Gode potetavlingar i fjor

Publisert:

Førebelse tal viser at potetavlinga i 2016 nådde opp i 363 200 tonn – 19 prosent meir enn året før. Gjennomsnittsavlinga per dekar var 3 000 kilo i 2016 mot 2 600 kilo året før.

Figur 1

Figur 1.  Avling av poteter

Engavlinga i 2016 var 2,87 millionar tonn rekna som tørt høy, og det er 5,6 prosent lågare enn året før. Gjennomsnittsavlinga per dekar var 681 kilo i 2016 mot 708 kilo året før.

Figur 2

Figur 2. Avling av eng til slått¹

Ved første slåtten i 2016 blei det hausta 4,2 millionar dekar eng, og ved etterslått 3,3 millionar dekar. I tillegg blei vel 0,7 millionar dekar eng berre beita. Ved førsteslåtten blei 18 prosent av graset lagt i silo, medan 79 prosent blei hausta som silo i rundballar. Ved etterslåtten blei 17 prosent lagt i silo, medan delen som blei hausta som rundballar, auka til 82 prosent. Graset frå 3 prosent av engarealet ved førsteslåtten blei tørka som høy, medan høy berre utgjorde 1 prosent av etterslåtten.

Figur 3

Figur 3. Avling per dekar av eng til slått¹, rekna som tørt høy

 

Det blei dyrka andre grovfôrvekstar enn eng på 90 400 dekar i 2016. Raigras og grønfôrblandingar med korn utgjorde kvar for seg 44 og 53 prosent av arealet av andre fôrvekstar. Samla avling av andre grovfôrvekstar var 192 200 tonn, der raigras utgjorde 56 og kornvekstar 39 prosent av avlinga.

Figur 4

Figur 4. Avling per dekar av poteter

Kontakt