Aldri før produsert meir kjøt i Noreg

Publisert:

Samla kjøtproduksjon auka med 2 prosent frå 2016 til 2017 og utgjorde 351 300 tonn. Det var vekst for alle kjøtslaga unnateke svinekjøt. Rogaland er framleis Noregs største kjøtfylke.

Figur 1. Kjøtproduksjon

År Tonn
2005 283388
2006 292405
2007 296566
2008 317975
2009 314841
2010 322238
2011 321210
2012 324156
2013 339318
2014 338292
2015 332816
2016 344053
2017 351286

Av den samla kjøtproduksjonen på 351 300 tonn, utgjorde svin 39 prosent, fjørfe 29 prosent, storfe 24 prosent og sau 8 prosent, viser statistikken over kjøtproduksjon.

Figur 2. Dei ulike kjøtslaga sin del av total kjøtproduksjon

Anna kjøt Sau Storfe Fjørfe Svin
2005 776 25954 87393 56472 112793
2006 746 25153 87644 62518 116345
2007 691 23426 84678 70036 117735
2008 696 24115 86446 84025 122692
2009 767 23927 84787 81737 123623
2010 755 24438 83508 84785 128753
2011 703 23382 81638 84701 130787
2012 682 22777 77982 91156 131559
2013 672 23424 83696 104030 127516
2014 500 24156 78732 106084 128820
2015 389 25555 79672 92532 134669
2016 421 25990 81675 98292 137716
2017 426 27445 85196 100969 137250

Figur 3. Endring i slaktemengda av ulike kjøtslag. 2016-2017

I alt Storfe Sau Svin Fjørfe
Total 2.1 4.3 5.6 -0.3 2.7

Figur 4. Kjøtproduksjon, fylke. Prosent av total kjøtproduksjon. 2017

Finnmark 0.28
Aust-Agder 0.63
Troms 1.01
Telemark 1.28
Vest-Agder 1.42
Buskerud 1.68
Hordaland 2.48
Sogn og Fjordane 2.62
Akershus/Oslo 2.76
Møre og Romsdal 3.13
Vestfold 4.30
Nordland 4.54
Sør-Trøndelag 6.75
Oppland 7.74
Østfold 8.77
Hedmark 12.23
Nord-Trøndelag 13.23
Rogaland 25.15

137 000 tonn svinekjøt

Det blei produsert 137 250 tonn svinekjøt i 2017, som utgjer ein nedgang på 0,3 prosent sidan 2016. 29 prosent av produksjonen var i Rogaland. Deretter følgde Nord-Trøndelag og Hedmark, kvar med 14 prosent av svinekjøtet. Østfold, Oppland og Vestfold stod kvar for seg for 7 prosent.

Sterkt konsentrert fjørfeproduksjon

Fjørfeproduksjonen auka i 2017 med 3 prosent til 101 000 tonn og er konsentrert til dei 5 fylka Rogaland, Østfold, Hedmark, Nord- og Sør- Trøndelag. 90 prosent av produksjonen skjedde i desse fylka. Rogaland hadde den største delen av fjørfeproduksjonen med 28 prosent, medan Østfold og Hedmark stod for respektive 18 og 16 prosent.

Storfekjøt auka med 4 prosent

Av i alt 85 200 tonn storfekjøt blei 17 prosent produsert i Rogaland. Deretter følgde Oppland og Nord-Trøndelag, kvar med 16 prosent av storfekjøtproduksjonen.

27 000 tonn sauekjøt

Sauekjøtproduksjonen auka med 1 500 tonn til 27 000 tonn i 2017. Ein femtedel av dette kom frå Rogaland, medan 13 prosent kom frå Oppland. Fylka Hordaland, Sogn og Fjordane og Nordland hadde kvar for seg 9 prosent av sauekjøtproduksjonen.

Kontakt