Gode engavlingar i 2019
Publisert:
Endret:
Engavlinga i 2019 var 3,2 millionar tonn rekna som tørt høy, og det er over 50 prosent meir enn avlinga som blei oppnådd under tørkesommaren året før.
- Tala er henta frå
- Potet- og grovfôravlingar
- Artikkelen er del av serien
- Potet- og grovfôravlingar (arkiv)
Førebelse tal frå statistikken Potet og grovfôravlingar viser at det ved førsteslåtten i 2019 blei hausta 4,5 millionar dekar eng, og ved etterslått 3,0 millionar dekar¹. I tillegg blei om lag 0,5 millionar dekar eng berre beita.
1 Omfattar all avling frå eng til slått omrekna via tørrstoff til høy.
Figur 1. Avling av eng til slått¹
2010 | 2011 | 2012 | 2013 | 2014 | 2015 | 2016 | 2017 | 2018 | 2019* | |
1000 tonn | 2393 | 2523 | 2713 | 2418 | 2825 | 3036 | 2808 | 2603 | 2047 | 3243 |
80 prosent som rundballar
Ved førsteslåtten ble 81 prosent av graset hausta som rundballar, medan 16 prosent blei lagt i silo. Ein like stor del blei lagt i silo ved etterslåtten, medan delen som vart hausta som rundballar auka til 83 prosent. Berre 3 prosent av graset frå førsteslåtten blei tørka som høy, og ved etterslåtten utgjorde høy berre 1 prosent.
Auka avling av andre grovfôrvekstar
Andre grovfôrvekstar enn eng blei dyrka på 107 000 dekar i 2019, ein nedgang på 3 prosent frå året før. Raigras og grønfôrblandingar av korn utgjorde kvar for seg 45 og 52 prosent av arealet av andre fôrvekstar. Samla avling av andre grovfôrvekstar var 171 300 tonn, der raigras utgjorde 56 prosent og kornvekstar til grønfôr 41 prosent av avlinga. Samanlikna med året før, auka avlinga av andre grovfôrvekstar med 47 prosent.
Meir poteter
I 2019 blei det hausta 332 200 tonn poteter, ein auke på knapt 2 prosent frå året før. Potetarealet utgjorde knapt 117 000 dekar i 2019, og gjennomsnittleg potetavling per dekar var 2 800 kilo.
Figur 2. Avling av poteter
År | 2010 | 2011 | 2012 | 2013 | 2014 | 2015 | 2016 | 2017 | 2018 | 2019* |
1000 tonn | 333 | 296 | 305 | 318 | 358 | 305 | 351 | 315 | 326 | 332 |
¹ Tall for etterslått rettet 20. februar 2020, kl. 09.25.
Faktaside
Kontakt
-
Berit Bjørlo
-
SSBs informasjonstjeneste