Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Psykisk helsevern i vekst
I institusjonar, avdelingar og poliklinikkar for psykisk helsevern har talet på årsverk auka med over 4 prosent frå 2001 til 2002. Samtidig har talet på polikliniske konsultasjonar auka med nesten 14 prosent. Det er psykisk helsevern for barn og ungdom som har den sterkaste veksten, nær 10 prosent auke i årsverk og over 21 prosent fleire polikliniske konsultasjonar i 2002. Talet på døgnplassar er nokså stabilt frå 2001 til 2002.
"Opptrappingsplanen for psykisk helse", med virketid frå 1999 til 2006, er i stor grad forklaringa på denne ønskte veksten. Staten har gjennom planen sett inn øyremerka pengar for å styrke psykisk helsevern.
Utviklinga i psykisk helsevern for barn og ungdom
I psykisk helsevern for barn og ungdom er det vekst i alle typar aktivitet, sjølv om talet på døgnplassar går litt ned. Det er for 2002 rapportert fleire opphaldsdøgn, opphaldsdagar og polikliniske konsultasjonar enn i 2001. Sterkast auke er det i polikliniske konsultasjonar med ein vekst på over 21 prosent frå året før. Veksten i opphaldsdøgn og -dagar, samt årsverk er på rundt 10 prosent. Det er særleg for psykologar at talet på årsverk har auka. For 2002 er det i desse institusjonane og poliklinikkane registrert heile 55 fleire årsverk for denne personellgruppa samanlikna med 2001.
Veksten i årsverk i det psykiske helsevernet for barn og ungdom er i overkant av 10 prosent i alle helseregionane med unntak av Helseregion Sør, der auken er på berre 1 prosent. Dette gjer at denne regionen i 2002 har den dårlegaste dekninga av personell i høve til målgruppa, barn og unge under 18 år. Best personelldekning er det i Helseregion Øst og Helseregion Nord, og desse regionane skil seg òg ut med flest døgnplassar og flest opphaldsdøgn per 1 000 innbyggjarar under 18 år.
Talet på polikliniske konsultasjonar i høve til folkemengda varierer frå 183 per 1 000 innbyggjarar i Helseregion Vest og Helseregion Midt-Norge, til 284 per 1 000 i Helseregion Nord. Den sterkaste veksten i konsultasjonar finn vi i Helseregion Vest, med nesten 33 prosent frå 2001. Figuren syner utviklinga av poliklinisk aktivitet i høve til folketalet i dei einskilde regionane frå 1998.
Utviklinga i psykisk helsevern for vaksne
Den relative personellveksten er ikkje like sterk i psykisk helsevern for vaksne som for barn og ungdom, med ein auke på i overkant av 3 prosent. Dette svarar likevel til nærmare 500 årsverk meir enn året før. Helseregion Øst har best dekning av personell innanfor psykisk helsevern for vaksne, med nær fem årsverk per 1 000 innbyggjarar over 18 år. Denne regionen har òg den sterkaste veksten i årsverk frå 2001 til 2002. Dei andre regionane har omkring fire årsverk per 1 000 innbyggjarar.
Personellinnsatsen aukar stadig og fører med seg ein aktivitetsvekst innanfor poliklinisk behandling. I 2002 vart det gjennomført over 11 prosent fleire polikliniske konsultasjonar enn i 2001. Det var i same perioden liten endring i døgnaktiviteten i psykiatriske institusjonar og avdelingar for vaksne.
Helseregion Vest har best dekning av døgnplassar og har òg ein auke i opphaldsdøgn. Det vart gjennomført færrast polikliniske konsultasjonar per 1 000 innbyggjarar i denne helseregionen. Det er Helseregion Sør som har flest polikliniske konsultasjonar per 1 000 innbyggjarar med 189. Det er ikkje så store skilnader mellom helseregionane når det gjeld talet på konsultasjonar per 1 000 innbyggjarar innanfor psykisk helsevern for vaksne som når det gjeld barn og ungdom.
Bruk av paragraf ved innlegging
Nytt frå 2001 var at vi legg fram korleis bruken av paragraf ved innleggingar fordeler seg i døgninstitusjonane. Det er små endringar frå 2001 til 2002, men trenden er stadig fleire frivillige innleggingar.
Overgang til statlege føretak
Frå og med 2002 overtok staten ansvaret for alle dei offentlege sjukehusa og institusjonane som fylka tidlegare hadde ansvaret for, og etablerte fem regionale helseføretak. Dette fører òg med seg endringar i statistikken. Medan vi tidlegare presenterte tal fordelte på fylke, presenterar vi no tal for dei fem helseregionane også tilbake i tid. Tala dekkjer alle institusjonar, avdelingar og poliklinikkar, også dei private. Både institusjonar med og utan driftsavtale med helseføretaka er tekne med. I Statistikkbanken vil du i tillegg finne tal på helseføretaksnivå og tal for institusjonane. Helseføretaka er i stadig endring. Reforma har ikkje sett seg enno, òg tala og einingane vi presenterer her gir eit bilete av situasjonen i 2002.
Psykiatri. 1990-2002. Nøkkeltal |
1990 | 1995 | 1996 | 1997 | 1998 | 1999 | 2000 | 2001 | 2002 | |||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Døgnplassar | 8 011 | 6 667 | 6 573 | 6 368 | 46 290 | 36 155 | 6 091 | 5 821 | 5 751 | ||||||||||||||||||||||||||||||
Døgnplassar vaksenpsykiatri | 7 745 | 6 384 | 6 277 | 6 064 | 5 975 | 5 840 | 5 781 | 5 505 | 5 439 | ||||||||||||||||||||||||||||||
Døgnplassar barne- og ungdomspsykiatri | 266 | 283 | 296 | 304 | 4 315 | 3 315 | 310 | 316 | 312 | ||||||||||||||||||||||||||||||
Opphaldsdøgn i 1 000 | 32 603 | 32 148 | 32 107 | 32 068 | 2 033 | 1 995 | 1 942 | 1 862 | 1 845 | ||||||||||||||||||||||||||||||
Utskrivingar | 21 242 | 26 113 | 27 131 | 28 948 | 30 201 | 32 373 | 34 969 | 436 550 | 38 163 | ||||||||||||||||||||||||||||||
Opphaldsdøgn per utskriving av døgnpasientar | 3 123 | 382 | 378 | 71 | 67 | 62 | 56 | 51 | 48 | ||||||||||||||||||||||||||||||
Polikliniske konsultasjonar1 i 1 000 | 396 | 611 | 575 | 591 | 4 623 | 3 666 | 696 | 736 | 838 | ||||||||||||||||||||||||||||||
Polikliniske konsultasjonar1, vaksenpsykiatri i 1 000 | 272 | 429 | 435 | 449 | 4 475 | 3 504 | 528 | 555 | 618 | ||||||||||||||||||||||||||||||
Polikliniske konsultasjonar1, barne- og ungdompsykiatri i 1 000 | 124 | 181 | 140 | 142 | 148 | 163 | 169 | 181 | 219 | ||||||||||||||||||||||||||||||
Polikliniske konsultasjonar1 per 1 000 innbyggjarar | 92 | 140 | 130 | 134 | 141 | 3 150 | 156 | 163 | 185 | ||||||||||||||||||||||||||||||
Sum årsverk2 | 14 469 | 14 806 | 15 079 | 15 504 | 15 844 | 316 190 | 16 554 | 17 203 | 17 923 | ||||||||||||||||||||||||||||||
Sum årsverk2, vaksenpsykiatri | 12 980 | 13 010 | 13 151 | 13 485 | 13 689 | 13 917 | 14 147 | 14 592 | 15 058 | ||||||||||||||||||||||||||||||
Sum årsverk2, barne- og ungdomspsykiatri | 1 490 | 1 796 | 1 928 | 2 019 | 2 155 | 32 273 | 2 407 | 2 611 | 2 866 | ||||||||||||||||||||||||||||||
Sum legeårsverk2 psykiatri | 741 | 886 | 905 | 961 | 1 040 | 1 076 | 1 141 | 1 225 | 1 220 | ||||||||||||||||||||||||||||||
Sum sjukepleiarårsverk2 psykiatri | 3 309 | 3 857 | 4 149 | 4 376 | 4 511 | 34 522 | 4 660 | 4 909 | 5 018 | ||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Frå 1996 er definisjonen av polikliniske konsultasjonar endra. |
2 | årsverk er talet på heiltidstilsette pluss talet på deltidstilsette (omrekna til heiltidstilsette) per 31. desember. Overtid er ikkje rekna med. |
3 | Korrigert 19. september 2001. |
4 | Korrigert 26. mai 2003. |
Tabeller:
- Tabell 1 Døgnplassar ved psykiatriske institusjonar og avdelingar, etter helseregion. 1998-2002. Absolutte tal og per 1 000 innbyggjarar
- Tabell 2 Døgnplassar i vaksenpsykiatriske institusjonar, etter helseregion. 1998-2002. Absolutte tal og per 1 000 innbyggjarar 18 år og over
- Tabell 3 Døgnplassar i barne- og ungdomspsykiatriske institusjonar, etter helseregion. 1998-2002. Absolutte tal og per 1 000 innbyggjarar 0-17 år
- Tabell 4 årsverk i psykiatriske institusjonar, avdelingar og poliklinikkar, etter helseregion. 1998-2002
- Tabell 5 årsverk i vaksenpsykiatriske institusjonar, avdelingar og poliklinikkar, etter helseregion. 1998-2002. Absolutte tal og per 1 000 innbyggjarar 18 år og over
- Tabell 6 årsverk i barne- og ungdomspsykiatriske institusjonar, avdelingar og poliklinikkar, etter helseregion. 1998-2002. Absolutte tal og per 1 000 innbyggjarar 0-17 år
- Tabell 7 årsverk i vaksenpsykiatriske institusjonar og poliklinikkar, etter personellgruppe. 1998-2002
- Tabell 8 årsverk i barne- og ungdomspsykiatriske institusjonar og poliklinikkar, etter personellgruppe. 1998-2002
- Tabell 9 Polikliniske konsultasjonar i psykiatriske institusjonar, avdelingar og poliklinikkar, etter helseregion. 1998-2002. Absolutte tal og per 1 000 innbyggjarar
- Tabell 10 Polikliniske konsultasjonar i vaksenpsykiatriske institusjonar og poliklinikkar, etter helseregion. 1998-2002. Absolutte tal og per 1 000 innbyggjarar
- Tabell 11 Polikliniske konsultasjonar i barne- og ungdomspsykiatriske institusjonar og poliklinikkar, etter helseregion. 1998-2002. Absolutte tal og per 1 000 innbyggjarar 0-17 år
- Tabell 12 Opphaldsdøgn i psykiatriske institusjonar og avdelingar, etter helseregion. 1998-2002. Absolutte tal og per 1 000 innbyggjarar
- Tabell 13 Opphaldsdøgn i vaksenpsykiatriske institusjonar og avdelingar, etter helseregion. 1998-2002. Absolutte tal og per 1 000 innbyggjarar
- Tabell 14 Opphaldsdøgn i barne- og ungdomspsykiatriske institusjonar og avdelingar, etter helseregion. 1998-2002. Absolutte tal og per 1 000 innbyggjarar
- Tabell 15 Utskrivingar av døgnpasientar frå psykiatriske institusjonar og avdelingar, etter helseregion. 1998-2002
- Tabell 16 Utskrivingar av døgnpasientar frå vaksenpsykiatriske institusjonar og avdelingar, etter helseregion. 1998-2002
- Tabell 17 Utskrivingar av døgnpasientar frå barne- og ungdomspsykiatriske institusjonar og avdelingar, etter helseregion. 1998-2002
- Tabell 18 Paragraf brukt ved innlegging av døgnpasientar i psykiatriske sjukehus, klinikkar, nervesanatorium og psykiatriske avdelingar i somatiske sjukehus. 2002. Absolutte tal og prosent
Kontakt
-
Spesialisthelsetjenesten
E-post: spesialisthelsetjenesten@ssb.no
-
Borgny Vold
E-post: borgny.vold@ssb.no
tlf.: 48 07 81 08
-
Geir Hjemås
E-post: geir.hjemas@ssb.no
tlf.: 93 08 27 75
-
Emshaw Degife Gurmu
E-post: emshaw.degife.gurmu@ssb.no
tlf.: 40 90 23 27
-
Ingrid Hatlebakk Hove
E-post: ingrid.hatlebakk@ssb.no
tlf.: 91 88 14 28