Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Sterk auke i polikliniske konsultasjonar (foreløpige tall)
Førebelse tal syner ein sterk auke i polikliniske konsultasjonar i 2002. I alt vart det utført over 834 000 konsultasjonar innanfor psykiatrien. Dette var nesten 100 000 fleire enn i 2001.
I vaksenpsykiatrien auka talet på polikliniske konsultasjonar på landsbasis frå vel 555 000 til nærmare 615 000, ein auke på i underkant av 11 prosent. Innanfor barne- og ungdomspsykiatrien var det ein auke frå om lag 181 000 konsultasjonar i 2001 til om lag 219 000 i 2002. Dette tilsvarer ein vekst på heile 21 prosent.
Fleire årsverk
Den ønska veksten innanfor psykiatrien syner seg ikkje berre i talet på polikliniske konsultasjonar. Også talet på årsverk er aukande. I vaksenpsykiatrien gjekk talet på årsverk opp med nesten 2 prosent. Den tilsvarande auken i barne- og ungdomspsykiatrien var på i overkant av 8 prosent.
I barne- og ungdomspsykiatrien hadde Helseregion Øst og Helseregion Nord best dekning av personell i 2002 med 3,4 og 3,2 årsverk per 1 000 innbyggjarar. Dei andre regionane hadde ei dekning på i overkant av 2 årsverk per 1 000 innbyggjarar. Også innanfor vaksenpsykiatrien hadde Helseregion Øst best dekning av personell med 4,7 årsverk per 1 000 innbyggjarar.
Døgnplassar
I vaksenpsykiatrien gjekk talet på døgnplassar ned frå 2001 til 2002, noko som er i tråd med det vi har sett tidlegare år. Ein del institusjonar har vorte nedlagte eller overtekne av kommunane. Det har likevel vore ein liten auke i talet på opphaldsdøgn. Innanfor barne- og ungdomspsykiatri viser dei førebelse tala ein liten auke i både døgnplassar og opphaldsdøgn.
Samla for psykiatrien auka talet på utskrivingar, men det var likevel ein noko svakare auke enn det som er observert dei siste åra. Auken syner seg i alle regionar med unntak av Helseregion Vest.
Overgang til statlege føretak
Frå og med 2002 overtok staten ansvaret for alle dei offentlege sjukehusa og institusjonane som fylka tidlegare hadde ansvaret for, og etablerte fem regionale helseføretak. Dette fører òg med seg endringar i statistikken. Medan vi tidlegare har presentert tal fordelt på fylke, vil vi no presentere tal for dei fem helseregionane også tilbake i tid. Tala som er presenterte ovanfor dekkjer alle psykiatriske institusjonar, også private uavhengig av om dei har driftsavtale med helseføretaka eller ikkje. I Statistikkbanken vil du i tillegg finne tal på helseføretaksnivå og tal for institusjonane. Helseføretaka er i stadig endring. Reforma har ikkje sett seg enno, og desse tala og einingane vi presenterer her gir eit bilete av situasjonen i 2002.
Psykiatri. 1990-2002. Nøkkeltal |
1990 | 1995 | 1996 | 1997 | 1998 | 1999 | 2000 | 2001 | 20025 | |||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Døgnplassar | 8 011 | 6 667 | 6 573 | 6 368 | 46 290 | 36 155 | 6 091 | 5 821 | 5 720 | ||||||||||||||||||||||||||||||
Døgnplassar vaksenpsykiatri | 7 745 | 6 384 | 6 277 | 6 064 | 5 975 | 5 840 | 5 781 | 5 505 | 5 400 | ||||||||||||||||||||||||||||||
Døgnplassar barne- og ungdomspsykiatri | 266 | 283 | 296 | 304 | 4 315 | 3 315 | 310 | 316 | 320 | ||||||||||||||||||||||||||||||
Opphaldsdøgn i 1 000 | 32 603 | 32 148 | 32 107 | 32 068 | 2 033 | 1 995 | 1 942 | 1 862 | 1 889 | ||||||||||||||||||||||||||||||
Utskrivinger | 21 242 | 26 113 | 27 131 | 28 948 | 30 201 | 32 373 | 34 969 | 436 550 | 37 571 | ||||||||||||||||||||||||||||||
Opphaldsdøgn per utskriving av døgnpasientar | 3 123 | 382 | 378 | 71 | 67 | 62 | 56 | 51 | 50 | ||||||||||||||||||||||||||||||
Polikliniske konsultasjonar1 i 1 000 | 396 | 611 | 575 | 591 | 4 623 | 3 666 | 696 | 736 | 834 | ||||||||||||||||||||||||||||||
Polikliniske konsultasjonar1, vaksenpsykiatri i 1 000 | 272 | 429 | 435 | 449 | 4 475 | 3 504 | 528 | 555 | 615 | ||||||||||||||||||||||||||||||
Polikliniske konsultasjonar1, barne- og ungdompsykiatri i 1 000 | 124 | 181 | 140 | 142 | 148 | 163 | 169 | 181 | 219 | ||||||||||||||||||||||||||||||
Polikliniske konsultasjonar1 per 1 000 innbyggjarar | 92 | 140 | 130 | 134 | 141 | 3 150 | 156 | 163 | 184 | ||||||||||||||||||||||||||||||
Sum årsverk2 | 14 469 | 14 806 | 15 079 | 15 504 | 15 844 | 316 190 | 16 554 | 17 203 | 17 666 | ||||||||||||||||||||||||||||||
Sum årsverk2, vaksenpsykiatri | 12 980 | 13 010 | 13 151 | 13 485 | 13 689 | 13 917 | 14 147 | 14 592 | 14 840 | ||||||||||||||||||||||||||||||
Sum årsverk2, barne- og ungdomspsykiatri | 1 490 | 1 796 | 1 928 | 2 019 | 2 155 | 32 273 | 2 407 | 2 611 | 2 827 | ||||||||||||||||||||||||||||||
Sum legeårsverk2 psykiatri | 741 | 886 | 905 | 961 | 1 040 | 1 076 | 1 141 | 1 225 | 1 216 | ||||||||||||||||||||||||||||||
Sum sjukepleiarårsverk2 psykiatri | 3 309 | 3 857 | 4 149 | 4 376 | 4 511 | 34 522 | 4 660 | 4 909 | 4 987 | ||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Frå 1996 er definisjonen av polikliniske konsultasjoner endra. |
2 | årsverk er talet på heiltidsansatte og talet på deltidsansatte (omrekna til heiltidsansatte) ved utgangen av året. Overtid er ikkje rekna med. |
3 | Korrigert 19.09.01. |
4 | Korrigert 26.05.03. |
5 | Førebelse tal |
Tabeller:
- Tabell 1 Døgnplassar ved psykiatriske institusjonar og avdelingar, etter helseregion. 1998-2002. Absolutte tal og per 1 000 innbyggjarar
- Tabell 2 Døgnplassar i vaksenpsykiatriske institusjonar, etter helseregion. 1998-2002. Absolutte tal og per 1 000 innbyggjarar 18 år og over
- Tabell 3 Døgnplassar i barne- og ungdomspsykiatriske institusjonar, etter helseregion. 1998-2002. Absolutte tal og per 1 000 innbyggjarar 0-17 år
- Tabell 4 årsverk i psykiatriske institusjonar, avdelingar og poliklinikkar, etter helseregion. 1998-2002
- Tabell 5 årsverk i vaksenpsykiatriske institusjonar, avdelingar og poliklinikkar, etter helseregion. 1998-2002. Absolutte tal og per 1 000 innbyggjarar 18 år og over
- Tabell 6 årsverk i barne- og ungdomspsykiatriske institusjonar, avdelingar og poliklinikkar, etter helseregion. 1998-2002. Absolutte tal og per 1 000 innbyggjarar 0-17 år
- Tabell 7 årsverk i vaksenpsykiatriske institusjonar og poliklinikkar, etter personellgruppe. 1998-2002
- Tabell 8 årsverk i barne- og ungdomspsykiatriske institusjonar og poliklinikkar, etter personellgruppe. 1998-2002
- Tabell 9 Polikliniske konsultasjonar ved psykiatriske institusjonar, avdelingar og poliklinikkar, etter helseregion. 1998-2002. Absolutte tal og per 1 000 innbyggjarar
- Tabell 10 Polikliniske konsultasjonar ved vaksenpsykiatriske institusjonar og poliklinikkar, etter helseregion. 1998-2002. Absolutte tal og per 1 000 innbyggjarar
- Tabell 11 Polikliniske konsultasjonar ved barne- og ungdomspsykiatriske institusjonar og poliklinikkar, etter helseregion. 1998-2002. Absolutte tal og per 1 000 innbyggjarar 0-17 år
- Tabell 12 Opphaldsdøgn ved psykiatriske institusjonar og avdelingar, etter helseregion. 1998-2002. Asolutte tal og per 1 000 innbyggjarar
- Tabell 13 Opphaldsdøgn ved vaksenpsykiatriske institusjonar og avdelingar, etter helseregion. 1998-2002. Asolutte tal og per 1 000 innbyggjarar
- Tabell 14 Opphaldsdøgn ved barne- og ungdomspsykiatriske institusjonar og avdelingar, etter helseregion. 1998-2002. Asolutte tal og per 1 000 innbyggjarar
- Tabell 15 Utskrivingar av døgnpasientar frå psykiatriske institusjonar og avdelingar, etter helseregion. 1998-2002
- Tabell 16 Utskrivingar av døgnpasientar frå vaksenpsykiatriske institusjonar og avdelingar, etter helseregion. 1998-2002
- Tabell 17 Utskrivingar av døgnpasientar frå barne- og ungdomspsykiatriske institusjonar og avdelingar, etter helseregion. 1998-2002
Kontakt
-
Spesialisthelsetjenesten
E-post: spesialisthelsetjenesten@ssb.no
-
Borgny Vold
E-post: borgny.vold@ssb.no
tlf.: 48 07 81 08
-
Geir Hjemås
E-post: geir.hjemas@ssb.no
tlf.: 93 08 27 75
-
Emshaw Degife Gurmu
E-post: emshaw.degife.gurmu@ssb.no
tlf.: 40 90 23 27
-
Ingrid Hatlebakk Hove
E-post: ingrid.hatlebakk@ssb.no
tlf.: 91 88 14 28