Beitebruk og seterdrift
Publisert:
Frå 2019 til 2020 har talet på sauer på utmarksbeite gått ned frå 1,93 millionar til 1,91 millionar. Seterdrift har tidlegare hatt ein sentral rolle i landbruket, men i 2020 blei det registrert berre 781 setrer i drift, og berre 2,5 prosent av jordbruksbedriftene dreiv med seterdrift.
- Tala er henta frå
- Gardsbruk, jordbruksareal og husdyr
- Artikkelen er del av serien
- Jordbruk og miljø, 2021
Gjennom søknader om produksjonstilskot i jordbruket blir det gitt tilskot til to ordningar for dyr på beite. Eit tilskot blir gitt for dyr som går minst 5 veker på utmarksbeite og eit for dyr som går minst 12 veker på beite (16 veker i visse geografiske soner), uavhengig av om beitet er utmarksbeite eller innmarksbeite. Føremålet med ordningane er å oppnå god utnytting av ressursane på utmarksbeite og å stimulere til pleie av kulturlandskapet. Det er mogleg å få tilskot for begge ordningane for dei same dyra. Tilskota for 2020 utgjorde 658 millionar kroner for husdyr på minst 5 vekers utmarksbeite og 381millionar kroner for husdyr på minst 12 eller 16 vekers beite.
Færre sauer på utmarksbeite
Dei siste åra er det registrert ein nedgang i talet på sau på utmarksbeite, medan det er ein auke for storfe, geiter og hestar. For 2020 blei det gitt produksjonstilskot for totalt 2,2 millionar husdyr på minst 5 vekers utmarksbeite. Av dette utgjorde sauer og lam 1,9 millionar dyr. Storfe på utmarksbeite utgjorde om lag 249 000 dyr, medan geiter utgjorde 56 000 og hestar 8 500.
1 Omlegging av søknader om produksjonstilskot kan vere ei årsak til låge tal for registrerte beitedyr i 2017.
Figur 1. Indeks for utvikling i talet på husdyr med minst 5 veker på utmarksbeite¹. 1989=100
Storfe | Sauer og lam | Geiter og kje | Hestar over 1 år | |
1989 | 100 | 100 | 100 | 100 |
1990 | 104 | 102 | 101 | 101 |
1991 | 99 | 104 | 100 | 95 |
1992 | 98 | 106 | 100 | 93 |
1993 | 95 | 104 | 102 | 95 |
1994 | 93 | 109 | 99 | 100 |
1995 | 101 | 111 | 94 | 90 |
1996 | 91 | 111 | 93 | 92 |
1997 | 93 | 106 | 90 | 91 |
1998 | 91 | 104 | 87 | 89 |
1999 | 89 | 99 | 83 | 95 |
2000 | 85 | 100 | 80 | 90 |
2001 | 83 | 101 | 78 | 85 |
2002 | 84 | 103 | 77 | 90 |
2003 | 82 | 103 | 76 | 77 |
2004 | 84 | 103 | 76 | 84 |
2005 | 90 | 103 | 76 | 113 |
2006 | 84 | 99 | 73 | 115 |
2007 | 82 | 95 | 70 | 123 |
2008 | 84 | 94 | 67 | 131 |
2009 | 84 | 97 | 67 | 129 |
2010 | 86 | 97 | 67 | 136 |
2011 | 87 | 97 | 65 | 134 |
2012 | 89 | 94 | 63 | 131 |
2013 | 92 | 96 | 61 | 132 |
2014 | 92 | 97 | 62 | 137 |
2015 | 93 | 100 | 64 | 130 |
2016 | 95 | 104 | 68 | 128 |
2017¹ | 78 | 100 | 60 | 105 |
2018 | 88 | 100 | 64 | 117 |
2019 | 90 | 96 | 61 | 116 |
2020 | 93 | 95 | 65 | 122 |
Sjå fleire tal for husdyr på minst 5 vekers utmarksbeite
Også færre sauer på minst 12 vekers beite
Det blei gitt produksjonstilskot for totalt 2,9 millionar husdyr på beite i minst 12 veker (16 veker i visse geografiske soner) i 2020. Av dette var det 2,2 millionar sauer og lam, 608 100 storfe, 66 900 geiter og 23 800 hestar. Frå 2019 til 2020 minka talet på sau på beite med ein prosent, medan talet på storfe og geit på beite auka med knapt to prosent. Nesten alle sauene og geitene er på beite minst 12 eller 16 veker i sommarhalvåret. Av alle mjølkekyr og ammekyr var 86 prosent på sommarbeite i 2020. Ungdyr av storfe hadde den lågaste delen med 58 prosent på beite.
1 Omlegging av søknader om produksjonstilskot kan vere ei årsak til låge tal for registrerte beitedyr i 2017.
Figur 3. Husdyr med minst 12 (eller 16) veker på beite i prosent av husdyr i alt, etter husdyrslag
Geiter og kje | Sauer og lam | Hestar | Mjølkekyr og ammekyr | Ungdyr av storfe | |
2006 | 92.7 | 97.5 | 68.4 | 79.5 | 50.7 |
2007 | 95.0 | 98.4 | 82.8 | 83.4 | 53.4 |
2008 | 96.6 | 98.5 | 89.1 | 84.0 | 55.2 |
2009 | 96.6 | 98.9 | 91.3 | 84.4 | 55.6 |
2010 | 96.7 | 99.0 | 92.4 | 83.7 | 55.4 |
2011 | 96.5 | 98.9 | 92.9 | 83.1 | 55.6 |
2012 | 95.1 | 98.9 | 93.2 | 83.1 | 56.4 |
2013 | 95.7 | 98.8 | 95.5 | 82.5 | 58.3 |
2014 | 96.5 | 99.1 | 98.2 | 85.2 | 59.7 |
2015 | 98.2 | 99.1 | 96.8 | 85.2 | 60.0 |
2016 | 98.2 | 99.1 | 97.2 | 85.4 | 60.1 |
2017¹ | 98.3 | 95.7 | 83.6 | 83.3 | 55.1 |
2018 | 99.5 | 97.6 | 92.4 | 85.8 | 57.6 |
2019 | 100.0 | 96.9 | 92.7 | 86.6 | 58.4 |
2020 | 99.8 | 96.6 | 90.9 | 86.2 | 58.9 |
Organisert beitebruk
Gjennom ordninga Regionale miljøprogram (RMP) kan det givast tilskot til ei rekkje tiltak som skal vere med på å sikre miljøkvalitetar og kulturlandskap, og hindre erosjon og avrenning av næringsstoff til vatn. Ordninga opnar for at fylka kan støtte tiltak som er mest målretta i deira område, og som kan bidra til å hindre gjengroing og stimulere til beiting og betre opplevingskvaliteter i kulturlandskapet. Tiltaka skal bidra til å ta vare på det tradisjonelle kulturlandskapet utover det ein oppnår gjennom nasjonale ordningar. Beitelag kan få tilskot gjennom RMP til drift, tilsyn og sanking av dyr frå beite. Tilskotet skal gå til å fremme den organiserte bruken av beite gjennom fellestiltak, og føremålet med ordninga er å legge til rette for ei meir rasjonell utnytting av utmarka, og å redusere tap av dyr på beite.
Det kan også givast tilskot til ulike planleggings- og tilretteleggingstiltak for god og effektiv bruk av utmarksbeitene, slik som tidsavgrensa utprøving av nytt utstyr som kan bidra til effektiv og god beitebruk og prosjektretta arbeid for stimulering til auka beitebruk og rasjonell utnytting av beitene.
Tilskotet kan og givast til investeringar knytt til utmarksbeite, t.d. oppsetjing av sperregjerde, buer for gjetarar og utstyr for elektronisk overvaking av beitedyra.
I miljøtemaet Kulturlandskap i RMP blei det i 2020 utbetalt totalt 146 millionar kroner til 24 600 tiltak. Det blei gitt tilskot til mellom anna beiting på inn- og utmark, skjøtsel av bratt areal og anna verdfulle jordbrukslandskap samt beiting i område som er verna. Samla blei det gitt tilskot for 1,8 millionar beitedyr og 767 000 dekar areal til slått og beite. Tilskot til organisert beitebruk blei gitt til 1 200 tiltak i 2020, og samla utbetaling var 32,6 millionar kroner for 1,5 millionar beitedyr.
Slått og beite av lokalt verdfulle jordbrukslandskap i innmark og utmark fekk i alt eit tilskot på 40,6 millionar kroner for 2020. Det omfatta beite på 155 000 dekar innmark, og 81 000 dekar areal til slått. Det blei gitt tilskot til beiting av verdfulle jordbrukslandskap i utmark for 117 000 dyr.
Figur 4. Utvalde aktivitetsdata innanfor tema Kulturlandskap og Kulturminne og kulturmiljø i RMP. 2019 og 2020
År | Regionalt prioriterte kulturlandskap | Oppretthalde kulturlandskapet | Utvalde naturtypar | Prioriterte naturverdiar | Setring |
2020 | 117 | 31 | 12 | 34 | 46 |
2019 | 113 | 33 | 13 | 39 | 46 |
Kraftig reduksjon i seterdrifta
Seterdrift har hatt ei sentral rolle i landbrukets historie og skapt særeigne landskap i Noreg. Tidlegare var seterdrift svært omfattande, og tidleg på 1900-talet var det mange jordbruksbedrifter som hadde seter. Sidan midten på 1900-talet og fram til i dag har talet på jordbruksbedrifter med seter gått kraftig tilbake, men seterdrift er framleis eit viktig element i kulturlandskapet i fjellet i einskilde område av landet.
I 1949 var det 22 600 jordbruksbedrifter, eller 11 prosent av alle jordbruksbedriftene, som hadde eiga seter eller del i seter. I 1959 var dette talet redusert til 13 700 jordbruksbedrifter, eller 7 prosent av alle jordbruksbedriftene. 50 år etter, i 2009, hadde talet gått ned til 1 700 bedrifter, eller 3 prosent av alle jordbruksbedriftene. I 2020 var det 976 jordbruksbedrifter, eller 2,5 prosent av alle jordbruksbedrifter, som hadde seter eller del i seter.
Figur 5. Indeks for utvikling i talet på jordbruksbedrifter med seter eller del i seter. 1949=100
År | Jordbruksbedrifter i alt | Jordbruksbedrifter med seter eller del i seter |
1949 | 100.0 | 100.0 |
1959 | 92.9 | 60.4 |
1969 | 72.6 | 27.1 |
1979 | 58.7 | 13.5 |
1989 | 46.6 | 12.8 |
1999 | 33.1 | 12.1 |
2009 | 22.3 | 7.3 |
2019 | 18.3 | 4.6 |
2020 | 18.1 | 4.3 |
Berre 781 setrer i drift i 2020
I 1949 var det registrert 21 812 setrer i drift. Sidan 1949 har talet på setrer gått kraftig ned. I 2005 (første året med RMP-tilskot) var det 1 403 setrer. RMP-tala for 2020 viser at det var 781 setrer i drift. Desse 781 setrene fekk eit tilskot på 47,8 millionar kroner, dette utgjorde 75 prosent av alle tilskota under miljøtema «Kulturminner og kulturmiljøer» i 2020. I 2019 var det 821 setrer i drift som fekk eit tilskot på 46,2 millionar kroner.
I tala for 2019 og 2020 inngår «Besøksseter» som kom som eit eige tiltak i RMP i 2019. Hittil er det berre Trøndelag som har nytta dette. I 2019 og 2020 fekk tiltaket «Besøksseter» eit tilskot på høvesvis 1,4 og 1,3 millionar kroner.
Figur 6. Talet på setrer og jordbruksbedrifter med seter eller del i seter
2000 | 2001 | 2002 | 2003 | 2004 | 2005 | 2006 | 2007 | 2008 | 2009 | 2010 | 2011 | 2012 | 2013 | 2014 | 2015 | 2016 | 2017 | 2018 | 2019 | 2020 | |
Jordbruksbedrifter med seter eller del i seter | 2620 | 2439 | 2379 | 2290 | 2195 | 2017 | 1952 | 1900 | 1783 | 1658 | 1579 | 1508 | 1430 | 1295 | 1227 | 1172 | 1124 | 1099 | 1060 | 1034 | 976 |
Talet på setrer | 1403 | 1356 | 1339 | 1279 | 1197 | 1163 | 1112 | 1078 | 991 | 958 | 915 | 886 | 861 | 838 | 821 | 781 |
Mest seterdrift i Innlandet og Trøndelag
Det er naturleg nok fylka Innlandet og Trøndelag med mange beitedyr og store beiteområde som har flest jordbruksbedrifter med seterdrift. I 2020 hadde Innlandet 499 jordbruksbedrifter med 447 setrer i drift. Tilsvarande tal for Trøndelag var 181 bedrifter med 118 setrer i drift.
Faktaside
Kontakt
-
Anne Ingunn Løvberget
-
Berit Bjørlo
-
SSBs informasjonstjeneste