 761 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
Opphaldsdøgn per utskriving av døgnpasientar | 119 | 79 | 75 | 71 | 67 | 62 | 58 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
Polikliniske konsultasjonar1 i 1 000 | 396 | 611 | 575 | 591 | 621 | 672 | 695 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
Polikliniske konsultasjonar1, vaksenpsykiatri i 1 000 | 272 | 429 | 435 | 449 | 473 | 510 | 527 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
Polikliniske konsultasjonar1, barne-/ungdomspsykiatri i 1 000 | 124 | 181 | 140 | 142 | 148 | 163 | 168 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
Polikliniske konsultasjonar1 per 1 000 innbyggjarar | 92 | 140 | 130 | 134 | 140 | 150 | 154 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
Sum årsverk2 | 14 469 | 14 806 | 15 079 | 15 504 | 15 844 | 16 230 | 16 652 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
Sum årsverk2, vaksenpsykiatri | 12 980 | 13 010 | 13 151 | 13 485 | 13 689 | 13 917 | 14 245 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
Sum årsverk2, barne- og ungdomspsykiatri | 1 490 | 1 796 | 1 928 | 2 019 | 2 155 | 2 313 | 2 407 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
Sum legeårsverk2, psykiatri | 741 | 886 | 905 | 961 | 1 040 | 1 076 | 1 134 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
Sum sjukepleiarårsverk2, psykiatri | 3 309 | 3 857 | 4 149 | 4 376 | 4 511 | 4 515 | 4 670 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Frå 1996 er definisjonen av polikliniske konsultasjonar endra. |
2 | årsverk er talet på heiltidstilsette og talet på deltidstilsette (omrekna til heiltidstilsette) ved utgangen av året. Overtid er ikkje rekna med. |
3 | Fleire tal er endra sidan publiseringa av endelege 1999-tal i september 2000. |
Tabeller:
- Tabell 1 Døgnplassar ved psykiatriske institusjonar og avdelingar. Tilknytningsfylke. 2000
- Tabell 2 årsverk ved psykiatriske institusjonar og avdelingar. Tilknytningsfylke. 2000
- Tabell 3 årsverk i psykiatriske institusjonar, etter personellgruppe og type institusjon. 2000
- Tabell 4 Polikliniske konsultasjonar ved psykiatriske institusjonar og avdelingar. Tilknytningsfylke. 2000
- Tabell 5 Opphaldsdøgn ved psykiatriske institusjonar og avdelingar. Tilknytningsfylke. 2000
- Tabell 6 Utskrivingar av døgnpasientar frå psykiatriske institusjonar og avdelingar. Tilknytningsfylke. 2000
- Tabell 7 Døgnplassar ved psykiatriske institusjonar og avdelingar. Tilknytningsfylke. 1999
- Tabell 8 årsverk ved psykiatriske institusjonar og avdelingar. Tilknytningsfylke. 1999
- Tabell 9 årsverk i psykiatriske institusjonar, etter personellgruppe og type institusjon. 1999
- Tabell 10 Polikliniske konsultasjonar ved psykiatriske institusjonar og avdelingar. Tilknytningsfylke. 1999
- Tabell 11 Opphaldsdøgn ved psykiatriske institusjonar og avdelingar. Tilknytningsfylke. 1999
- Tabell 12 Utskrivingar av døgnpasientar frå psykiatriske institusjonar og avdelingar. Tilknytningsfylke. 1999
Kontakt
-
Spesialisthelsetjenesten
E-post: spesialisthelsetjenesten@ssb.no
-
Borgny Vold
E-post: borgny.vold@ssb.no
tlf.: 48 07 81 08
-
Geir Hjemås
E-post: geir.hjemas@ssb.no
tlf.: 93 08 27 75
-
Emshaw Degife Gurmu
E-post: emshaw.degife.gurmu@ssb.no
tlf.: 40 90 23 27
-
Ingrid Hatlebakk Hove
E-post: ingrid.hatlebakk@ssb.no
tlf.: 91 88 14 28