Fisket verdt 21 milliardar kroner
Publisert:
Norske båtar leverte fangst verdt 21,2 milliardar kroner i 2019 – ein auke på 1,5 prosent frå året før. Torsk er framleis den mest verdifulle fisken.
- Tala er henta frå
- Fiskeri (avslutta i Statistisk sentralbyrå)
- Artikkelen er del av serien
- Fiskeri (arkiv)
Statistikken er lagt om, og kan ikkje samanliknast med tidlegare publiserte tal. Vi har derfor laga ein ny tidsserie frå og med 2014. Den førebelse fiskeristatistikken syner at fangstmengda av fisk, skaldyr, blautdyr, tang og tare gjekk ned med 7 prosent frå 2018 til 2019 .
1 *= Førebelse tal
Figur 1. Fangstmengd og -verdi frå norske båtar
1000 tonn | Mill.kr | |
2014 | 2468 | 14462 |
2015 | 2482 | 16962 |
2016 | 2235 | 18693 |
2017 | 2588 | 18647 |
2018 | 2665 | 20862 |
2019* | 2478 | 21166 |
Torskefisket mest verdifullt
Førstehandsverdien av torskefisket var 7,2 milliardar kroner i 2019. Det er ein nedgang på 1 prosent frå året før. I same periode fall fangstmengda 13 prosent, til 327 600 tonn.
Fangsten av torsk utgjorde 34 prosent av total førstehandsverdi og 13 prosent av total fangstmengd i 2019, og var som vanleg det viktigaste fisket målt i verdi.
Figur 2. Fangstverdi frå norske båtar, fordelt på fiskeslag. 2019. Førebelse tal
Fangstverdi (1000 kroner) | |
Sild 12% | 2573570 |
Djupvassreke 4% | 941737 |
Torsk 34% | 7192229 |
Sei 8% | 1649399 |
Kolmule 4% | 883368 |
Makrell 12% | 2508576 |
Annan fisk 26% | 5417220 |
Meir fangst av sild
I 2019 blei det fiska 561 300 tonn sild, 12 prosent meir enn året før. Førstehandsverdien auka med 19 prosent frå 2018 til 2019, til 2,6 milliardar kroner.
Sildefangsten utgjorde 23 prosent av total fangstmengd og 12 prosent av total førstehandsverdi i 2019 og var det viktigaste fisket målt i mengd.
Figur 3. Fangstmengd frå norske båtar, fordelt på fiskeslag. 2019. Førebelse tal
Fangstmend (tonn rund vekt) | |
Sild 23% | 561299 |
Djupvassreke 1% | 28035 |
Torsk 13% | 327648 |
Sei 8% | 194612 |
Kolmule 14% | 351292 |
Makrell 6% | 159104 |
Annan fisk 35% | 856369 |
I tillegg til norske landingar som er kommentert over, leverte utanlandske fartøy 279 500 tonn fisk og skaldyr i Noreg i 2019. Verdien av dei utanlandske landingane var 3,7 milliardar kroner.
Ny gruppering av artane
I den nye grupperinga er det spesifisert andre artar enn tidlegare, og det er gjort endringar i plassering i hovudgrupper for enkelte artar. Makroalgar (tang og tare) har ikkje tidlegare vore medrekna i statistikken, men er no teke med i eiga hovudgruppe.
Faktaside
Kontakt
-
Anne Turi Baklien
-
Terje Olav Rundtom
-
SSBs informasjonstjeneste