SSB ANALYSE 2018/13: Norsk fiskeri gjennom 80 år
Det har gått i bølgjer
Publisert:
Det siste tiåret har fiskarane årleg teke opp mellom to og tre gonger så mykje fisk som i mellomkrigsåra. Tida imellom har vore prega av overfiske, bestandskollaps og fleire og strengare forvaltingstiltak, men ikkje minst effektivisering og ei rivande teknisk utvikling.
- Artikkelen er del av serien
- Grønt skifte, 2018
I 1970- og 1980-åra var totalfangsten enda større enn i dag. Kva fiskeslag det er fiska mest av i dei ulike tiåra, har gått i bølgjer, ofte på grunn av at det er fiska for hardt av eitt fiskeslag i ein periode. Teknologisk utvikling og effektivisering har ført til at reguleringane av fisket har blitt mange og kompliserte, og at talet på fiskarar og fiskefartøy er kraftig redusert.
Fisk er ein fellesressurs
I prinsippet er fisken ein fellesressurs. Men alt i mellomkrigsåra byrja kapitalsterke personar å kjøpe fiskebåtar. Samstundes vart båtar og utstyr stadig betre, noko som utløyste krav om reguleringar av kven som fekk fiske og etter kvart kor mykje ein kunne fiske. Med åra er det vedteke stadig nye reguleringar:
- deltakartilgangar som regulerer kven som får fiske
- konsesjonar som mellom anna regulerer trålfiske
- kvotar som seier kor mykje ein får fiske.
Like fullt har vi hatt tilfelle av overfiske og bestandskollaps. Det har også vore dragningar mellom kystfiskeflåten, som har kort rekkjevidde, og dei større havfiskefartøya.
I denne artikkelen ser vi nærmare på:
Korleis har fangsten og totalbestanden av nokre av dei viktigaste fiskeslaga variert frå mellomkrigstida til no?
Vi forsøker å kaste lys over kva den teknologiske og økonomiske utviklinga har hatt å seie for fiskeria. Dessutan ser vi på korleis dette igjen har ført til endra lover og reguleringar som har påverka:
- fangstmengd
- bestandstal
- talet på fiskarar og fiskebåtar
Kapasitetsauke i åra før den andre verdskrigen
Då den andre verdskrigen tok til, var fiskeria inne i ein fangstteknisk utviklingsperiode. Snurpenota, i moderne båtar kalla ringnot, var teken i bruk i fisket etter sild, brisling og sei, og dei første norske trålarane kom i drift i 1936. Omlegginga til det effektive trålfisket vart derimot lenge bremsa av styresmaktene. Argumenta for det var mellom anna at meir effektivt fiske fekk sosiale følgjer om auka fangst gjorde at prisane på fisken gjekk ned. Dessutan var det ei kjensgjerning at trål ikkje høvde så godt langs kysten. I åra før krigsutbrotet vart det løyvd tilskot og lån til nybygging og reparasjon av kystflåten. Dette førte til stor auke i kapasiteten til kystflåten fram mot krigsutbrotet (Gerhardsen, 1945). Trass i dette gjekk det omsette utbytet frå fisket ned under den andre verdskrigen, slik det er vist i figur 1. Ein kombinasjon av færre fiskarar, stor reduksjon i effektiviteten og meir sjølvberging med det resultatet at fangsten ikkje vart seld, var hovudårsakene til denne nedgangen.
Kapitalinteressene skulle haldast på avstand
Alt i mellomkrigstida var det blitt vanleg at pengesterke folk kjøpte fiskebåtar, og dette auka på under andre verdskrigen (Kolle, 2005). Etter krigen vart det viktig for fiskarane å sikre at det var dei aktive fiskarane som skulle eige båtane. Resultatet var at det kom ei midlertidig lov i 1950 om eigedomsrett til fiskefartøy. Lova gav stort sett støtte til ønsket frå fiskarane om at berre aktive fiskarar kunne eige fiskefartøy. Denne lova kom under press då fiskeindustrien voks fram i Nord-Noreg. Med tida fekk industrien lov til å eige sine eigne ferskfisktrålarar innanfor klare grenser. I 1951 kom råfisklova, som skulle regulere førstehandsomsetjinga av fisk, skaldyr og småkval som vart ført i land i Noreg. Føremålet var mellom anna å sikre fiskarane jamn pris langs heile kysten. Det vart også lovfest at all fisk skulle omsetjast gjennom fiskarane sine eigne salslag. Dette hovudprinsippet står framleis ved lag, sjølv om salslaga har blitt færre med tida.
Figur 1. Fangst i alt frå norske fiskebåtar
1908 | 1910 | 1915 | 1918 | 1919 | 1920 | 1921 | 1922 | 1923 | 1924 | 1925 | 1926 | 1927 | 1928 | 1929 | 1930 | 1931 | 1932 | 1933 | 1934 | 1935 | 1936 | 1937 | 1938 | 1939 | 1940 | 1941 | 1942 | 1943 | 1944 | 1945 | 1946 | 1947 | 1948 | 1949 | 1950 | 1951 | 1952 | 1953 | 1954 | 1955 | 1956 | 1957 | 1958 | 1959 | 1960 | 1961 | 1962 | 1963 | 1964 | 1965 | 1966 | 1967 | 1968 | 1969 | 1970 | 1971 | 1972 | 1973 | 1974 | 1975 | 1976 | 1977 | 1978 | 1979 | 1980 | 1981 | 1982 | 1983 | 1984 | 1985 | 1986 | 1987 | 1988 | 1989 | 1990 | 1991 | 1992 | 1993 | 1994 | 1995 | 1996 | 1997 | 1998 | 1999 | 2000 | 2001 | 2002 | 2003 | 2004 | 2005 | 2006 | 2007 | 2008 | 2009 | 2010 | 2011 | 2012 | 2013 | 2014 | 2015 | 2016 | |
Tonn | 421266 | 529261 | 574731 | 611400 | 656709 | 483818 | 437728 | 562537 | 570952 | 617115 | 621989 | 798599 | 791800 | 894334 | 976341 | 994497 | 740388 | 910414 | 1055024 | 683293 | 880198 | 984429 | 870069 | 1017134 | 1001522 | 1023848 | 772111 | 718364 | 611587 | 618087 | 716622 | 818671 | 1031521 | 1317811 | 1084358 | 1278668 | 1668525 | 1669552 | 1398397 | 1904881 | 1646872 | 1986300 | 1573892 | 1238851 | 1365568 | 1342813 | 1322385 | 1123973 | 1189666 | 1414010 | 2079324 | 2655747 | 3036886 | 2607136 | 2234592 | 2707214 | 2810466 | 2910220 | 2720160 | 2397926 | 2305468 | 3179636 | 3402467 | 2586637 | 2650227 | 2400173 | 2538592 | 2484917 | 2812647 | 2440029 | 2083659 | 1864281 | 1892674 | 1749565 | 1788652 | 1591577 | 2007314 | 2429950 | 2414579 | 2365602 | 2523698 | 2649120 | 2862623 | 2860694 | 2629988 | 2698829 | 2686419 | 2739978 | 2548354 | 2523903 | 2392049 | 2255782 | 2393534 | 2436744 | 2537135 | 2679154 | 2298907 | 2139952 | 2089970 | 2313329 | 2334564 | 2065505 |
Rask modernisering av fiskeflåten i 1960-åra
I åra kring 1960 var fiskeria prega av rask modernisering. Fartøya vart større og kraftigare, og meir avansert utstyr som ekkolodd og sonarar gjorde at ein lettare fann fisken. På reiskapssida fekk ringnota mykje å seie. Utover i 1960-åra vart det bygd opp ein stor og effektiv flåte med ringnotsnurparar (Benum, 2015). Dette la eit aukande press på fiskeressursane, og fangsten av sild auka mykje i dette tiåret. Fiskarane sat no med utstyr som gjorde det mogeleg å fiske ned store bestandar på få år. Eit resultat var at bestanden av sild vart svært redusert, slik det kjem fram i figur 2, og det vart stadig meir naudsynt med strengare regulering. I 1972 kom ei ny lov om regulering av deltaking i fisket, også kalla konsesjonslova.
Figur 2. Totalbestand av utvalde fiskeslag
Torsk (nordaustarktisk) | Sild (norsk vårgytande) | Sei (frå 1960) | Lodde (Barentshavet, frå 1973) | Kolmule (frå 1981) | |
1946 | 4199000 | ||||
1947 | 3643000 | ||||
1948 | 3525000 | ||||
1949 | 3005000 | ||||
1950 | 2830000 | 19050000 | |||
1951 | 3651000 | 16712000 | |||
1952 | 4049000 | 19617000 | |||
1953 | 4124000 | 17089000 | |||
1954 | 4260000 | 18272000 | |||
1955 | 3565000 | 15618000 | |||
1956 | 3334000 | 13714000 | |||
1957 | 2817000 | 10993000 | |||
1958 | 2416000 | 9469000 | |||
1959 | 2763000 | 7638000 | |||
1960 | 2422000 | 6188000 | 686000 | ||
1961 | 2398000 | 7143000 | 662000 | ||
1962 | 2165000 | 6530000 | 724000 | ||
1963 | 1961000 | 6701000 | 833000 | ||
1964 | 1499000 | 5827000 | 814000 | ||
1965 | 1473000 | 5639000 | 855000 | ||
1966 | 2280000 | 4325000 | 824000 | ||
1967 | 2782000 | 2867000 | 800000 | ||
1968 | 3227000 | 966000 | 761000 | ||
1969 | 2744000 | 172000 | 870000 | ||
1970 | 2079000 | 86000 | 973000 | ||
1971 | 1629000 | 127000 | 956000 | ||
1972 | 1621000 | 83000 | 880000 | ||
1973 | 2275000 | 97000 | 847000 | 5144000 | |
1974 | 2209000 | 99000 | 736000 | 5733000 | |
1975 | 2115000 | 264000 | 615000 | 7806000 | |
1976 | 2014000 | 340000 | 543000 | 6417000 | |
1977 | 1976000 | 383000 | 477000 | 4796000 | |
1978 | 1596000 | 552000 | 417000 | 4247000 | |
1979 | 1110000 | 597000 | 409000 | 4162000 | |
1980 | 839000 | 696000 | 391000 | 6715000 | |
1981 | 962000 | 789000 | 442000 | 3895000 | 3345000 |
1982 | 736000 | 722000 | 398000 | 3779000 | 2778000 |
1983 | 708000 | 755000 | 408000 | 4230000 | 2884000 |
1984 | 810000 | 688000 | 323000 | 2964000 | 3063000 |
1985 | 988000 | 5565000 | 271000 | 860000 | 3203000 |
1986 | 1346000 | 1792000 | 264000 | 120000 | 3099000 |
1987 | 1207000 | 3398000 | 277000 | 101000 | 2802000 |
1988 | 1007000 | 3241000 | 293000 | 428000 | 2419000 |
1989 | 1005000 | 3594000 | 278000 | 864000 | 2395000 |
1990 | 1020000 | 3915000 | 270000 | 5831000 | 2520000 |
1991 | 1528000 | 4046000 | 355000 | 7287000 | 3233000 |
1992 | 1870000 | 4594000 | 464000 | 5150000 | 3537000 |
1993 | 2298000 | 5598000 | 530000 | 796000 | 3417000 |
1994 | 2098000 | 7439000 | 483000 | 200000 | 3402000 |
1995 | 1810000 | 8425000 | 585000 | 193000 | 3350000 |
1996 | 1681000 | 8605000 | 680000 | 503000 | 3705000 |
1997 | 1497000 | 8229000 | 723000 | 911000 | 5386000 |
1998 | 1268000 | 7054000 | 800000 | 2054000 | 6733000 |
1999 | 1148000 | 6551000 | 800000 | 2778000 | 7082000 |
2000 | 1178000 | 6445000 | 816000 | 4273000 | 7435000 |
2001 | 1456000 | 6013000 | 865000 | 3630000 | 9004000 |
2002 | 1615000 | 6235000 | 975000 | 2210000 | 10349000 |
2003 | 1716000 | 6714000 | 950000 | 533000 | 11814000 |
2004 | 1627000 | 9152000 | 988000 | 628000 | 10345000 |
2005 | 1560000 | 9500000 | 1067000 | 324000 | 8469000 |
2006 | 1569000 | 11012000 | 919000 | 787000 | 7654000 |
2007 | 1957000 | 10497000 | 876000 | 1879000 | 5669000 |
2008 | 2693000 | 10688000 | 752000 | 4426000 | 4382000 |
2009 | 3426000 | 9865000 | 695000 | 3756000 | 3444000 |
2010 | 3816000 | 8362000 | 711000 | 3500000 | 3707000 |
2011 | 4039000 | 7372000 | 592000 | 3708000 | 4341000 |
2012 | 4176000 | 6772000 | 607000 | 3586000 | 4953000 |
2013 | 4376000 | 6356000 | 632000 | 3956000 | 5393000 |
2014 | 3924000 | 5891000 | 695000 | 1949000 | 6418000 |
2015 | 3586000 | 5751000 | 679000 | 842000 | 7830000 |
2016 | 3035000 | 5411000 | 803000 | 328000 | 8473000 |
Lodda var redninga då sildebestanden kollapsa i 1969
Heilt fram til slutten av 1960-åra var silda den arten det vart fiska mest av, slik det kjem fram i figur 3. Sildefangsten kom i fleire år godt over 1 million tonn. Deretter følgde torskefisket som normalt låg rundt 250 000 tonn. Fisket etter lodde fekk først stort omfang etter at sildebestanden kollapsa i 1969 som følgje av overfiske. I 1969 vart det berre teke opp ein sjettedel av sildemengda som blei fiska i toppåra. I andre halvdelen av 1970-åra var den årlege fangsten av sild mindre enn 35 000 tonn.
Då silda vart borte langs kysten av Vestlandet og i Nordsjøen, var loddefiske utanfor Finnmark redninga for mange fiskarar. Det førte til at totalfangsten av lodde i 1970-åra nådde nye rekordar: 2,1 millionar tonn i 1977. Fråvær av sild, som vanlegvis tek hardt for seg av loddeyngelen, var truleg hovudårsaka til at loddebestanden auka. Men i 1985 kom det eit samanbrot i loddebestanden, og resten av tiåret var den årlege fangsten mindre enn ein femdel av det han hadde vore dei siste 15 åra. Forskarane meiner no at det ikkje var fisket som var den direkte årsaka til loddekollapsen. Silda får no hovudskulda. Ho kom med ein svært sterk årgang i 1983, som tok så kraftig for seg av loddeyngelen at rekrutteringa svikta heilt. Det er like fullt sannsynleg at eit for omfattande fiske seint på året i 1985 og vinteren 1986 kan ha gjort at det tok lengre tid å byggje opp att bestanden etter samanbrotet (Bogstad, Gjøsæter, Eriksen og Skaret, 2016). Loddefisket har enno ikkje teke seg opp att til gamle høgder. Bestanden har svinga mykje, og det har vore periodar med heilt stopp i fisket. I staden vart kolmule ein viktig art i åra etter at loddefisket fekk ein knekk. Sildebestanden auka frå midten av 1980-åra, og sildefisket tok seg også gradvis opp att.
Figur 3. Fangst av utvalde fiskeslag
Sei | Kolmule | Lodde | Sild | Torsk | |
1908 | 16924 | 0 | 0 | 191731 | 144923 |
1910 | 29172 | 0 | 0 | 259367 | 165808 |
1915 | 24304 | 0 | 101 | 282057 | 193715 |
1918 | 20790 | 0 | 1083 | 430116 | 91050 |
1919 | 19243 | 0 | 56 | 486157 | 104738 |
1920 | 14794 | 0 | 506 | 303623 | 115556 |
1921 | 14955 | 0 | 953 | 250058 | 124631 |
1922 | 14637 | 0 | 1855 | 326186 | 148997 |
1923 | 18618 | 0 | 1204 | 302346 | 174836 |
1924 | 16517 | 0 | 2156 | 275657 | 234181 |
1925 | 20088 | 0 | 2963 | 326190 | 180684 |
1926 | 20108 | 0 | 5092 | 384401 | 293767 |
1927 | 25042 | 0 | 238 | 436473 | 230900 |
1928 | 26209 | 0 | 821 | 557403 | 217965 |
1929 | 29193 | 0 | 2878 | 571726 | 255159 |
1930 | 25707 | 0 | 3533 | 642076 | 218969 |
1931 | 25621 | 0 | 9947 | 459575 | 149534 |
1932 | 31091 | 0 | 1864 | 580647 | 188021 |
1933 | 29124 | 0 | 12192 | 741964 | 166585 |
1934 | 27230 | 0 | 13686 | 372352 | 170736 |
1935 | 39873 | 0 | 7088 | 584110 | 154860 |
1936 | 42379 | 0 | 10552 | 654153 | 172726 |
1937 | 41936 | 0 | 10680 | 491003 | 210760 |
1938 | 36715 | 0 | 0 | 649854 | 218099 |
1939 | 36375 | 0 | 0 | 578829 | 270744 |
1940 | 39318 | 0 | 0 | 731277 | 178326 |
1941 | 38657 | 0 | 0 | 503038 | 158616 |
1942 | 48440 | 0 | 0 | 450680 | 137708 |
1943 | 39918 | 0 | 238 | 382633 | 111510 |
1944 | 28493 | 0 | 56 | 382746 | 137647 |
1945 | 19006 | 0 | 0 | 508142 | 119557 |
1946 | 28877 | 0 | 37 | 463607 | 214237 |
1947 | 41750 | 0 | 446 | 587573 | 269781 |
1948 | 58757 | 0 | 690 | 954869 | 178748 |
1949 | 61412 | 0 | 4011 | 719420 | 176065 |
1950 | 67682 | 0 | 3924 | 888718 | 195602 |
1951 | 57619 | 0 | 9986 | 1194304 | 249659 |
1952 | 63291 | 0 | 9305 | 1203015 | 232955 |
1953 | 77575 | 0 | 18780 | 946106 | 193680 |
1954 | 59693 | 0 | 30443 | 1460532 | 185513 |
1955 | 55014 | 0 | 41507 | 1132742 | 235850 |
1956 | 69334 | 0 | 66079 | 1372827 | 281923 |
1957 | 75864 | 0 | 70022 | 1009125 | 229469 |
1958 | 66472 | 0 | 91680 | 606348 | 256666 |
1959 | 80828 | 0 | 78967 | 715223 | 250834 |
1960 | 77864 | 0 | 92765 | 688086 | 213439 |
1961 | 66204 | 0 | 217167 | 542807 | 236431 |
1962 | 83165 | 0 | 363 | 556209 | 200277 |
1963 | 107627 | 0 | 28338 | 508661 | 191540 |
1964 | 144290 | 0 | 19626 | 735129 | 159394 |
1965 | 131170 | 0 | 217324 | 1077806 | 187525 |
1966 | 142578 | 0 | 379626 | 1184571 | 196999 |
1967 | 127813 | 0 | 402819 | 1213464 | 207953 |
1968 | 76102 | 0 | 522172 | 702857 | 260883 |
1969 | 91910 | 0 | 678935 | 186386 | 294469 |
1970 | 123166 | 0 | 1301014 | 283796 | 310033 |
1971 | 107933 | 0 | 1371154 | 233098 | 324240 |
1972 | 122536 | 0 | 1556369 | 151568 | 309367 |
1973 | 120264 | 0 | 1332119 | 144152 | 217958 |
1974 | 121898 | 0 | 1030158 | 74251 | 233775 |
1975 | 100510 | 0 | 980202 | 40188 | 235908 |
1976 | 112433 | 0 | 1972289 | 36540 | 279215 |
1977 | 156030 | 40109 | 2137200 | 20361 | 435846 |
1978 | 139955 | 117955 | 1280630 | 19803 | 403904 |
1979 | 160082 | 221378 | 1232177 | 10276 | 334635 |
1980 | 176962 | 134973 | 1118069 | 17261 | 281201 |
1981 | 222183 | 166702 | 1347258 | 22592 | 338882 |
1982 | 232345 | 170086 | 1152945 | 40044 | 344431 |
1983 | 230948 | 190228 | 1492672 | 68224 | 283897 |
1984 | 241309 | 212625 | 945567 | 157944 | 276376 |
1985 | 205988 | 233039 | 640810 | 239369 | 247760 |
1986 | 130567 | 280097 | 272632 | 330682 | 269551 |
1987 | 152163 | 193484 | 142414 | 346608 | 305205 |
1988 | 148369 | 209740 | 72671 | 338823 | 252424 |
1989 | 144500 | 265899 | 108329 | 274941 | 186353 |
1990 | 111907 | 284339 | 92436 | 207752 | 125182 |
1991 | 139911 | 119200 | 576324 | 200651 | 163868 |
1992 | 168161 | 154555 | 810457 | 227471 | 219097 |
1993 | 188365 | 199981 | 530401 | 352240 | 275239 |
1994 | 188869 | 226235 | 113393 | 549621 | 373578 |
1995 | 218853 | 261362 | 27740 | 686705 | 365333 |
1996 | 221638 | 356054 | 207706 | 763073 | 358395 |
1997 | 183451 | 348268 | 157889 | 923166 | 401277 |
1998 | 194452 | 570665 | 88226 | 831844 | 321429 |
1999 | 198387 | 534570 | 91813 | 829007 | 256554 |
2000 | 169728 | 553478 | 370769 | 800059 | 219197 |
2001 | 169558 | 573686 | 482834 | 581202 | 208977 |
2002 | 203052 | 557684 | 522349 | 573777 | 228096 |
2003 | 212228 | 851395 | 249497 | 563049 | 217362 |
2004 | 211267 | 958768 | 49054 | 616221 | 230746 |
2005 | 230567 | 738599 | 67339 | 748220 | 225775 |
2006 | 256856 | 642452 | 2047 | 710591 | 221299 |
2007 | 225464 | 539589 | 41098 | 884593 | 217789 |
2008 | 227295 | 418289 | 40907 | 1027873 | 215444 |
2009 | 202377 | 225996 | 233005 | 1077250 | 243659 |
2010 | 228114 | 194318 | 273782 | 923741 | 283481 |
2011 | 190344 | 20540 | 362368 | 633103 | 340167 |
2012 | 176471 | 118176 | 269159 | 610713 | 357951 |
2013 | 147691 | 196246 | 161553 | 507465 | 471316 |
2014 | 153833 | 399520 | 76683 | 407303 | 473478 |
2015 | 151508 | 489439 | 121827 | 313096 | 422242 |
2016 | 154136 | 310412 | 58239 | 351711 | 412567 |
Større havareal og meir ansvar frå 1977
Noreg vart femdobla i areal då landet i 1977 fekk råderetten over eit belte på 200 nautiske mil – 370 kilometer – rett ut frå kysten. Dette var resultatet av langvarige internasjonale tingingar i regi av Dei sameinte nasjonane (SN). Kvar kyststat fekk no eit sjølvstendig ansvar for å forvalte denne utvida økonomiske sona kring kysten. Tidlegare var prinsippet at havet ikkje høyrde til noko land, men at kvar kyststat hadde råderett over eit smalt belte på nokre få kilometer (5 nautiske mil). Med vår lange kyst fekk vi no ansvar for store havområde. Etter kvart vart det sett grenser for kvar, når og kor mykje fisk som kunne takast opp i dette store området.
Eit problem var gråsona, eit område der Russland og Noreg hadde delt ansvar. Først i 2010 vart det semje om ei delelinjeavtale som avløyste gråsoneavtala frå 1970-åra (Benum, 2015). Denne delen av Barentshavet er viktig leveområde for blant anna arktisk torsk. God bestandsforvalting frå både norsk og russisk side har vore avgjerande for å ta vare på den viktige nordaust-arktiske torskebestanden som gyt i Lofoten og utanfor Mørekysten.
Torskekrisa i slutten av 1980-åra fekk følgjer
Mot slutten av 1980-åra hadde torskebestanden blitt redusert, og styresmaktene såg det som naudsynt å regulere fisket i enda større grad. Fram til no hadde det berre vore havfisket som var regulert, men no slapp heller ikkje kystfiskarane unna. Kystfiskarane vart frå no av delte i to grupper, som blir kalla open og lukka gruppe. Det er stort sett fiskarar med fiske som attåtyrke som fiskar i open gruppe. For å hamne i den ettertrakta lukka gruppa måtte ein dokumentere ei viss fangstmengd i dei føregåande åra. Dei som ikkje kunne dokumentere dette, måtte dele på ei mindre kvote i open gruppe. Etter at desse reguleringane blei sette ut i livet, vart fisket meir enn halvert i eit par år.
Færre fiskarar og fiskefartøy
Sidan rett før andre verdskrigen har talet på fiskarar gått ned. Figur 4 viser også at talet på fiskebåtar med motor steig frå tidleg i 1930-åra fram til ein topp på litt over 41 000 båtar i 1961. Det var i byrjinga av 1960-åra effektiviseringa skaut fart for alvor, og etter det har også fiskebåtane blitt stadig færre. I midten av 1980-åra var talet på båtar redusert til 24 000, men berre halvparten hadde registrert fangstinntekt. Frå 1985 gjekk talet på registrerte båtar jamt nedover. Dei siste ti åra er det berre litt over 5 000 båtar som har hatt inntekt frå fiske, ein åttandepart av talet i byrjinga av 1960-åra. Årsaka til denne nedgangen er at stadig meir fisk blir teken av færre, men meir effektive og større båtar. Etter tusenårsskiftet vart det innført strukturkvoteordningar og driftsordningar som opna for at kvotar kan overførast mellom fartøy permanent eller kortsiktig.
1 Fiskebåtar med registrert fangstinntekt.
Figur 4. Fiskebåtar med motor
I alt | Aktive¹ | |
1945 | 30666 | |
1946 | 30900 | |
1947 | 32442 | |
1948 | 33384 | |
1949 | 34029 | |
1950 | 34491 | |
1951 | 35102 | |
1952 | 33586 | |
1953 | 35641 | |
1954 | 35196 | |
1955 | 36249 | |
1956 | 37320 | |
1957 | 38311 | |
1958 | 39527 | |
1959 | 40810 | |
1960 | 41433 | |
1961 | 41130 | |
1962 | 39682 | |
1963 | 39212 | |
1964 | 38599 | |
1965 | 39167 | |
1966 | 39895 | |
1967 | 40302 | |
1968 | 36286 | |
1969 | 36402 | |
1970 | 36201 | |
1971 | 30750 | |
1972 | 30996 | |
1973 | 26823 | |
1974 | 27832 | |
1975 | 28509 | |
1976 | 28585 | |
1977 | 24847 | |
1978 | 25180 | |
1979 | 25874 | |
1980 | 26504 | |
1981 | 26684 | |
1982 | 26733 | |
1983 | 26045 | |
1984 | 25564 | |
1985 | 24078 | 12771 |
1986 | 23078 | 11882 |
1987 | 22014 | 10988 |
1988 | 20935 | 9993 |
1989 | 18514 | 9574 |
1990 | 17392 | 10062 |
1991 | 17237 | 9961 |
1992 | 17069 | 10215 |
1993 | 16402 | 9945 |
1994 | 15212 | 9455 |
1995 | 14187 | 9157 |
1996 | 13932 | 8758 |
1997 | 13635 | 8207 |
1998 | 13250 | 8167 |
1999 | 13196 | 8297 |
2000 | 13016 | 8259 |
2001 | 11922 | 8169 |
2002 | 10641 | 7920 |
2003 | 9915 | 7651 |
2004 | 8189 | 6924 |
2005 | 7722 | 6426 |
2006 | 7300 | 5966 |
2007 | 7039 | 5743 |
2008 | 6785 | 5770 |
2009 | 6506 | 5434 |
2010 | 6309 | 5443 |
2011 | 6250 | 5417 |
2012 | 6211 | 5402 |
2013 | 6126 | 5188 |
2014 | 5939 | 5134 |
2015 | 5884 | 5100 |
2016 | 5947 | 5201 |
Dei sterke reguleringane av torskefisket etter krisa i slutten av 1980-åra førte til at enda færre kunne leve av å vere kystfiskar, og talet på fiskarar vart stadig mindre. Opplysningar frå Fiskarmanntalet viser at talet på dei som hadde fiske som hovudyrke, var blitt redusert frå over 68 000 i 1950 til litt over 20 000 i 1990. Frå 1990 er talet meir enn halvert, og det var 9 500 som hadde fiske som hovudyrke i 2016, slik figur 5 viser.
Figur 5. Fiskarar registrerte i Fiskarmanntalet
Hovudyrke | Attåtyrke | |
1945 | 73673 | 38731 |
1946 | 79176 | 39202 |
1947 | 78615 | 37316 |
1948 | 77685 | 36423 |
1949 | 0 | 0 |
1950 | 68149 | 30175 |
1951 | 67052 | 29481 |
1952 | 65956 | 28674 |
1953 | 66139 | 27801 |
1954 | 64418 | 27388 |
1955 | 63268 | 27231 |
1956 | 61334 | 25933 |
1957 | 57908 | 22561 |
1958 | 53512 | 22332 |
1959 | 51309 | 22547 |
1960 | 49720 | 20655 |
1961 | 44198 | 15183 |
1962 | 41231 | 15659 |
1963 | 40226 | 15069 |
1964 | 37505 | 13836 |
1965 | 36767 | 11878 |
1966 | 36924 | 14177 |
1967 | 36053 | 13092 |
1968 | 35384 | 12413 |
1969 | 33273 | 11699 |
1970 | 31884 | 11134 |
1971 | 30819 | 10562 |
1972 | 28194 | 10126 |
1973 | 26938 | 10599 |
1974 | 26392 | 10014 |
1975 | 25387 | 9874 |
1976 | 24790 | 8474 |
1977 | 24175 | 8414 |
1978 | 24680 | 8919 |
1979 | 24874 | 9081 |
1980 | 25140 | 9649 |
1981 | 25289 | 10022 |
1982 | 25289 | 10022 |
1983 | 22456 | 5849 |
1984 | 22861 | 6767 |
1985 | 22465 | 7101 |
1986 | 22619 | 7362 |
1987 | 22622 | 7293 |
1988 | 22047 | 7302 |
1989 | 21448 | 7207 |
1990 | 20475 | 7043 |
1991 | 20004 | 6963 |
1992 | 19780 | 6973 |
1993 | 19073 | 6324 |
1994 | 16446 | 6456 |
1995 | 17161 | 6491 |
1996 | 17087 | 6308 |
1997 | 16663 | 6254 |
1998 | 15140 | 6154 |
1999 | 15327 | 5933 |
2000 | 14264 | 5811 |
2001 | 13674 | 5221 |
2002 | 13841 | 4651 |
2003 | 13821 | 4830 |
2004 | 13150 | 4192 |
2005 | 12216 | 3316 |
2006 | 11475 | 3253 |
2007 | 11018 | 3016 |
2008 | 10619 | 2918 |
2009 | 10465 | 2764 |
2010 | 10325 | 2668 |
2011 | 10220 | 2548 |
2012 | 9825 | 2223 |
2013 | 9559 | 2052 |
2014 | 9386 | 1915 |
2015 | 9259 | 1871 |
2016 | 9426 | 1810 |
Fisk på børs i 1990-åra
I 1990-åra vart fiskerinæringa meir interessant for storkapitalen, og det voks fram fleire selskap som baserte seg på fisk. Dette førte til at lova om retten til å ta del i fiske og fangst frå 1972, deltakarlova, vart endra. Fiskarane skulle framleis få eige flåten sjølv, men fiskebåtreiarane vart no likestilte med fiskarane. Lova opna også for at fiskarane kan ta inn andre eigarar, men dei lyt sjølv eige over halvparten av fartøyet og kvota. Det er dessutan opna for å kunne gje dispensasjonar frå eigarkravet når det gjeld havfiskeflåten, men ikkje kystflåten. Desse prinsippa i deltakarlova gjeld i all hovudsak framleis.
Nedgang i fisket etter 2010
I tiåret vårt har fangsten av både sild, lodde og kolmule blitt noko mindre, medan torskefisket har vore bra. Samla fangstmengd i 2017 er på nivå med første halvdelen av 1990-åra. Den gongen var fangstmengda på veg opp etter å ha blitt kraftig redusert som følgje av kollapsen i loddebestanden midt i 1980-åra og torskekrisa på slutten av det same tiåret.
Kvotesystemet er under omlegging
Kvotesystemet har med tida blitt meir og meir innfløkt, og for nokre år sidan vart det sett ned eit utval som skulle kome med framlegg til eit enklare system. Utvalet foreslo blant anna at kvotane skulle bli evigvarande, og at strukturkvoteordninga, som opnar for overføring av kvotar mellom fartøy, skulle erstattast. Kva som blir resultatet av dette, er enno ikkje klart. Særleg er det framlegget om evigvarande kvotar det er usemje om. Fleire meiner at framlegget bryt med prinsippet om at fisken er ein felles ressurs.
Mange faktorar påverkar fiskebestanden
Sjølv om reguleringane er kompliserte, kvotane dyre og ikkje alle får fiske det dei vil, er dei fleste samde om at ressursane i havet må forvaltast ut frå eit føre-var-prinsipp. I takt med at utsyr og båtar har blitt meir effektive, har det kome nye reguleringar og kvoteordningar. Det kan vere vanskeleg å avgjere om endringar i bestandsstorleiken kjem frå fiske, eller om det har andre årsaker. Det er også slik at nedgang i bestanden av eit fiskeslag verkar inn på bestanden av andre fiskeslag. Det er derfor mange omsyn å ta når kvotane skal setjast. Prinsippet om at fiskarane og reiarane skal eige majoriteten av eigne båtar og kvotar, står framleis ved lag, sjølv om fiskeindustrien har fått somme dispensasjonar. Det er likevel ingen tvil om at det er den økonomiske og teknologiske utviklinga som har vore hovudårsaka til at vi hadde meir enn ti gonger så mange fiskarar i mellomkrigstida som vi har no, og at talet på fiskebåtar er redusert frå over 40 000 i 1960 til 6 000 i dag. Samstundes er fangstmengda meir en dobla frå 1930-åra, sjølv om fangsten var enda større i 1970- og 1980-åra.
Benum, E. (2005). Industrialisering av fiske og jordbruk. Henta frå http://www.norgeshistorie.no/oljealder-og-overflod/artikler/1940-industrialisering-av-fiske-og-jordbruk.html
Benum, E. (2005). Da havretten femdoblet Norge. Henta frå http://www.norgeshistorie.no/oljealder-og-overflod/artikler/1938-da-havretten-femdoblet-norge.html
Bogstad, B., Gjøsæter, H., Eriksen, E. & Skaret, G. (2016). Loddekollapsen held fram for andre år på rad. Henta frå https://forskning.no/meninger/kronikk/2016/11/ny-kollaps-gjer-det-ikkje-blir-loddefiske-i-barentshavet-neste-ar
Gerhardsen, G. M. (1945). Våre fiskerier under og etter krigen (Sak og samfunn nr. 7). Bergen: Chr. Michelsens Institutt for Vitenskap og Åndsfrihet.
Kolle, N. (2005, 8-9. juni). Konflikter i 100 år. Fiskaren (temabilaget «Norsk fiskerihistorie i 100 år»).
Nærings- og fiskeridepartementet. (2015). Konsesjonssystemet – generelt. Henta frå https://www.regjeringen.no/no/tema/mat-fiske-og-landbruk/fiskeri-og-havbruk/rad-1/fiskeri-ny/fiskeflaten-listeside/konsesjonssystemet--generelt/id418041/
Ørebech, P. (2015, 31. januar). Hva er en fiskekvote? Bladet Vesterålen. Henta frå http://www.blv.no/meninger/hva-er-en-fiskekvote-1.2011610
Faktaside
Kontakt
-
Trond Amund Steinset
-
SSBs informasjonstjeneste