Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Fleire polikliniske konsultasjonar
Talet på konsultasjonar i psykiatriske institusjonar auka med 4,5 prosent frå 1999 til 2000. På same tid har talet på døgnplassar gått ned, mens talet på avslutta døgnopphald per plass har auka.
I psykiatriske institusjonar og poliklinikkar blei det gjennomført vel 696 400 polikliniske konsultasjonar som ga rett til refusjon i 2000. Av dei registrerte konsultasjonane blei 76 prosent gjennomførte ved vaksenpsykiatriske- og 24 prosent ved barne- og ungdomspsykiatriske institusjonar, avdelingar og poliklinikkar. Ser ein konsultasjonane i samanheng med folkemengda, var det 155 konsultasjonar per 1 000 innbyggjarar i 2000, mot 149 konsultasjonar i 1999. I barne- og ungdomspsykiatrien var det 159 konsultasjonar per 1 000 innbyggjarar i alderen 0 til 17 år, medan det i vaksenpsykiatrien var 153 konsultasjonar per 1 000 innbyggjarar over 18 år .
Auka personellinnsats
Frå 1999 til 2000 auka personellinnsatsen i psykiatrien, målt i årsverk, med 2,2 prosent. Årsverk reknast ved å gjere ei årleg punkttelling av personell per 31.desember. Talet på heiltidstilsette pluss talet på deltidstilsette (omrekna til heiltidstilsette) på denne datoen gjev eit bilete av personellsituasjonen gjennom året, sjølv om tilfeldige variasjonar i sysselsetjing gjennom året og bruk av overtidsarbeid ikkje blir teke med. Ved utgangen av 2000 var det vel 16 550 årsverk i psykiatriske institusjonar. Andelen årsverk ved barne- og ungdomspsykiatriske institusjonar, avdelingar og poliklinikkar er aukande: Medan 10,3 prosent av dei totale årsverka i psykiatrien i 1990 og 12,1 prosent i 1995 var innan barne- og ungdomspsykiatri, hadde andelen auka til 14,5 prosent i 2000.
Høgare fagkompetanse
Gjennom 1990-tallet har fagkompetansen innan psykiatrien blitt heva. I 1990 var 5,1 prosent av dei registrerte årsverka i psykiatrien legeårsverk, og ved utgangen av 2000 hadde andelen legeårsverk auka til 6,9 prosent. Det var tilsett psykologar svarande til 4,2 prosent av dei totale årsverka i 1990, og dette hadde auka til 7,1 prosent i 2000. Andelen sjukepleiarar og anna pleie- og terapipersonell med høgskuleutdanning (vernepleiarar, fysioterapeutar, ergoterapeutar, sosionomar, barnevernspedagogar og andre pedagogar) har auka frå 32,1 prosent i 1990 til 42,7 prosent i 2000. Samstundes har andelen personell utan høgskuleutdanning i pasientretta arbeid (hjelpepleiarar, anna pleiepersonell utan høgskuleutdanning, aktivitørar og anna arbeidsterapipersonell) gått ned frå 34,1 prosent i 1990 til 26,0 prosent i 2000. Anna personell, det vil seie tilsette med kontor-, administrasjons-, service-, tekniske- og driftsfunksjonar, har i perioden vorte redusert frå 24,5 prosent i 1990 til 17,3 prosent i 2000.
Utgiftsvekst
Rekneskapstal syner at barne- og ungdomspsykiatrien hadde ein brutto utgiftsvekst på 9,5 prosent frå 1999 til 2000, medan vaksenpsykiatrien hadde ein tilsvarande vekst på 4,8 prosent. I perioden 1990-2000 auka utgiftene til psykiatriske institusjonar med vel 6 prosent i snitt per år. Den gjennomsnittlege auken per år har vore større for barne- og ungdomspsykiatri (nesten 9 prosent) enn for vaksenpsykiatrien (om lag 6 prosent).
Fleire avslutta døgnopphald
Talet på døgnplassar i psykiatriske institusjonar og avdelingar viser framleis ein avtakande tendens: Ved utgangen av 2000 var det 6 091 slike plassar, eller 64 færre enn året før. I perioden 1990 til 2000 har talet på døgnplassar blitt redusert med 24 prosent. Dekningsgraden, det vil seie talet på døgnplassar i høve til befolkninga, har halde seg stabil frå 1999 til 2000, men endringa har vore stor om ein går tilbake til 1990. I 1990 var det 2,4 døgnplassar i vaksenpsykiatriske institusjonar per 1 000 innbyggjarar 18 år og over. Ti år seinare hadde dekningsgraden gått ned til 1,7 døgnplassar per 1 000 innbyggjarar i aktuell alder. Talet på døgnplassar i barne- og ungdomspsykiatriske institusjonar i høve til befolkninga, har halde seg stabilt på 0,3 døgnplassar per 1 000 innbyggjarar i alderen 0 til 17 år både i 1990 og 2000.
Talet på avslutta døgnopphald (utskrivingar av døgnpasientar) auka med 8,0 prosent frå 1999 til 2000. I 2000 var det i gjennomsnitt 5,7 avslutta døgnopphald per døgnplass. Tilsvarande forholdstal i 1990 var 2,7 utskrivingar per plass.
Talet på opphaldsdøgn gjekk ned med 2,7 prosent frå 1999 til 2000. Det gjennomsnittlege talet på opphaldsdøgn per utskriving er meir enn halvert frå 1990 til 2000. Medan det i 1990 i snitt var 123 døgn [retta 19.09. kl. 17] per utskriving, var tilsvarande tal i 2000 56 døgn.
Psykiatri, 1990-2000. Nøkkeltal |
1990 | 1995 | 1996 | 1997 | 1998 | 1999 | 2000 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Døgnplassar | 8 011 | 6 667 | 6 573 | 6 368 | 6 295 | 36 155 | 6 091 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
Døgnplassar, vaksenpsykiatri | 7 745 | 6 384 | 6 277 | 6 064 | 5 975 | 5 840 | 5 781 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
Døgnplassar, barne-/ungdomspsykiatri | 266 | 283 | 296 | 304 | 320 | 3315 | 310 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
Opphaldsdøgn i 1 000 | 42 603 | 42 148 | 42 107 | 42 068 | 2 033 | 1 995 | 1 942 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
Utskrivinger | 21 242 | 26 113 | 27 131 | 28 948 | 30 201 | 32 373 | 34 967 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
Opphaldsdøgn per utskriving av døgnpasientar | 4123 | 482 | 478 | 71 | 67 | 62 | 56 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
Polikliniske konsultasjonar1 i 1 000 | 396 | 611 | 575 | 591 | 621 | 3666 | 696 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
Polikliniske konsultasjonar1, vaksenpsykiatri i 1 000 | 272 | 429 | 435 | 449 | 473 | 3504 | 528 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
Polikliniske konsultasjonar1, barne-/ungdomspsykiatri i 1 000 | 124 | 181 | 140 | 142 | 148 | 163 | 169 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
Polikliniske konsultasjonar1 per 1 000 innbyggjarar | 92 | 140 | 130 | 134 | 140 | 3149 | 155 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
Sum årsverk2 | 14 469 | 14 806 | 15 079 | 15 504 | 15 844 | 316 190 | 16 554 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
Sum årsverk2, vaksenpsykiatri | 12 980 | 13 010 | 13 151 | 13 485 | 13 689 | 13 917 | 14 147 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
Sum årsverk2, barne- og ungdomspsykiatri | 1 490 | 1 796 | 1 928 | 2 019 | 2 155 | 32 273 | 2 407 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
Sum legeårsverk2, psykiatri | 741 | 886 | 905 | 961 | 1 040 | 1 076 | 1 141 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
Sum sjukepleiarårsverk2, psykiatri | 3 309 | 3 857 | 4 149 | 4 376 | 4 511 | 34 522 | 4 660 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Frå 1996 er definisjonen av polikliniske konsultasjonar endra. |
2 | årsverk er talet på heiltidstilsette og talet på deltidstilsette (omrekna til heiltidstilsette) ved utgången av året. Overtid er ikkje rekna med. |
3 | Korrigert 19.09.01. |
4 | Korrigert 19.09.01. kl. 17 |
Tabeller:
- Tabell 1 Døgnplassar ved psykiatriske institusjonar og avdelingar. Tilknytningsfylke. 2000
- Tabell 2 årsverk ved psykiatriske institusjonar og avdelingar. Tilknytningsfylke. 2000
- Tabell 3 årsverk i psykiatriske institusjonar, etter personellgruppe og type institusjon. 2000
- Tabell 4 Polikliniske konsultasjonar ved psykiatriske institusjonar og avdelingar. Tilknytningsfylke. 2000
- Tabell 5 Opphaldsdøgn ved psykiatriske institusjonar og avdelingar. Tilknytningsfylke. 2000
- Tabell 6 Utskrivingar av døgnpasientar frå psykiatriske institusjonar og avdelingar. Tilknytningsfylke. 2000
- Tabell 7 Døgnplassar ved psykiatriske institusjonar og avdelingar. Tilknytningsfylke. 1999
- Tabell 8 Årsverk ved psykiatriske institusjonar og avdelingar. Tilknytningsfylke. 1999
- Tabell 9 Årsverk i psykiatriske institusjonar, etter personellgruppe og type institusjon. 1999
- Tabell 10 Polikliniske konsultasjonar ved psykiatriske institusjonar og avdelingar. Tilknytningsfylke. 1999
- Tabell 11 Opphaldsdøgn ved psykiatriske institusjonar og avdelingar. Tilknytningsfylke. 1999
- Tabell 12 Utskrivingar av døgnpasientar frå psykiatriske institusjonar og avdelingar. Tilknytningsfylke. 1999
Kontakt
-
Spesialisthelsetjenesten
E-post: spesialisthelsetjenesten@ssb.no
-
Borgny Vold
E-post: borgny.vold@ssb.no
tlf.: 48 07 81 08
-
Geir Hjemås
E-post: geir.hjemas@ssb.no
tlf.: 93 08 27 75
-
Emshaw Degife Gurmu
E-post: emshaw.degife.gurmu@ssb.no
tlf.: 40 90 23 27
-
Ingrid Hatlebakk Hove
E-post: ingrid.hatlebakk@ssb.no
tlf.: 91 88 14 28